Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15

Kjent og elska

Publisert 25. April 2020
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i fest og i kvardagar som fekk lite fest over seg.

11 Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. 14 Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.

Me tek ansvar for oss sjølv og dei andre!
I desse dagane gjer me det så sterkt at til og med konfirmasjonsfestane må utsetjast.  Russen må venta.  Folkehøgskuleåret får ikkje knalla til med skikkeleg avslutning og ha det. Nå veit me det med heile skrotten.  Kva det kan innebera å ta ansvar for oss sjølv og andre.  På godt og på vanskeleg.

I bibelteksten som skulle ha vore til unge i kvite kappar og folk i bunad og dress, handlar det også om ansvar.  Ei helsing frå Jesus.  At han tek ansvar for oss.  Både i fest og i kvardagar som fekk lite fest over seg. Han seier noko han vil vera for oss:

«Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene». 
Jesus elskar.  Du er elska.  Så høgt at den gode gjetaren set livet til for alle sine. 

Høgt elska
Jesus er ikkje ute etter å verva deg til si sak eller til sin organisasjon.  Han elskar deg.  Så høgt at han vil berga deg.  Når du er meir ulv enn lam – for det er me rett som det er - vil han tilgje og gje ny start.  Når du vert lokka og blinda så du ser og høyrer for mykje på dårlege veiledarar, vil han vera idealet ditt.  Det er større og viktigare å setja andre før seg sjølv.  Det gjev ei djupare glede.  Jesus sette rett og slett livet til.  Slik vil han vera frelsaren din og tilgje. Slik vil han vera vegviseren din, gje deg håp og gode verdiar å leva etter.

Fullt ut kjent
Og så kjenner han deg. «Eg kjenner mine, og mine kjenner meg.»
Kvar einaste ein av oss er kjent av Jesus.  Med alt som bur i oss, med alt som har gjort oss til dei me er.  Med alt me bekymrar oss for og gled oss over.  Du er kjent. Og du er elska.  Det gode ansvaret tek han for deg.  For mange av oss gjev det ein himmel over livet som gjer det viktigare og lettare å ta ansvar for seg og andre. Same kva det er, same kor krevande dagane er!

Bøn
Evige Gud og skapar, du har gitt oss livet i gåve.
Jesus, du elskar oss som vi er
og kjenner vår glede og smerte, håp og sakn.

Hjelp oss å følgja deg.
Lær oss å ta ansvar for oss sjølv og andre,
Også når me må ta ansvar ved å halda avstand.

Ver nær hos alle unge som har fått viktige deler av livet sitt på vent.
Me bed for heile verda si framtid.
Gje alle som er unge tru, håp og kjærleik i blikket sitt.

Arkiv alle preiker
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone