Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14

Lyset i mørkret

Publisert 26. Desember 2020
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.

Ein av desse setningane i den mektige prologen til Johannesevangeliet har fulgt meg ekstra dette året. Det måtte kanskje verta akkurat denne setningen. For me alle har opplevd eit år og ei jul utan sidestykke. Eit år med pandemi. Ei jul med å halda avstand på ein måte som kjennest veldig fjernt.  Eit år der nærhet har håndbrekket på, og spor av håp har vore kjærkomne.

Det andre namnet
Setningen som har fulgt meg, er prega av ekstra stunder med lesing dette året.  Etter ein prat med Margrete Orre på Norli, måtte ei av bøkene verta av den store norske nålevande dramatikeren, Jon Fosse. Boka «Det andre namnet». Veldig særeigne ord, som set på sporet mot Ordet med stor O.  Det som vart menneske. Det som for alltid har endra det å vera menneske.

Jon Fosse sin hovedperson i boka er kunstmalar.  Kunstmalaren skildrar korleis julafta er den verste dagen i året.  Det einaste han klarar, er å mala som besett, for å halda dei vonde kjenslene på avstand. Og kva han er oppteken av, i maleriet sitt og på julafta?  Her kjem eit lite utdrag av ord til Ordet:

Julaftan
«…og eg ser biletet som lys og mørker, og eg ser om det lyser frå biletet, og kvar, og korleis, og alltid, alltid er det mørkret i biletet som lyser mest, og eg tenkjer at det kanskje er av di at det er i fortvilinga, i mørkret, at Gud er nærast, men korleis det lyset eg tydeleg nok målar kom inn i biletet, nei ikkje veit eg, og korleis det kjem til, nei, det skjønar eg ikkje, men eg tenkjer at det er fint å tenkja på at det kanskje kom til slik, at det kom til då ein lausunge, dei seier, vart fødd i ei løe ein vinterdag, ja på julaftan, og at ei stjerne då sende sitt sterke klåre lys til jord, eit lys frå Gud, ja det er ein vakker tanke, tenkjer eg, for sjølve ordet Gud seier at Gud er til, tenkjer eg, berre det at ein har ordet og omgrepet Gud tyder at Gud er til, tenkjer eg, eller same korleis det no er med det så er det i alle fall ein tanke som kan tenkjast, det òg, ja om ikkje meir enn det, men sikkert er det at det er når det er som mørkast, som svartast, at lys kan sjåast, det er då dette lyset kan sjåast, så at mørkret er lysande, ja, ja i mitt liv har det i alle fall vore slik at det er når det har vore som mørkast at lys har synt seg, og då har mørkret byrja å lysa, og slik er det kanskje òg i bileta eg målar, i alle fall vonar eg det….»

Lyset i mørkret
I 2020 har eg bore med meg desse orda.  Kjent sterkare enn før at lyset i den kristne trua, er lys i mørke, lys nettopp der det er mørkt. Trua og håpet er ikkje ein annan plass enn midt i det krevande livet.  Altfor mange gonger dette året har mørket vore svart, uventa sorg, innforbi ei dør eg har ringt på, kome i hus til og vorte ein medvandrar i.  Og i går på julaftan var det kolossalt med folk på Time kyrkjegard.  Eit lyshav frå gravsteinane lyste opp kveldinga og julenatta.  Mange har vore i same modus som meg dette året.

Nå veit de sikkert kva setning i Johannesprologen som har fulgt meg mot jul. Og eg har visst at den må vera med inn i sentrum av denne høgtida i kyrkja med den vakre musikken, det djupaste mysteriet, den merkbare undringa, den tilbedande lovsangen. Joh.1,5.  Setningen som også har tydelege spor i glasmaleriet i kyrkja: «Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.

For det lyset Johannesevangeliet skildrar, er Jesus.  I ord og handlingar er han Gud hos oss, slik me kan merka det sterkast i det som mørkt.  Personen Gud, ikkje bare omgrepet Gud. Lyset. For ingenting av det mørke er han framande for. Ingenting av det som er mørkt, kan overvinna lyset.  Jesus er hos oss, han er for oss, han er framfor oss, han er håpet rundt neste sving.

Julenatt i "Dronningssagaen"
Eit anna litteraturglimt om noko av det same.  I boka «Dronningssagaen» fortel Vera Henriksen om Kefse, ein irsk prestevia høvdingsson som vert trell i Norge rundt år 1000 og lever blant trellar til det vert klart kven han eigentleg er.  Han vert frigitt. På julenatta vert han henta av dei andre trellane som har samla seg i hemmelighet på eit mørkt loft og vil høyra og spørja og grava om det som skjedde julenatt.

Og der på trevet over stallen på garden - i stummande mørke - vert den hellige natta i Betlehem til ei ny, hellig natt.  Menneske som erfarer eit vanskeleg liv får ny verdighet og nytt mot i samtalen om himmelkongen som vart fødd i ein stall. Det vert klart for dei at kongen vart fødd i stallen fordi han ville vera ein tenar - som dei – men frivillig. Sannheten slår ned i dei at himmelens konge lir med dei som lir.  Dei anar at den kjærleiken som førte Jesus til stallen og til korset, den kan ikkje bruka makt for å gjera ende på det som er vondt og urettferdig, på forskjellar mellom rik og fattig, træl og fri.  Men kjærleiken hans kan gjera noko med menneskesinnet, kan gje verdighet midt i uverdighet, kan gje gleda over å vera elska av Gud om menneske foraktar, kan gje håp om ein dag då også herrane på jorda ser kor Gud er, kven Gud solidariserer seg med, korleis Gud vil at hans vilje skal skje på jorda slik som i himmelen.

Lys inn i mørke krokar
Ja, samtalen ender med at Kefse sjølv får eit møte med si eiga fortid, på bitterheten over dei som gjorde han til trell. Julenatta på stalltrevet vert ei natt som skaper forandring, ei natt med håp i det som er fastlåst, ei natt med bønn om at han som vart fødd i ein stall må hjelpa dei alle.
«Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. Kan ikkje!

Slik har eg lyst til å helsa kvar enkelt denne juledagen, om livet er lyst eller grått eller mørkt for tida: Gud har vorte menneske. Lyset skin i mørkret. Opnar me ei av dei dørene som faktisk er våre, så stig han inn i dei mørkaste krokane i livet og ominnreiar til ein bolig for seg.  For Ordet vart mennesket og tok bustad mellom oss, ja tek bustad.

I Jesu føderom
Nokre av oss har stått i fødselsgrotta i den gamle kyrkja i Betlehem og sunge «Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom». Sterkt! Om det er mykje utsmykning og staffasje der, så kan det ikkje ta vekk at Jesu føderom var det enklaste og fattigaste. Og at brua går bein og kort til det ganske fattige hjarterommet vårt. 

Spør me: Kor er du Gud, du virkar så fjern?  Jesu føderom svarar:  Så nær deg det går an.  Så nær at eg vart celler og kropp i eit morsliv og fødd til å leva det livet du lever.

Spør me:  Kven er du Gud, du er så vanskeleg å sjå og få grep på?  Jesu føderom svarar.  Nå har verda fått sjå ansiktet mitt og hjerteslaga mine. Hendene som grip om halm og strå, skal snart røra ved spedalske og reisa opp lamme. Munnen som skrik etter melk, skal snart læra å bruka ord som malar himmel over livet.

Spør me:  Kvifor Gud, grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt?  Jesu føderom svarar: Har du nokon gong sett at det vonde vart fjerna med makt, uten sår?   Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.

Ja til trua og håpet!
Det er bare å spørja!  Det er bare å koma med hjarta som det er.  Det er slik det skal vanka i Jesu føderom.  For hjarta er ærleg. 

Så eg spør om sorga og skulda mi. Om hjartekulden og mørke tankar. Og skimtar korset sitt forsoningsverk i krybba sine grove plankar.  Eg spør om dei store globale utfordringane med klima, miljø, fredspørsmål og fordeling av ressursar. Og skimtar håpet om han som kjem med ny himmel og ny jord.  Jesu føderom seier ja til livet, ja til skaparverket, ja til dei fattige, ja til same ukrenkeleg verdi for kvar skapning. Ja til håpet!

I Jesu føderom, der samles mine tanker som i sin hovedsum. Og trur og håpar: «Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.

Arkiv alle preiker
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone