Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6

Eit bål for framtid

Publisert 08. Februar 2021
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?

Er det ikkje flott korleis bål kan lysa opp?  Trekkja oss til seg! Varma oss!  Få oss til å smila.  Gjera det lunt inni oss.  I dag lyser båla her og over heile kommunen.  Fortel at det er liv i oss og kyrkjene og det kristne fellesskapet her me bur.  Det er fint!  Det er eit bål som lyser opp og varmer.  Og de er jo bålet!

Me treng det faktisk.  For me er i ei vanskeleg tid og har vore det lenge.  Og nå skal eg snart lesa om eit brennande bål i Bibelen.  Eit som lyste opp i ei vanskeleg tid.

Det er noko ekstra fint med det bålet.  For det er Gud som tenner det.  Då er det endå finare enn når me gjer det.  For då er det ikkje bare me som minner kvarandre om ei betre framtid.  Det er Gud som lovar betre framtid.  Og gjer noko med det.  For ein enkeltperson og for eit heilt folk.

Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb.  2 Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken sto i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden.  3 Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?»  4 Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.»  5 Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.»  6 Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud.

Moses hadde det ganske kjipt.
Han måtte halda avstand.  Han var ikkje midt i ein pandemi, men han måtte halda avstand for å berga livet.  Han måtte ordna seg ein måte å leva på som var veldig langt frå det han var oppvaksen med og hadde lyst til å vera i.

Skal me sjå han føre oss.  Sliten og lei av å vera ein annan plass enn der han ville.  Slik mange av oss er nå.  Med å halda mykje større avstand enn me er skapte til.  Å kjenna på utrygghet og lura på kor lenge det varer. 

Kva hadde hendt med Moses?
Dei fleste her veit.  Har kanskje sett animasjonsfilmen «Prinsen i Egypt».  Moses som fekk veksa opp i palasset til farao i Egypt og gå heim og få morsmelk i sin eigen slavefamilie sitt skur.  Ein dag vart han så lei og trøtt og sint for folket som vart tvinga til å arbeida for egyptarane.  Han tok livet av ein egyptar som piska ein av Moses sine landsmenn, ein israelitt. 

Og Moses måtte flykta frå farao, frå det gode livet han hadde, langt ut i ørkenen.
Han prøvde å ordna seg så godt han kunne.  Han også fekk ein familie han kunne vera med. Klemma og vera nær. Men ikkje med folket sitt.  Ikkje der han høyrde til.  Og folket hans hadde det verkeleg vanskeleg for tida.  Dei var slavar.  Ikkje av eit virus som herja, men av mektige folk som ville utnytta dei.  Lite framtid å sjå.

Moses hadde det ganske kjipt. 
Men plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?

Skal det skje noko nytt i livet hans?  Skal me våga å tenkja noko nytt og godt i livet vårt også – her ved desse båla som lyser i heile kommunen?

Moses må i alle fall bort og sjå.  Det som brenn, trekkjer han til seg.  Møter han det hellige her i ein vrien kvardag? Ja, visst. Han møter Den hellige. Gud.  Det er ikkje bare eit syn, men ein stemme.  Ikkje bare for auga, men for øyra.  «Moses, Moses!»  Han må svara, ikkje flykta ennå ein gong: «Her er eg». 

Og så får han høyra.  Korleis me nærmar oss det heilage.  Av med skoa. Men ikkje gjer det her i frosten!

Respekt, Moses!  Gud er Gud.  Den heilage og trufaste.  Abraham, Isak og Jakob sin Gud.  Nå Moses sin. Gud ser det som Moses har sett.  Gud lir og ynkar seg over den uretten Moses sto opp mot og nå er svidd og brent av.

Gud har noko han vil utretta.  Slavar skal verta frie.  Bundne skal løysast.  Eit nytt Guds folk skal få ei framtid der dei er trygge og frie, med gode bud å følgja. Dei skal få gå til eit nytt land og feira gudsteneste på ein ny måte, i takk og i fred.

De kan historien.  Den ende med at Moses gjekk, og hadde Gud med seg i det han var og gjorde.  Og folket vart frie frå slaveriet. 

I dag har me sjølv tent bål her.  Me trur at Gud er den same.  Me trur at det kjem ei framtid der det som er kjipt, er over.  Me skal klemma uhemma.  Me skal vera frie frå pandemien sitt slaveri.  Me skal venta med ny gleda på den dagen då heller ikkje synd og forgjengeleghet skal herja og gjera oss ufrie.  Me skal fylla kyrkjehusa med ny glede.  Me skal tenna bål av gamle glør. 

Me skal bare halda ut litt til…
Og i mens?  Jau, me er sendt slik som Moses med gode meldingar frå Gud til dei som er rundt oss.  For det er mange gode måtar å vera sendt som kyrkje, mens me ventar på at me kan samlast til fritt fellesskap.  Og vera ferdig med dette kjipe!

Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone