Mega ekstase!Foto: kaizers.no
Markus 5,35-43

Mega ekstase!

Av: Stein Ødegård
Publisert 16. September 2013
På 12 år, like lenge som jenta i teksten levde, har Kaizers Orchestra skapt sitt eige tekst- og musikkunivers. Dei har vorte folkeeie slik at ein haug med folk elskar noko dei ikkje visste at dei likte...

Bibeltekst: Markus 5,35-43
Dag: 17.s. i treeiningstida
Kyrkje: Bryne
Dato: 15.09.2013
Tema: Konf.pres og 4 dåpsbarn

Her er noko me kan sjå føre oss:  Jesus går rundt med disiplane sine og gjer godt, han helbredar sjuke, viser kven Gud er, snakkar med folk og underviser.  Det er vanleg at folk kjem til han med det som plagar dei.  Ein dag kjem ein som er vant med å ta andre med til eit møte med Gud, ein som er leder og forstandar i ein synagoge.   Me ser det på skjerm, det som nokre nå sikkert vil teikna og fargeleggja… 

Synagogeforstandaren kjem til Jesus med den største fortvilelsen ein far kan ha.  Markusevg fortel at han kastar seg ned for Jesus sine føter og bed inderleg: «Veslejenta mi held på å døy.  Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.»

Jesus gjekk med han.  Og så skjer det, det som me høyrer i  teksten for i dag:

Det kom folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?»36 Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»37 Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob.38 Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg,39 gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.»40 Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg.41 Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!»42 Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring.43 Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.

Tenk å ha vore der og sett dette!  Fått det live. Jesus trøstar ein knust far: «Ver ikkje redd, berre tru!  Jesus tek den litle jenta i  hånda: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» Ei hånd utan kraft og liv vert lukka inn i den hånda som har mest kraft og liv i seg.  Varmen frå Gud si hånd på jorda får blodet i ein liten kropp til å strøyma på nytt, så hjarta vil slå og føter vil gå, magen vil ha mat og foreldre har fått dotter si i gåve på nytt, 12 år etter fødselsunderet.  Død har vorte til liv!

For ein historie!  Tenk å ha vore der og sett dette!  Den nye bibeloversettelsen seier at folk vart frå seg av undring, og det kan ikkje vera eit ord for sterkt, for eg måtte jo sjekka grunnteksten på gresk til ein konfirmantflokk med mykje vit. På gresk står det to ord som eg trur de forstår: Megàle ekstàsei.  Mega ekstase!  Tenk å ha vore der og sett oppstandelsen, då alle trudde teppet hadde rulla ned for siste gong og eit liv var over for alltid.

Så då svitsjar eg like greitt til DnB Arena dei to siste vekene.  Kaizers Orchestra har spelt opp til siste dans.  45000 har fått med seg tidenes serie med avskjedskonsertar. I går kveld gjekk teppet ned for siste gong.  Duale trist og mega ekstase på ein gong.  Bandet frå Bryne har trossa alle odds, sprengt dei fleste musikksjangrar. På 12 år, like lenge som jenta i teksten levde,  har dei skapt sitt eige tekst- og musikkunivers. Dei har vorte folkeeie slik at ein haug med folk elskar noko dei ikkje visste at dei likte. 

Til og med her i kyrkja tok me ein Kaizersvariant på medarbeiderfesten i vår, med orgel og lampe og foto og maske og ropert.  Ryktene seier at noko er på gang til hausttakkefesten om to veker også.  Til og med sønene til presten booka siste kveld og kom heim frå Oslo for å få med aller siste dans og teppefall.  Eg forlangte å sjå oppsynet på dei før gudstenesten for finna ut om dei gløda eller grein, om det var magisk eller tåresprengt.  De kan jo lura….

I allfall: Eit liveband frå Bryne har avslutta siste akt i universet sitt. Dei har steppa siste dans og dunka inn siste rytmar og tonar.  Alle spør:  Skal Kaizers gjenoppstå?  Er pause = lang pause = aldri meir?  Skal Kaizers stå opp igjen til nytt liv?  Det er muleg. Me veit ikkje.  Det avheng av 6 personar som nå har tenkt å leva eit anna liv, knyta nye bånd, forplikta seg i nye relasjonar og leva i eit anna miljø enn Kaizersuniverset.  Vil dei gjenoppstå nokon gong?

Korleis er det: Skal ei lita, død jente på 12 år stå opp igjen? Ingen visste, dei fleste tvilte og skrattlo då Jesus sa at døden bare var søvn.  Nokre håpa at Jesus skulle gjera ho frisk før ho døde.  Men om dei heilt klarte å tru etter at ho var død….  Kanskje nokre trudde mot alle odds.  Det er muleg.

Kva tenkjer me: Skal dei som trur på Jesus, stå opp til nytt liv? Etter at døden har ribba med seg alt det som var før?  Når siste dans definitivt er over?  Teppet er trekt føre sjølve livet si føre-stilling.  Skal kristne gjenoppstå? Teksten for i dag seier at det er meir enn muleg.  Det avheng ikkje som med Kaizers på 6 familiar sine planar. Eller på valg me gjer eller ein slags kvalitet i oss.

Det heng på Jesus.  Han som kunne ta ei lita jente i hånda og føra si kraft inn i blodet og cellene i kroppen hennar.  Han som kunne ropa vennen Lasarus ut av grava etter 4 dagar og gje ei enke i Nain sonen tilbake på vegen til gravferda. Det nye testamentet gjev oss desse glimta av Jesus.  Av helsinga hans:  «Ver ikkje redd, berre tru!»  Han som påskedag knuste døden si makt, sto opp av si grav og gjev oss eit stort håp over våre graver.

Skal me stå opp igjen etter døden?  Det heng heilt opplagt på Jesus, på det han vil, på det han kan, på det han har gjort, på det han vil gjera.

Eg kunne ha sagt:  Me får venta og sjå.  Men eg seier meir. Dette startar nå!  Det begynnar med å koma til Jesus med livet vårt.  Livet er jo nå!  Me former og skapar livet med valg me gjer.  Vårt liv sitt univers som er like unikt som Kaizers sitt.  Me er i ulike fasar.  Små dåpsbarn, ungdommar som finn seg sjølv, foreldre som passerar ein terskel når dei får eit barn og ein tenåring i huset. Vaksne som modnar erfaringane sine til eit liv som heng i hop.  Ingen bommar på livsprosjektet sitt når dei går til Jesus med det.  Med å takka for alt som er godt og stort.  Med å spørja og sørgja i det vanskelege.  Du skal leva med å takka han som har gitt deg livet.  Du skal mestra dei tøffe utfordringane i livet med å velja å gå til Jesus med dei, snakka med han om dei, be han leda deg i dei, be han visa seg for deg når du er usikker på om han er der og kor vegen skal gå.

Ein far var bånn fortvila.  Han trong noko større enn seg sjølv, om han var aldri så mykje åndeleg leder i synagogeforsamlinga.  Kanskje tenkte han:  Kan eg bry Jesus med dette?  Kan det nytta? Jenta er dødssjuk!  Men nøden var så stor at han heiv seg på kne,  for alle sine auge oppsøkte han Jesus og trygla om hjelp, laga snakkis rundt seg.  Han tok sjansen på alt, for det som betydde mest i livet. Han fant ut at Jesus var Mesteren fordi han gjekk til han med det viktigaste og det vanskelegaste.

De konfirmantar begynnar på eit år med dei to viktigaste spørsmåla i livet:  Kva kan du gjera for meg, Jesus?  Kva kan eg gjera for deg?  Me skal vera fleire ihop om å stilla spørsmåla.  De får gode og trygge ledarar og veiledarar rundt dykk.  Men til slutt er det du som skal stilla spørsmåla og leita etter svara.  Du skal ta sjansen på å finna ut.  For dette er så viktig at du må snakka med den beste om det.  Liv og død angår oss så sterkt!

Ingenting angår oss meir enn liv og død.  Når eit barn vert fødd, når me sit der med dette underet av eit liv i fanget,  då vert me så overvelda av glede og ærefrykt for livet at mange av oss misser munn og mæle.  Og like djuptgripande vert sorga når me i motsett ende må sjå i augene at nå har liv gått tapt, eller nå heng livet i tynn tråd, alderdommen krev sitt, sjukdom kom snikande som ein fiende, livsmotet slokna, ulukka er bare ei halv vegbreidde unna.

Ingenting angår oss meir enn liv og død.

Det angår så mykje at dei fleste av oss er villig til å betala mest kva som helst for å berga og forlenga livet. Tøya grensene for det som helsevesen og nye regjeringar og skatten kan makta.  Eller me vil pirra grensene mellom livet og døden. Eit spiritistisk medium fylte Stavanger konserthus for eit par veke sidan og ga inntrykk av å kommunisera med sørgjande sine døde venner og familiemedlemmar. Sjølvsagt kosta det pengar. 

Men vanleg sorg og ekte håp skal ikkje kosta pengar.

Heilt gratis kan me oppsøkja livet sin Mester og Herre.  Koma med alt til Jesus.  Det er ikkje å bry han.  Han er akkurat slik som gode foreldre som håpar at ungar og ungdommar vil fortelja og føla seg trygge heime same kva som har hendt i livet.  Dei kan koma med alt. Dei veit at kjærligheten er ubetinga. 

Det hender vår kjærlighet sviktar.  Motet også.  Men Jesus sin kjærlighet sviktar ikkje.  Han kan meir enn me anar.  Når me kjem til han, opnar livet seg opp til noko større. Til håp som ber, tru som held, kjærlighet som ber andre sitt liv.  «Ver ikkje redd, berre tru!»

Nokre gonger er våre hender kraftlause og treng Jesus si sterke hånd som lyftar oss opp.  Ein dag er siste dans over. Då står Jesus der og tek oss i hånda. Kviskrar håp inn i øyra vårt.  Nytt liv frå den oppstandne strøymer inn så kropp og sjel vert nye og passar til å leva i det som skal verta eit nytt univers:  Då passar to ord ekstra godt: Mega ekstase.  Og ingen skal hysja takken ned.

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone