Ørsmå hol i dagenDen nye salmeboka
Lukas 13,10-17

Ørsmå hol i dagen

Å bruka ei salme til å retta ryggen
Publisert 17. November 2013
Vår eigen Heidi Strand Harboe har introdusert Bryne kyrkjelyd for sine eigne salmar og Norsk Salmebok 2013. Noko å retta ryggen av! Slik det skjer i sundagens evangelium...

Bibeltekst:  Lukas 13,10-17
Dag:  26. sundag i treeiningstida III  (= 4.s. i opb)
Kyrkje:  Bryne
Dato:  17.11.2013
Tema:  Kveldsgudsteneste. Salmebok 2013


Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten
10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane.11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp.12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.»13 Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
14 Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka?16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.
Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten
10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane.11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp.12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.»13 Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
14 Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.»15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka?16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?»17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.

 

Du ser ho heilt sikkert føre deg.
Krokrygga i 18 år. Bøygd til jorda.  Smerte og kamp for å lyfta blikket, sjå verda og kunna smila inn i eit ansikt…
Ryggen bøygd og blikket naturleg ned, ikkje ut og opp.

Til og med når ho søkte Gud i synagogen, heldt eit mannssamfunn med dei fleste definisjonsmakter blikket hennar nede.  Var det ikkje nok at ryggen var krum, så skulle hjarta i tillegg krympast i skam over å verta sett fri på ein heilagdag.

«Å hjelp meg du som hjelpa kan, du ser kor sårt eg strider». Ei bønn som Arne Garborg har gitt oss. 
«Kyrie eleison, eg kjem med tome hender», salmen som Heidi Strand Harboe har gitt oss (Norsk Salmebok 2013 nr.438).
Alle gudstenestedeltakarar sitt bønnerop. 
Det er enormt viktig å ha tekstar og ord som har dekning i livet vårt slik det faktisk er. Me må leva og tru ærleg!  Me må få klaga vår nød.  Me må få sanne ord på det som er vrangt i livet.

Kjenn etter litt.  Kva er det som gjer ryggen bøygd og sender blikket ned?  Blar du i salmeboka når dette kjem over deg?  Får du gode tekstar å lena deg til? Får bekymring verta bønn?  Får smerte verta lengsel?  Får du lyfta blikket opp til Gud? 

Det er sikkert lettast viss du merkar at han bøyer seg ned.  At Jesus er bror. Lidande bror.  At han kjem til deg.  Mest litt overraskande, slik han kallar denne krokrygga og plaga kvinna fram i lyset. Ser ho der ho sit anonym og vekkgøymd utan status i det mannsdominerte samfunnet. Kallar ho fram, midt i sentrum av det som skjer, gjev henne den verdien ho var skapt til å ha. Ho vert lyfta fram og opp, til ho står der oppreist og fri, med rett rygg og lyfta blikk.

Det vert som orda som Heidi Strand Harboe har gitt oss så uendeleg vart og vakkert:

Gjennom ørsmå hol i dagen, får eg venda mine tankar,
ta eit lite steg til sides, søkja Herren, han som er,
gjennom tause, mørke bøner, gjennom lått og gjennom jubel,
leggja fram for Herren Kristus alt det livet som eg ber.

(Norsk Salmebok 2013 nr.460)

Me skal syngja Heidi sin salme om desse ørsmå hola i dagen.  Og tru at dei er vegen til noko Jesus gjer med oss.  At han rettar det krokrygga.  Lyftar blikket.  Så me ser andre fritt.  Så me kan sjå opp og lova Gud utan å få krampe i kroppen.  Han har løyst oss til å lovsyngja og takka.  Slik me nå har fått ei heilt ny salmebok til, ja eit heilt liv til.

Men eg trur Heidi har rett.  Me skal finna og ta imot desse ørsmå hola i dagen, bortom tid og rom og tanke!  Då kjem Jesus og løyser noko som elles er krumt og bøygd og altfor jordvendt! Han vil retta ryggen vår, så me fritt kan sjå opp og ut, sjå Gud og kvarandre!

Arkiv alle preiker
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2020 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38
Å leva er håp
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.
LES MEIR Publisert: 25. Januar 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone