Gud er vår tilflukt
Salme 62,8-9

Gud er vår tilflukt

Grunnlovsjubileet - fri til å tala, tru og tena
Av: Stein Ødegård
Publisert 23. Februar 2014
Gud er vår tilflukt når me bed. Me fortel historien vår med å gje han til Gud i bønn. Me bed for vårt folk og alle folk si framtid med å gje oss over i Guds nåde og Guds hender. Gud er vår tilflukt. Denne bønnetenesta har kyrkja i Norge hatt i tusen år. Ho gjer oss og nasjonen ein stor teneste. Gud er vår tilflukt.

Kyrkjene i Norge markerar starten på grunnlovsjubileet ved å lesa og tala over same bibelteksten som lydde då det var tillyst ekstraordinær bededags gudsteneste i kyrkjene 25.februar 1814.  Etter gudstenesta vart det peika ut valgmenn som skulle velja utsendingar til den grunnlovsgjevande Riksforsamlinga på Eidsvoll.  Dette er bibelordet for 200 år sidan og i dag, Salme 62,8-9:

    8 Hos Gud er mi frelse og mi ære.
          Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud.
          
   
 9 Lit alltid på han, de folk,
          aus ut dykkar hjarte for han!
          Gud er vår tilflukt.

Gud er vår tilflukt.  Orda vekslar mellom mi tilflukt og vår tilflukt.  Mellom individ og folk. Gud er vår tilflukt.

Tilflukt er ikkje eit vanleg ord.  Me kjenner det best i samansette ord, som i tilfluktsrom.  Då står det for noko trygt, for beskyttelse viss katastrofen kjem, men elles ikkje noko me vil via tid og tankar  til vanleg.  Omtrent som brannvesenet: Godt å ha, men me håpar for all del at me ikkje får bruk for det.  Eller var det presten og kyrkja me tenkte slik om?

Bryne kyrkje har tilfluktsrom.  I tillegg til å vera trygt har det vore eit solid bruksrom.  Ei ramme for trygg og kreativ ungdomstid.  I dag og i 40 år har det vore slik.  Ungkyrkja har forma ungdomstid og seinare vaksenliv frå den gode basen i tilfluktsromet i kyrkja.

Er det slik Gud kan vera tilflukt?  Eit trygt rom. Ein relasjon som gjev rom for å veksa og modnast, leva og tru.  I Salme 62 er Gud som tilflukt knytta til verb, til noko me kan gjera: «Stol på han. Aus ut hjarta for han.» Det er trygt og formande.  Gud er vår tilflukt.

Korleis skal me tenkja dette i 1814-perspektiv?  Gud som tilflukt i  nasjonsbygging og utvikling av sjølvstyre, fridom og demokrati? Kva betyr det at Gud er tilflukt når me feirar merkepålar i fortida og spør kva me skal byggja på i framtida?  Vert det forklara lys med Gud som vår tilflukt?

Her kjem dagens 3 punkt om det:

Først: Gud er vår tilflukt når me takkar.

Det har me gjort i salmeform i Norge.  I store deler av Grunnlova sin historie har nasjonalsang og fedrelandssalme gitt oss Gud som vår tilflukt.  «Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud».  «Men Gud, du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde».   Anten det er 17.mai eller 23. februar eller ein annan dag: Takken tek oss inn til Gud.  Helst med litt meir frysningar på ryggen når me syng takken.  I salmeskatten er Gud vår tilflukt.  I trua på at Gud er vår gode skapar som held alt det skapte ved lag.  I takken for at me får vera hans medarbeidarar, også når, lover skal utformast, organisasjonsliv utviklast og land og lokalsamfunn skal byggjast.  Eg trur at valg og situasjonar som var prega av takk til Gud og tilflukt i Gud, gjorde ein ekte forskjell.

Derfor markerer me jubileet med å syngja salmar i takk: Gud er vår tilflukt.

For det andre: Gud er vår tilflukt når me bed.

Derfor pregar bønner denne gudstenesta.  Me fortel historien vår med å gje han til Gud i bønn.  Gud er vår tilflukt.  Me søkjer verdiar og trusgrunnlag med å bera tankar, lengsler og konkrete forbønner fram for Gud.  Gud er vår tilflukt.  Me bed for vårt folk og alle folk si framtid med å gje oss over i Guds nåde og Guds hender.  Gud er vår tilflukt.  Denne bønnetenesta har kyrkja i Norge hatt i tusen år.  Ho gjer oss og nasjonen ein stor teneste.  Gud er vår tilflukt.

For det tredje: Gud er vår tilflukt når håp og kristne grunnverdiar får vera drivkrafta i livet.

Håpet var skjørt og tynt i 1814.  Det var lett å kjenna seg som ein liten kasteball i stormaktene sitt spel.  Du kan fort tenkja deg den fortetta stemninga som rådde i kyrkjene 25.februar.  Viss Napoleonskrigane inneber at Danmark misser Norge og Sverige får oss, kva med oss?  Kan endringar brukast til noko nytt og godt? Korleis går dette? Får me til å samla oss om ei grunnlov? Vert det krig?  Så ba dei til Gud og peika ut valgmenn på same dag.  Bønn og arbeid.  Håp og verdiar i sving.

Gud er vår tilflukt når me tek vår historie sine erfaringar på alvor, når me gjer dei om til engasjement der naud og uro er stor i dag.  Me bryr oss og støttar andre i kamp for grunnleggjande menneskerettar.  Me formidlar håp.  Ikkje bare fordi dette er vår eigen historie, men fordi det er bibelen sin historie.  Det er slik me kjenner Gud som vår tilflukt i den store bibelske forteljinga.  Han såg folket si naud.  Han fria dei ut frå slaveriet i Egypt.  Han henta dei heim frå eksil i Babylon.  Guds son kom til jord som fattig og flyktning og sto definitivt på dei marginaliserte si side, ikkje dei priviligerte.  Vår kyrkje – som alle kyrkjer – er kalt til å stå på dei undertrykte og fattige si side.  Det er begrunna i kven Gud er, han som er vår tilflukt.

På Kristi forklaringsdag les me at nokre ville gjera håp om til idyll og utopi. Peter ville byggja og bu i ein tilstand som ville gløyma og gøyma vekk alle utfordringar og oppgåver i den verda som også er ei lidande verd.  Det fekk han ikkje lov til.  Når sløret vart trekt til side og alt kom i forklaringa sitt lys, så var det både det sant guddommelege og det sant menneskelege som kom fram.  I ein og same person.  I eitt og same liv.  Forklaringa på fjellet vart eit glimt inn i det himmelske, i det store håpet.  Men også eit glimt inn i kor livet skal levast og det sant menneskelege.  Peter skulle fylgja Jesus ned i dalen, på vegen til korset, til lidinga og til alle som kristen tru kallar oss til å elska og tena, gje framtid og håp.

I desse dagar, i nærmiljøet vårt, veit eg ikkje om noko som viser dette så sterkt som musikalen Les Miserables i Sandnes kulturhus.  Der har du alle dei store tema i livet.  Der er det håpet og kristne grunnverdiar  som rår.  Ja, ja, ikkje alltid rår, for motkreftene er sterke, anten det er pliktjustisen, Gud, egoismen eller grådigheten som er alibi.  Men det som står og lyser, som gjer at du er rørt til tårer og gripen i hjarta og får lyst til å gje deg sjølv hen til det gode, det er nestekjærleiken, nåden, håpet og den rettferdskampen som har hjarta og blikk for medmenneske.

Når me ser etter den djupe straumen som har forma og formar mykje av det beste, ikkje alt, i vår grunnlovshistorie, så ser me kristne grunnverdiar og håp.  «Vår kristne og humanistiske arv som forbliver statens verdigrunnlag,» slik det heiter i den reviderte §2 i Grunnlova, som nå er 200 år.

Salme 62,9:

Lit alltid på han, de folk,
    aus ut dykkar hjarte for han!
    Gud er vår tilflukt.me 62,9:

Gud er vår tilflukt når me takkar, bed og har håp og kristne grunnverdiar som drivkraft. Det er godt for landet og for oss!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arkiv alle preiker
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone