Å bera frukt
Johannes 15,1-8

Å bera frukt

Av: Stein Ødegård
Publisert 19. Mai 2014
Dåpen podar oss inn på den stammen som gjer at me og frukta vår er av edlaste sort. Det er Gud si store gåve til alle oss som ønskjer å bera god frukt. Podinga er sterk og held for heile livet. Me skal bare halda livsforbindelsen open ved å bli verande i Jesus...

Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar. (Joh.15,1-8)

To fine dagar i slutten av april kjørte eg gjennom Hardanger.  Eg trefte rekordtidleg fruktblomstring.  Alt av plommer, kirsebær, moreller og tidlege eplesortar hadde kledd seg i kvitt med litt rosa.  Kulissane var blå fjord og himmel, grøne lier og kvit snø i øvre del av fjellsidene.  Det var eit syn som kunne ta pusten frå deg.  Enorme mengdar frukttre som bare jubla ut: Me har tenkt å bera frukt!  Lange, mange og beine rader med frukttre frå gard til gard, kilometer for kilometer oppover Ullensvang kommune langs Sørfjorden. Trea sto fint og nøyaktig skårne, så dei kunne bera rett mengde frukt. Gartnarane hadde forma trea, reinsa og skåre greinene i år etter år.  Du såg det med heile deg:  Her vil både greiner og gartnarar det same: Her skal det berast frukt!  Her er meininga med eit frukttre heilt klart å få ta ut potensialet sitt.  Fullføra gjerninga si.  Bera frukt. Mykje og god frukt.

La de merke til at Jesus i dei 8 versa i dagens tekst 7 gonger brukte uttrykket å bera frukt?  De trur meg vel når eg seier det. Og veit at han var og er i den organiske verda.  Han ser sørlegare breiddegrader sine snorbeine vinranker, slik me ser frukttre i norske dalsider.  Poenga er det same.  Livet si meining er å bera frukt.

Han skildrar ikkje sjølve frukta.  Han treng kanskje ikkje det der han sit med disiplane sine på den siste avskjedskvelden. Dei har sett det lenge.  Dei skal sjå det på ein dramatisk måte dei neste dagane.  Frukt handlar om å setja andre før seg sjølv, om å leva for andre, om å vera kveitekornet som døyr for å gje stor grøde, om å gje livet for at andre skal vinna det.  Slik har disiplane sett frukta mange gonger. Jesus baud på seg sjølv slik at nedbøygde fekk retta ryggen, sjuke vart helbreda, utstøtte fekk koma inn i fellesskapet, sørgjande fekk håp, tvilande fekk tru, angrande fekk tilgivelse, redde fekk fred, ein forbrytar på nabokorset fekk Paradis i byte for ei bønn.  Desse fruktene som får gro der nesten er elska som seg sjølv og kjærleiken til Gud og frå Gud får gjennomsyra hjarta, sjel og tanke.  God frukt er alt det som Jesus elska fram i verda. God frukt er det han skaffa med å gje seg sjølv i døden.  Det er tru, håp, kjærleik, glede, fred.  Alt som gjer livet verd å leva, alt som tappar krafta ut av døden, sorga, synda og angsten, alt som bringer himmel på jorda, alt som tek oss inn i den evige gleda.

I kyrkja i dag får me ta det som ei voldsom tillitserklæring, at dette ikkje bare er gode frukter som Jesus skaffar for oss, men som han har tenkt å skapa i oss!  7 gonger uttrykket «bera frukt» om disiplar og oss!

Det er bare overgått av 8 gonger eit anna uttrykk:  «Å bli verande i han.» Å leva i ein organisk forbindelse.  Å få tilførsel av alt det som han er og har.  Det er då me kan bera frukt.  Når me er avhengige.  Når me høyrer til.  Når me er i han.

Jesus brukar er sylskarpt om dette. Vintreet og greinene. Vår skapar og Far er bonden som er like interessert i frukt som bøndene i Hardanger og vinbonden langs Middelhavet.  Jesus er stammen.  All transport av livsviktig næring og væske går gjennom stammen. Fotosyntesen sitt under går tapt utan transporten gjennom stammen.  DNA-kodane som utviklar rett type frukt kjem ikkje til sin rett viss næringsstraumen stoppar opp.  Forbindelsen med stammen er betingelsen for at ei fruktgrein kan blomstra, veksa og gje frukt.

Me veit veldig god forskjell på ein død og ein frisk kvist.
Bare sjå her.  Denne er turr og steindaud fordi han har mista forbindelsen med stammen.  Denne er livskraftig og frisk, viss det ikkje var for det at han blei offer for denne demonstrasjonen. Han er ei helsing om det utruleg gode budskapet Jesus har til oss i dag: «Eg er vintreet, de er greinene.  Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingenting gjera.»

Livsforbindelse med Jesus.  Avhengighet av han.  Slik må det vera når det er hans frukter som skal fortsetja å gro i livet, i heimen, i nabolaget, i verda.

Tenk på det når du knepper hendene i hop og bed, og når du opnar og lukkar dei i arbeid og teneste. Å be er å opna kanalen for Jesus i livet.  Å arbeida er noko me ikkje treng perfeksjonera og kava med som om alt avheng av oss.  Det viktigaste me kan få utført er det som resultatmessig er bore av Gud, avhengig av Jesus, ei frukt som blir til av å vera ei grein på stammen. Dei beste fruktene er hans. Det gode livet er å bli verande i han.

For nokre månadar sidan vaks to nye frukter fram.  Den finaste frukta me kan tenkja oss.  To heilt nye liv.  Frå utsida sett vaks magen. Frå innsida kunne noko fangast opp av ultralydbilder.  Ein eventyrleg vekst.  Eit under av ei utvikling.

Frå tidleg fase er navlestrengen livsforbindelsen.  Etter kvart ein 2 cm tjukk og god halvmeterlang strengforma forbindelse mellom morkaka og fosteret sin navle.  2 pulsårer og 1 vene står for transporten. Oksygenfattig blod og avfallstoff går frå pulsårene til morkaka, vert reinsa og går oksygenrikt med næringsstoff gjennom vena tilbake til fosterhjarta.  Livsforbindelsen til mor gjennom navlestrengen er som stammen for ei grein.  Den store frukta i mors mage veks organisk fram.  Det kjennest som livet si største meining er å bera akkurat denne frukta.  Mor vil det, far vil det, Gud vil det.  Menneskelivet sin parallell til bildet om vintreet og greinene.  Frukt vert til i avhengighet.  Og når navlestrengen er kutta og det nye livet sjølv skal formast til å bera så mange slags frukter i livet, så går det ikkje godt om ikkje avhengigheten fortset. Ikkje i form av navlestrengen, men av å leva i straumen av det som slekt og samfunn, skulegang og kyrkjeliv kan gje av næring til gode frukter.

God frukt er avhengig av livsforbindelse.  Pluss ein ting til: Å akseptera nødvendig forandring.  Navlestrengen må kuttast ein dag. Ei frisk grein går gjennom store forandringar gjennom vekst og modning, skjæring, foredling og innhaustning. Det er tider der alt står stussleg og bart.  Det er tider der greiner er bøygde på grensen til å knekka, tider der dei står pistrete og ribba, tider der knoppar frys, tider der noko må skjærast vekk for at noko betre skal få rom til å veksa. 

Naturen har sine syklusar. Kanskje må me akseptera at sånt også skjer med ei menneskegrein og eit kyrkjearbeid.  Det er grådig å tru at alle piler alltid skal peika oppover.  Visst går kyrkja mot fullkommenhetens vår, men jammen kan det butta imot og vera tider med ringe kår for vekst.  Då er fremdeles hemmelegheten å bli verande i Jesus, å venta på det som han gjer og utfører i si tid. Og plutseleg er våren der med grotid, sommaren med vekst og hausten med frukt.  Nytt mot til motlause kristne, håp til kyrkjer som ei tid kjende på noko resignert, forsoning i vennskap som hadde vorte kalde og vonde, omsorgsglød for nokon som synleg slit, ei nådegave tent på nytt, ungdommar som kom på rett kjøl, ord om Jesus og nåden som greip hjarte.  Gode frukter.

Dei står der, dei stelte rekkene med frukttre i Hardanger og fortel: Både greiner og bønder vil bera mykje frukt.  God frukt. Derfor er trea poda.  Dei utgjer forskjellige og edle sortar.

I dag er to nye liv poda inn på Jesus sin stamme.  Dåpen podar oss inn på den stammen som gjer at me og frukta vår er av edlaste sort.  Det er Gud sin store gave til alle oss som ønskjer å bera god frukt og vera eit godt tre.  Podinga er sterk og held for heile livet.  Me skal bare halda livsforbindelsen open ved å bli verande i Jesus og la han stella med oss.  Det gjer me i dag når me tek imot Ordet hans, når me formar tankane våre til bønn og takk, når me tek imot han i nattverden, når me går ut i kvardagen og trur at han har gode frukter han vil forma i oss, der andre treng det mest, potensialet i oss får koma til rett og livet si meining er.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone