Hønemor
Matteus 23,37-49

Hønemor

Av: Stein Ødegård
Publisert 24. August 2014
Nokre ville ikkje. Dei ville ikkje samla, men spreia og øydeleggja. Dei ville ikkje det som Gud. Dei ville ikkje det humane. Dei tillet seg det som Jesus aldri gjer, å gradera ned menneskeverdet, radera menneskelivet og sløkkja ut håp.

Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
          ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»  (Matteus 23,37-39)

Hønemor!  Det kan verta heilt feil å snakka om hønemor i dag.  Det kan gå spinngale.  For eg snakkar rett i synet på fire ferske mødre, og ennå fleire bestemødre og oldemødre.  Til nokon stolte hanar også!  Ja, til ei forsamling der fleire av oss sikkert har fått merkelappen hønemor - grådig urettferdig sjølvsagt -, eller me har slengt ut ordet hønemor utan fintfølelse viss me syns at beskyttelsesmekanismane virka i overkant sterke.  Der nokon høyrde hønemor-ordet eller les det av ansiktet sitt blikk og smil, så såra det helst.  For ingen vil jo vera ein karikatur av noko som er grunnleggjande godt. 

Hønemor.  Me har visst vridd ordet i retning av noko som er for mykje av det gode.  Omsorg som har vorte overbeskyttande.  Godhet som har vorte dominerande. Velvilje som er krevande.  Kjærleik som skjemmer ut og kvir seg for å setja grenser.  Bindingar som ikkje held nok distanse, auge som vil sjå absolutt alt, og hjarte som strevar med å gjera avkommet fri og sjølvstendig.

Hønemor kan vera ein karikatur.  Men hønemor kan også vera karakter. Den beste me kan tenkja oss. Den holdninga som gjev alt for sine.  Den lidenskapen som lagar eit trygt vern som byggjer tillit og fremmer trygg utvikling.  Ubetinga kjærlighet med gode grenser.  Så farar ikkje får trua reiret og heimen.  Så avkommet ein dag er rusta til det gode livet, der ein både er elska og har lært kunsten å leva og elska.

Hønemor.  Me held oss til den gode varianten i dag.  Hønemor vil samla sine.  Hønemor vil verna og beskytta.  Gje trygghet og tillit.  Rusta livet for framtid og håp.  Sjå gjerne føre deg hønemor som legg varme gode venger om deg når du er mest hudlaus og ubeskytta.  Sjå gjerne føre deg hønemor når ho er rypemor som spring over vidda og agerer vengeskada for å villeda og dra oppmerksomheten vekk frå ungane, morsinstinktet som ikkje skyttar nokon fare for eigen del.  Eller ei vipe som går laus på folk for jaga vekk frå reiret.  Hønemor.  Morsinstinkt med karakter og styrke, mot utanpå brystet og bevande hjarta inni. 

Me får håpa det er eit snev av hønemor i kyrkjefellesskapet. 
Me kallar jo kyrkja for mor.  Ho vil samla sine.  Ho er tilflukt og varmande venger, ho er dirrande hjarta og ope fang.  Ho har sans for det sosiale. Ho samlar sine med noko av den same sjølvsagde gleda som fins i sommarhusa der storfamilien samlast til fri og ferie.  Små og store, ulike og like får møtast.  Vera samla.  Høyra til.  Pleia fellesskap. Byggja kvarandre opp.

Det er alltid litt spesiell stemning i kyrkja den første gudstenesten etter ferien.  Mange kjem litt tidlegare.  Det summar av gjensyn og oppdateringar før klokkene ringer.  Så gildt å sjå deg!  Så stort å sjå dykk alle.  Me har kyrkja som mor for det største fellesskapet i livet.  Nå går me på eit nytt semester og bed for kvarandre og ønskjer å tena og vera til for kvarandre.  I dag gjer me det med tekstar som dreg oss ut av kosen og inn i lidenskapen.  Det gjeld livet.  Det står om framtida.  Kyrkja skal vera hønemor i beste forstand av ordet.  Eit gjenskinn av  Gud som gler seg og er rørt i hjarta når hans barn er samla, under hans gode venger.  Og det er ikkje bare fordi Guds hjarta er laga slik at han vil samla sine.  Han veit at det er godt for oss å vera samla, høyra til, ha ein plass der me kan gje av oss sjølv, skapa, byggja, bera, be og tena.

Så då kan me forstå den såre stemmen i Jesus sine ord denne sundagen.  Han set seg sjølv inn i hønemor-posisjon.  Han vil samla, verna og rusta for livet.  Og så ser han at det går galt.  Kor mange som ikkje vil.  Kor mange som gjer motstand.  Kor mange som misser framtid og håp.  For det hagla steinar og vart strid der folk skulle samlast og byggjast opp til å skapa fred, rettferd og frihet.

Skal me prøva å sjå Jesus for blikket vårt, dengong og nå? Han som vil samla og beskytta og setja oss frie til å ha hans hus som heim og ha byen og verda å gå til med det som han er og står for.

Kva ser Jesus når han ser utover byen?  Jerusalem er løftene sin by, religionen sin by og den lange historien sin by.  Stein på stein er han bygd.  Murar ytterst og tempel innerst, gater nederst og tak, tårn og kuplar øverst.  Århundra har skapt han.  Løftene om Gudsnærvær og messiasforventning har forma han.

Men nå er Messias komen.  Nå har han ridd inn på eit esel.  Nå er gudsriket nær.  Men dei ser det ikkje og forstår det ikkje.  Snart skal Messias forkastast. Flotte bygningar og ærerik historie skal gå til grunne.  Menneske skal lemlestast og missa heimen sin.

Dei som førte evangeliet over i nye håndskrift og høyrde dette opplese, visste at alt hadde hendt.  Den romerske krigsmaskinen slo til i år 70.  Byggverk og steinar låg knuste, templet brent og lagt i steinrøys, det hellige utstyret frakta til Roma, folket ribba for alt dei forbandt med Guds nærvær, tretti tusen jødar selde som slavar, 2500 slakta i gladiatorkampar i forbindelse med fødselen til keisar Titus sin lillebror. Den første kristne menigheten i Jerusalam forsvant mest over natta. 

Jesus ser og klagar.  Han ser forbi dei stolte byggverka og rett til menneskehjarta, til det som stel fred og riv ned håp.  Han visste at om folk forkasta han, slik dei hadde steina profetane, då forsto dei ikkje sitt beste.  Når dei lever livet bare med seg og sitt i horisonten eller byggjer si eiga rettferd - slik Paulus seier i Romarbrevet - då må Gud ta fatt i oss på nytt.  Når me ikkje er det han skapte oss til.  Når me ikkje vil vera samla i eit felleskap der me får og gjev det beste, då må den store pottemakaren (Jfr GT-teksten) forma leira på nytt.  Men Jesus må ha sett, då han såg ut over byen, at det var for seint. Leira hadde alt storkna og vorte hard. «Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine.  Men de ville ikkje!»

Nære hendingar i den stille veka og framtidige tiår med blodig krig og øydelegging flyt i hop i det Jesus ser og klagar over.  Han elskar.  Han vil samla.  Han vil bringa Gud nær og folk inn i Guds opne famn. 

Det engelske språket har eit godt uttrykk for alt dette.  Passion.  Passion er lidenskap.  Og passion er lidelse.  Begge deler.  Og begge deler er Jesus.  Lidenskap og lidelse i eitt.  Hjarta bankar for alle.  Lidenskap og lidelse er eitt.  Han går vegen til korset for å ordna opp i alt det som me ikkje kan og ikkje vil.  Hønemor.  Pelikanen som hakkar seg til blods for å fø ungane sine. Passion!

Jerusalem, Jerusalem, kor ofte ville eg ikkje…. 
Men det er ikkje bare religionane sin by, der freden visst aldri får til å senka seg.  Me kan sjå føre oss andre byar. Me kan ana at Jesus står der i dag utanfor så mange byar, tett inntil så mange andre som hjelpelaust grin over byen som går til grunne, i hat, i maktbegjær, i meiningslause voldsspiralar, i etnisk rensing, i religiøs fanatisme på villaste avveier. Så altfor mange tårer over ruinerte bygningar! Så altfor mange draumar om samhold og fredelege heimar vart knuste. For nokre ville ikkje.  Dei ville ikkje det som Gud.  Dei ville ikkje det humane.  Dei tillet seg det som Jesus aldri gjer, å gradera ned menneskeverdet, radera menneskelivet og sløkkja ut håp.

Eg ser Jesus utanfor byane i Irak og Syria.  I hop med dei som syrgjer. For det er ein viktig del av det bibelske bildet av Gud. I ruinane fell Gud tårer. Kvar bomba gate, kvart sprengt vindu, kvar knust dør utløyser tårer hos himmelens Gud, han som har levd livet på vår jord, den jorda som er hans eiendom og vårt lån.

«Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine.  Men de ville ikkje!»
Det er forhold der Jesus også står makteslaus og klagar.  Men ikkje passiv.  Han er hønemor med passion.  Eg lærte noko om det i ein vigselsamtale på engelsk i år.  Brura sa det, med eit knakande godt engelsk uttrykk som du mest ikkje kan oversetta:  «When you have a purpose, you have a passion

Jesus hadde og har både målet og lidenskapen som høyrer til.  Han vil samla.  Han vil forsona.  Han går heilt til rota av det som rir oss menneske som ei mare.  Han skaffar forsoning med Gud.  Han gjev oss Guds fred i gave.  Han gjev eit håp som kan bera om relasjonar og byar vert lagt i ruinar.  Og det er ei spire, ei sterk spire.  Forsont med Gud er me Jesus sin kropp i verda, me er eitt med alle som strevar med det dei vil og kan og møter.

Me går i gang med eit semester i kyrkja idag.  Me startar ein ny epoke med å vera familie som tek imot og tek oss av eit lite nytt medlem.  Begge fellesskapa handlar om akkurat det same.  Me får det beste me kan få, og me får bruka oss og gje det beste me har og drøymer om.

Me kan godt lova kvarandre at me vil ta imot det beste og gje det beste.  Familien treng det.  Fellesskapet i kyrkja treng det.  Me skal venta godt av kvarandre.  Me skal gje kvarandre det beste.

Kan semesteret og den nye familiesituasjonen ha litt hønemor over seg? Hønemor på bare godt.  Med passion og purpose.
For livet er ikkje bare kos. Den største faren er å verta seg sjølv nok. Den barske verda treng hønemor. Ho som samlar, beskyttar og rustar for livet.  Og etterkvart skal dei små sendast ut av reiret og sjølv gje byen og verda det beste. Frie, men ikkje utan å høyra til. Sende av han som er full av passion og purpose. Han som kan læra oss å vera hønemor med karakter og ikkje som karikatur.

Snakk godt med kvarandre dei neste vekene:  Korleis kan me vera og leva dette i vår heim og vår by og vår verd?  Kven sender Jesus meg til?  Han som lærer oss passion, at Gud brenn for vår sak og me har eigentleg den same draumen om å vera til for kvarandre.  Nå får me det i Lina Sandell og Carola sin sang ( Norsk Salmebok 316: Nu vill jag sjunga om modersvingen).

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone