Me kom i gang!
Kveldsgudsteneste og UK-jubileum om ENTUSIASME

Me kom i gang!

Joh.1.35-51
Av: Stein Ødegård
Publisert 26. Oktober 2014
Å koma i gang... Det er strålande når me erfarer miljø og måtar å møta kvarandre som liknar på måten Jesus sette dei første disiplane i gang på.

Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine. Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!» Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus. Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», – det tyder «lærar» – «kvar bur du?» «Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus. Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» – Messias tyder «Han som er salva». Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» – det er det same som Peter.

Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!» Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå. Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.» «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip. Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.» «Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.» Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.» «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.» Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»
Johannes 1,35-51

Me kom i gang!  Og det var entusiasme knytta til det. Entusiasme vart tent. Det vart varig entusiasme av det!

Me kom i gang! Snakkar eg om Ungkyrkja sitt trusmiljø den helga me jubilerer for den store betydninga Ungkyrkja i Bryne har hatt.  Ja, for nokon vart det slik at ein kom i gang med trua eller livet sin entusiasme – eller begge deler, i Ungkyrkja.

Me kom i gang! Snakkar eg om andre fellesskap som forma og sette i gang, om entusiasme som vart tent og teken vidare i livet.  Nokre her i kyrkja tenkjer gjerne på det i alle fall.

Me kom i gang! Snakkar eg om desse underlege dagane då dei første disiplane av Jesus kom i gang? Ja, det gjer eg jo.  For det gjer bibelteksten me kan fundera litt i hop om nå.  Johannesevangeliet gjev ei fengslande framstilling av disiplar som kom i gang, av måten Jesus møtte dei på.  Det er ikkje entusiasme med høge rop og skrål.  Det er ikkje ekstase og suggesjon.  Det er ikkje full fyr ein dag og svart oske dagen etter.  Det er å koma i gang på ein måte som set spor, formar og varer livet ut.  For slik møtte Jesus dei som vart disiplane hans.  Me skal lura på om det er slik me kjem i gang i dag også, slik at entusiasme følgjer med på trua og livet si reise.

Nå kjem 6 raske måtar å bli møtt av Jesus på.  6 situasjonar i teksten som set disiplar i gang.  6 øyeblikk av entusiasme som seinare vart til liv prega av entusiasme.
Dette vert kort og konsist, så eg anbefalar å skru på konsentrasjonen…

  1. Nokre høyrde på råd og vink, god PR, og begynte å snusa på ein nysgjerrighet om Jesus.
    2 disiplar av døyparen Johannes, den eine heitte Andreas. Dei høyrde og såg kor Johannes peika og kva han sa, dei begynte å følgja etter der Jesus gjekk.

  2. Nokre opplevde at dei vart sett og møtt av Jesus, på ein måte som viste interesse for dei som personar.
    Andreas og den andre vart oppdaga og spurt kva dei leita etter og søkte. Dei vart møtte der dei var, respektfullt av ein som brydde seg om dei.

  3. Nokre opplevde at det var lov å koma og sjå, vera underveis.
    «Kom og sjå», sa Jesus til dei når dei lurte på kor han budde og heldt seg. Dei fekk sjølv velja om dei ville koma og om dei skulle bruka resten av dagen hos han.

  4. Nokre delte den gode erfaringa si raskt vidare.
    Først er det Andreas som finn bror sin. Så er det Filip som dumpar borti Natanael. Dei fortel enkelt kva dei har opplevd og at dei trur dei har møtt han som mange ventar på og lengtar etter. Dei held fast det dei har kome i gang på, med å gje det vidare.

  5. Nokre møtte Jesus sitt forvandlande blikk og kall rett på.
    Det virkar som dei fekk Jesus sitt kall før dei hadde gjort så mykje sjølv for å nærma seg Jesus. Det var ikkje dei som kom i gang, dei vart sette i gang. Med eit blikk og ein stemme. Filip fekk kallet: «Følg meg»! Peter opplevde at Jesus såg fast på han og ga han eit nytt namn, ein ny identitet. Den vinglete Simon vart sett i gang med å vera klippa Peter.

  6. Nokre vart møtte i sin skepsis og «caught by surprise», djupt overraska.
    «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» lurer den skeptiske Natanael på. Skepsisen vik for tru, då han treff Jesus sjølv, ikkje bare orda og vitnesbyrdet om Jesus.

6 raske situasjonsglimt.  Disiplar kjem i gang.  Entusiasmedagar. Ny tid. Kanskje slik entusiasme gjentek seg til alle tider?

Hentar me fram alle erfaringane som medlemmar av Ungkyrkja har hatt gjennom 40 år, så kan nok mange kjenna seg igjen i desse 6 igangsetjarane.

  1. Gode råd og tips ga lyst til å koma og sjå og vera med.

  2. Å bli sett og møtt av andre og av Jesus sjølv ga lyst til å bli verande.

  3. Å få vera underveis, erfara sjølv og stå på heilt frie valg tente entusiasme, både for fellesskapet og for tru på han som elskar oss så høgt at han har djup respekt for oss der me er.

  4. Å få dela den gode erfaringa med andre, held entusiasmen levande.

  5. Å få dette møtet med Jesus, det varme blikket og gode kallet, forvandlar livet og set i gang, enten ein er ført dit av bror sin,

  6. overraska i sin skepsis eller kva det nå er. Med integriteten vår i behold forsyner Jesus oss med ein djupare identitet.

Så eg seier: Det er godt at Jesus set oss i gang!  Det er godt at Johannesevangeliet gjev oss glimt av korleis det skjer.  Det er strålande når me erfarer miljø og måtar å møta kvarandre som liknar på måten Jesus sette dei første disiplane i gang på.

For dei varte det livet ut.  Det betyr nok at dei fekk koma og sjå mange gonger.  Og at dei ofte delte det vidare med andre.  Invitasjonen til å koma og sjå og lysten til å sei til andre «Kom og sjå», gjekk hånd i hånd.

Er det ikkje slik det må vera?  Den djupe entusiasmen i livet som heiter tru, håp og kjærleik kan Jesus setja oss i gang med.  Det vil han heile tida.  Om att og igjen. Både han og me gled oss når me opplever fellesskap der det faktisk er dette som skjer.  Me kjem i gang.  Og entusiasmen følger med gjennom alle livet sine fasar. Ta godt imot han! Både Jesus og entusiasmen, altså!

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018
Gå heim og kyss din kvardag
Juledagsgudsteneste 2017. Johannes 1,1-14
Gå heim og kyss din kvardag
Heilt frå Jesu tid har menneske vorte dregne mot Jesus fordi han var god, gjorde det gode, talte og handla med kraft. Han var det sannaste av alle menneske. Og samtidig...
LES MEIR Publisert: 28. Desember 2017

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone