Gudsteneste

Gudsteneste

Brynekyrkja feirar gudsteneste kvar sundag. Gudstenesta har ei form som er fast nok til å gje kvilerytme og variert nok til å ta dagen og livet på pulsen. I eit vakkert kyrkjerom skal gudsteneste i Brynekyrkja vera eit ekte møte mellom himmel og jord, for barn, unge, vaksne og eldre, om ein går ofte eller sjeldnare i kyrkja.

Litt konkret om våre gudstenester:

  • Gudstenesta startar kl.11.  Unntak er kveldsgudstenesta kl.19 ein sundag i månaden, og sommarferietida kl.10.30.
  • Om lag 2 gudstenester i månaden har dåp, 3 har nattverd slik at 1 har begge deler.
  • Det er bønnesamling i kjellaren før gudstenesta, kl.10.30
  • Det er som regel enkel kyrkjekaffi og tid for sosial drøs i kyrkjeromet etter gudstenesta
  • Det er god deltakarkultur og rom for fleire som ønskjer å delta med oppgåver og tenester. Meld gjerne interesse.  Det fins faste oppgåver å gå inn i, og vihar 3 gudstenestegrupper som vekslar på å planleggja og gjennomføra ei gudsteneste i månaden.  Gruppene er opne - med plass til fleire.
  • Brynekyrkja har god orgelklang, salmesang og ulike musikalske uttrykk gjennom mange deltakarar.  Vi likar godt når folk melder at dei har lyst til å spela, syngja eller vera forsangar – eller det har skjedd noko i livet som kan delast, takkast for eller bli bedd for.
  • Dei fleste gudstenester har opplegg for born, anten eigen sundagsskule (Jungelgjengen) etter besøk av kyrkjeløva, eller film eller leikekrok og teiknesaker.

Velkommen til sundagsfeiring i kyrkja! 

Velkommen til å «eiga» gudstenesta som medarbeidar!

Stein Ødegård
Kontakt e-post: stein odegaard
Kontakt e-post: stein
Mobiltelefon: +47 911 57 105

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone