Gudstenester med familiefokus

Gudstenester med familiefokus

Barn og unge høyrer til i kyrkja. Difor har vi eit breitt tilbod for denne gruppa. Vi har Familiefokus og Gudstenester for store og små i Brynekyrkja.

Familiefokus i Bryne kyrkje

- Ein sundag i månaden.

På Familiefokus er det fleire barn enn vaksne som er i sving når vi feirar gudsteneste. Det liker vi.

Vi ønskjer at barna skal få vera deltakande og involvert i gudstenesta. Vi ønskjer at det skal vera deira gudsteneste. Tysdagen før vi har Familiefokus er det ei eiga gudstenestegruppe for barn som møtast i kyrkja kl.13-15 for å planlegga gudstenesta. Dette kallar vi for "Familiefokus etter skuletid"

ADVARSEL: Fare for at vaksne også liker gudstenesta veldig godt!


Gudstenester for store og små i Bryne kyrkje

- Ein sundag i månaden, omlag i 2-vekesrytme med Familiefokus. Dette er gudstenester som kan vera knytta opp til eit trusopplæringstiltak, så som Tårnagenthelg, Førsteklasses, Lys Vaken.

Eller det er gudstenester som gudstenestegruppe 3 med unge vaksne står bak.  Desse er oftast med lovsangsteam og sundagsskule (Jungelgjeng).

 

Velkomen til Gudsteneste for store og små i Brynekyrkja!

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone