Diakoni - Kyrkja si omsorgsteneste
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.
Bryne kyrkjelyd ser i stor grad sitt diakonale arbeid saman med Time og Undheim kyrkjelydar og deler på diakonstilling i 100%. Kyrkjelyden har eige diakoniutval som sokneråd og diakon rekrutterer og fylgjer opp.
Visjon og mål for diakonien i Bryne:
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.
Bryne kyrkjelyd er eit fellesskap:
-
som stadig er opptatt av å integrere diakonien som ein naturleg og sentral del
-
som inkluderer (ønskjer velkomen)
-
som er stader å vere både i glede og sorg og når livet opplevast vanskeleg
-
som møter kvarandre med varme og respekt
-
som formidlar Jesu kjærleik gjennom forkynning og praktisk diakonalt arbeid
-
som har eit engasjement for lidande menneske