Førebygging og handtering av seksuelle krenkingar

Seksuelle krenkingar kan definerast som misbruk av rolle og makt der eit menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta i staden for å bli beskytta. Det handlar om at ein person utnyttar stillinga si eller posisjonen sin til å opptre på ein seksualiserande måte eller for å innleia eit seksuelt forhold til vedkomande.

Førebygging  og handtering av seksuelle krenkingar

1.0    Kva er ei seksuell krenking?
1.1    Definisjon
Seksuelle krenkingar kan definerast som misbruk av rolle og makt der eit menneske i ein sårbar situasjon blir utnytta i staden for å bli beskytta. Det handlar om at ein person utnyttar stillinga si eller posisjonen sin til å opptre på ein seksualiserande måte eller for å innleia eit seksuelt forhold til vedkomande.

1.2    Skadeverknadar
Når eit menneske får grensene sine overskridne på det seksuelle området, kan det få svært alvorlege fylgjer. Det er ikkje bare personen sin kropp som blir invadert. Krenkingar kan få alvorleg verknad også for andre sider av livet. Personar som har vorte utsette for seksuelle krenkingar, kan ofte slita i lang tid etterpå både fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg. Vi må derfor gjera alt vi kan for å hindra at seksuelle krenkingar skjer.

2.0    Førebygging.

2.1    Informasjon
Alle medarbeidarar skal vita at kyrkja har nulltoleranse  i høve til seksuelle krenkingar. Temaet seksuell krenking blir tatt opp med alle medarbeidarar som er knytta til barne- og ungdomsarbeidet.

2.2    Arrangement, tur- og leirliv

•    På tur med overnatting for barn og unge skal det alltid vera med minst to vaksne. Dersom det er både jenter og gutar med på turen, skal det vera minst ein kvinneleg og ein mannleg leiar.
•    Det skal vera minst ein vaksen leiar (over 18 år) pr 8 deltakarar.
•    Det skal vera minst ei vaksen nattevakt (over 18 år) i tillegg til ungdomsleiarar.
•    Jenter og gutar søv anten kvar for seg eller i opne fellesareal (idrettshall, kyrkjerom e.l.)
•    Der overnatting skjer på eigne gute- og jenterom, ivaretar leiarar eige kjønn når det gjeld nattero. Barn og unge skal ikkje oppleva å få god natt-besøk eller tidlege morgonbesøk av motsatt kjønn.
•    Kjærasteforhold mellom deltakar og leiar / medarbeidar kan koma i konflikt med leiarrolla. Skulle det oppstå, bør leiaroppgåvene omfordelast i samråd med hovudleiar.
•    Sjelesorgsamtalar bør føregå på eigne samtalerom i nærleiken av fellesrom med vaksne av same kjønn. Slike samtalar skal ikkje føregå etter kl 23.00 om kvelden.
•    Ein må i størst muleg grad unngå situasjonar der 1 leiar er aleine med 1 deltakar.
•    Ein må vera merksam på at fysisk kontakt kan opplevast ulikt. Særs varsam må ein vera i møte med barn / unge som ikkje har utvikla gode grenser rundt seg sjølv. Det er leiaren sitt ansvar å ta i vare desse grensene for barnet.
•    Medarbeidarar over 15 år som har oppgåver eller ansvar overfor mindreårige, skal levera barneomsorgsattest / politiattest etter gjeldande retningslinjer.

3.0    Handtering av anklage om seksuelle krenkingar

3.1    Beredskapsteam

Kvar kyrkjelyd skal ha eit beredskapsteam for handtering av anklager om seksuelle  krenkingar. Beredskapsteamet skal vera samansett av:
•    Dagleg leiar
•    Sokneprest
•    Soknerådsleiar
Beredskapsteamet skal varslast umiddelbart ved mistanke eller anklage om seksuelle krenkingar. Beredskapsteamet har ansvar for vidare handtering av situasjonen. Teamet skal straks kontakta politiet for fagleg  vegleiing og inormera kyrkjeverje og eventuelt bispedømmerådet sin faglege ressurs. Ved situasjonar der ein prest er involvert, skal også prosten informerast.

3.2     Når ein mottar ein mistanke eller ei anklage om seksuelle krenkingar, er det viktig å:

•    Ikkje konfrontera den anklaga i startfasen. Ta vare på fortellinga.
•    Ikkje driv etterforsking på eiga hand
•    Prøv å skapa ein god relasjon med den som fortel om overgrepet. Unngå å stilla spørsmål ved vedkomande sitt truverde.
•    Ikkje bring utsette og mistenkte saman til felles samtale
•    Ikkje kontakt den som blir anklaga
•    Kontakt beredskapsteamet
•    Dagleg leiar har ansvar for intern og ekstern informasjon

Verd å merka seg:

•    Dersom informanten er under 16 år, er det viktig i samtalen  å vera klar på at dersom det kjem fram alvorleg informasjon, så er dette noko ein er nøydd til å gå vidare med. Lytt nøye til det barnet fortel, og noter informasjonen nøye før eller så snart som råd etter samtalen.
•    Dersom informanten er mellom 16 og 18 år, treng ein vanlegvis informanten sitt samtykke for å gå vidare med informasjon til foreldre og beredskapsteam. Ved grove krenkingar kan det likevel vera nødvendig å gå vidare og så utan samtykke.
•    Dersom informanten er over 18 år, må ein ha samtykke for å kunne gå vidare. Ein bør likevel oppmoda til at dette blir gjort. Når informanten er vaksen, vil vedkomande sjølv vera den viktigaste inormasjonskjelda i den vidare handteringa av saka.
•    Når samtalen er avslutta og det er etablert kontakt med beredskapsteamet, er det dei som har ansvar for vidare oppfylgjing.


Vedtatt i Time kyrkjelege fellesråd 26.10.2016

 

 

Relaterte artikler
Relaterte dokumenter

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone