PERSONVERNERKLÆRING FOR TIME KYRKJELEGE FELLESRÅD

Generelt om personopplysningar i verksemda Time kyrkjelege fellesråd (TKF) (org.nr. 976 993 616), Erlandsbakken 6, 4340 Bryne, anerkjenner og skal etter beste evne oppfylle gjeldande lovverk knytt til personvern ihht. EUs forordning om generelt personvern nr 2016/679.

Dette gjeld både for tilsette, folkevalde, medlemmar i Den norske kyrkja i Time, frivillig engasjerte og dei som nyttar våre tenester som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Dette gjeld både når TKF sjølv innhentar og oppbevarer personopplysningar, og når dette skjer heilt eller delvis gjennom tredjepartsleverandørar.


Denne personvernerklæringa tar for seg vår handtering av personopplysningar som samlast inn for at vi skal kunne utøve våre tenester for våre medlemmar og andre vi samarbeider med.
TKF vil berre samle inn og oppbevare personopplysningar når dette er nødvendig for å:
•    ivareta og oppfylle forpliktingar som arbeidsgjevar - oppfylle gjeldande lovverk som
•    regnskapslov, arbeidsmiljølov, offentlegheitslov, forvaltningslov og arkivlov
•    verksemdas behov for å kjenne sin historikk og kunne dokumentere den
•    ivareta og oppfylle rettkomne forhold knytt til medlemskap i Den norske kyrkja som medlemsorganisasjon og trussamfunn
•    sikre gjennomføring av frivillig innsats og deltaking knytt til arrangement, herunder påmeldingar

TKF vil etter beste evne sikre at innsamla personopplysningar ikkje kjem på avveie gjennom:
•    gode interne rutinar for å samle inn, oppbevare og slette personopplysningar
•    at bruk av papirbaserte lister o.l. underleggast særleg merksemd og reduserast til eit minimum
•    oppfølging av at leverandørar av dataverktøy oppfyllar lovpålagte krav til datahandtering

TKF vil sikre tilstrekkeleg fokus på dette gjennom god intern informasjon og opplæring, og bruk av avvikshandteringssystem for å fange opp, synliggjere og lære av feil og uhell.
Behandlingsansvarleg i organisasjonen er kyrkjeverje om ikkje oppgåva er delegert. Førespurnad angåande innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan gjøres til E-post:
kyrkjekontoret@time-kyrkja.no

Medlemskap

Fra våre medlemmar henter vi inn namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato og e-postadresse. Når ein melder seg inn i Den norske kyrkja samtykkjer ein til at kyrkjelyden nyttar personopplysningar til, eksempelvis medlemsblad, nyhetsbrev, invitasjon til arrangement mm. I tillegg treng vi kontaktinformasjon på medlemmar for å kunne gi eit tilstrekkeleg tilbod og informasjon knytt til medlemskapet. Ved avslutta medlemskap blir dine personopplysningar sletta. Medlemsopplysningane vil òg bli nytta til bl.a. grunnlag for å rapportere på antall medlemmar for å ta imot offentleg tilskot til drift av organisasjonen.

E-post

Du kan gjerne sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder kan vere sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tar imot ein slik e-post, behandlar vi e-posten i tråd med innhaldet og sletter den straks.

Nyhetsbrev

Som medlem i ein av Den norske kyrkja sine kyrkjelydar kan du melde deg på som mottakar av vårt nyhetsbrev. For at vi skal kunne sende deg nyhetsbrev må du registrere din E-post adresse hjå oss. Denne blir lagra i ein eigen database, blir ikkje delt med andre og blir sletta når den ikkje lenger er i bruk.

Påmelding kurs og arrangement

Via vår nettside og nyhetsbrev er det mogleg å melde seg på kurs og aktivitetar. Ved påmelding samler vi inn informasjon som namn og kontaktopplysningar i tillegg til allergi og behov for tilrettelegging. Desse personopplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementet. Personopplysningane blir sletta etter endt arrangement. Vi henter inn eigne samtykke for å kartlegge interesse og ønske om å motta invitasjon til nye arrangement.

Kyrkjelege og offentlege handlingar

Ved kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd blir det henta inn opplysningar nødvendige for behandling og gjennomføring av handlinga. Opplysningane blir lagra i E-kyrkjebok og er i utgangspunktet offentleg tilgjengeleg i tråd med Forvaltningsloven §13a nr3 og Offentlighetsloven §2 andre ledd.

Lagringstid

Vi lagrar dine personopplysningar hjå oss så lenge det er nødvendig for det formål personopplysningane blei samla inn for. Sidan organ i Den norske kyrkja er forplikta av arkivlova, så gjer vi merksam på at sletting først kan gjennomførast der dette er i tråd om regelverket i arkivlovgivingas regelverk om kassasjon.

Dine rettigheitar når vi behandlar personopplysningar om deg

Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane vi behandler om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, rette innvending mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettigheitane på Datatilsynets nettside: www.datatilsynet.no.

For å ta i bruk dine rettigheitar må du sende mail til behandlingsansvarleg på følgjande E-postadresse: kyrkjekontoret@time-kyrkja.no. Vi vil svare på di henvending til oss så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.
Vi vil be deg om å bekrefte identiteten din eller å gi ytterlegare informasjon før vi lar deg ta i bruk dine rettigheitar overfor oss. Dette gjer vi for å vere sikre på at vi kun gir tilgang til dine personopplysningar til deg - og ikkje nokon som gir seg ut for å vere deg.

Klage

Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje er i tråd med personvernlovgivinga, så kan du klage til Datatilsynet på postkasse@datatilsynet.no.

Endringar

Endring av våre tenester og endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan medføre forandring i informasjonen du er gitt her.  Vi vil sende deg informasjon om dette dersom vi har din mailadresse. Viss vi ikkje har din kontaktinformasjon, gjer vi deg merksam på at oppdatert informasjon alltid vil finnast lett tilgjengeleg på vår nettside.

 

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone