Spor av vinden
Pinsedag - Joh.14,15-21

Spor av vinden

Av: Stein Ødegård
Publisert 24. Mai 2015
«Vinden bles der han vil.» Du merkar han titt på Jæren. Men kor helligåndsbrisen i vår by kjem frå og fer av? Ikkje godt å forutsjå og forstå seg på.

"Elskar de meg, så held de boda mine. Då vil eg be Far min, og han skal gje dykk ein annan talsmann, og han skal vera hos dykk alltid: Sanningsanden, som verda ikkje kan ta imot. For verda ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han, for han bur hos dykk og skal vera i dykk. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born. Eg kjem til dykk. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

Den som har boda mine, og som held dei, den er det som elskar meg. Og den som elskar meg, skal Far min elska. Ja, den som elskar meg, skal eg òg elska og openberra meg for.» (Joh.14,15-21)

«Vinden bles der han vil.» Det veit me på Jæren.  Ganske mykje vind frå mange kantar.  Vinden er ikkje god å stoppa. Ikkje lett å verta klok på. Ustadig i temperatur, retning og styrke.  Det er opp og ned om yr og storm klarer melda han også, der han er på veg.

«Vinden bles der han vil.»
Me veit det på Jæren, og høyrer Jesus sei at slik er det med den som er fødd av Anden. «Vinden bles der han vil.» Du merkar vinden, høyrer suset, ser spor av Ånd, sikkert ein aning svakare enn pinsedagslyden «som når ein sterk vind bles» og halve Jerusalem kjem i ekstase og undring.  Men kor helligåndsbrisen i vår by kjem frå og fer av? Ikkje godt å forutsjå og forstå seg på. 

Så korleis skal ein då halda pinsedagspreike i 2015?  Eller lengta målretta etter meir ånd i livet. Når Guds Ånd og vind bles der han vil, korleis kan me vanleg dødelege nærma oss mysteriet og få nokre av hemmeghetane fram i lyset eller inn i livet? Me er verken yr eller storm heller. Sit ikkje på satelittbilder og inndata om vindretningane Ånden kjem på.  Me kan bare melda om nokre av virkningane. Kva me har erfart, ikkje kva som er på gang.  Ganske så lite om han det gjeld, det underlege mysteriet med den tredje personen i guddommen.

Me får leita etter spor der vinden fer. Etter virkningar.  Forsiktige blikk inn i hemmelegheter me aldri kan få kontroll på.

Det får vera via teksten på pinsedag.  Jesus sine ord.  Dei er gode.  Dei er elegante. Dei liknar ei kinesisk øskje, der det dukkar opp ei ny inni den første du har fått opna på.  Kanskje er det fleire av dei før du finn hemmelegheten. 

Litt leiteresultatet frå pinsedag 2015 kan lastast opp frå fila under...

Relaterte dokumenter
Arkiv alle preiker
Saman som kyrkje i heile verda
Pinsedag 2021 - Joh.14, 15-21
Saman som kyrkje i heile verda
Ting tok visst heilt av på pinsedag.  Men like rett er det å sei at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg...
LES MEIR Publisert: 25. Mai 2021
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone