Den opne, gjestfrie handaFoto: illustrasjon Johannes Kleppe
Kveldsgudsteneste 21.01.2016: Ansikt til ansikt med flyktningar blant oss

Den opne, gjestfrie handa

Av: Stein Ødegård
Publisert 23. Februar 2016
Bibelen sitt ideal for livet mellom menneske, er å leva med open hand og ansikt til ansikt. For bibelens Gud gjer ikkje forskjell på folk. Han elskar innflyttarane. Han bed oss gjera mot andre det me vil at dei skal gjera mot oss. Han bed oss vera gjestfrie og gode mot dei som er i nød og treng oss.

For Herren dykkar Gud er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og skremmande Gud som ikkje gjer skilnad på folk, og som ikkje lèt seg kjøpa. Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede. De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt (5.Mos.10,17-19)

Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt! (5.Mos.15,11)

Opna handa for bror din! Ikkje lukk ho!

Der er stor forskjell på ei open og ei lukka hand.  Ei lukka hand kan ikkje ta imot.  Ei lukka hand kan ikkje arbeida.  Ei lukka hand kan ikkje kjærteikna.  Ei lukka hand kan ikkje ta naboen i hånda. Ei lukka hand kan ikkje gje.  Ei lukka hånd er ei ulukke. 

Hadde eg gjort eit eksperiment og prøvd å leva ein heil dag med hendene konsekvent lukka, så hadde eg fått eit kjempeproblem.  Eg hadde vel helst tusla halvkledd rundt heime, svolten og hjelpelaus.  Uten humør og ikkje til å koma i nærheten av.  Vert det for mykje lukka hender, får både eg og andre li.

Open hand
Open hand er noko ganske anna.  Ei open hand kan ta imot.  Ei open hand kan gje.  Ho kan arbeida.  Ho kan kjærteikna. Ho kan ta naboen i handa.  Bare prøv!  Ho kan gje.  Ho er Bibelen sitt bilde på det gode livet.  Ei open hand som tek imot livet frå Gud si opne hand.  Ei open hand som deler med andre det ho sjølv har  fått.  Ei hand som veit kva takk er.  Ei hand som veit kva fellesskap betyr.  Ei hand som veit kva gjestfrihet er.

Lukka hand
Ei lukka hand  gjer at blikket slår ned eller vender seg vekk frå den andre.  Ei open hand gjer at me ser kvarandre og møter kvarandre ansikt til ansikt.  Frykt og sinne knyttar hender og senker blikket. Kjærleik opnar hendene og lyftar blikket og finn glede i å sjå den andre.

Eit bibelperspektiv på langs
Bibelen sitt ideal for livet mellom menneske, er å leva med open hand og ansikt til ansikt.  For bibelens Gud gjer ikkje forskjell på folk.  Han elskar innflyttarane.  Han bed oss gjera mot andre det me vil at dei skal gjera mot oss.  Han bed oss vera gjestfrie og gode mot dei som er i nød og treng oss. 

Her kjem ein fin rød tråd på langs av bibelen om dette: 

Jakob og sønene hans fekk flytta til Egypt og berga livet då uår og svolt sette livet i fare i heimlandet.

I Egypt vart dei eit stort folk som fekk flykta tilbake til heimlandet då urett og slaveri tok overhånd.

Dei fekk eit land tilbake, med beskjed om å elska andre innflyttarar og opna handa for nødlidande.

Oldemor til kong David var innflyttar og framand.  Ho kom til landet av trufasthet mot sine, og fordi svigermor i si tid berga seg gjennom uår med å koma til hennar land, til Rut i Moab.  Den framande og innflyttaren Rut fann framtid og lukke i Betlehem. Og fekk stor betydning som stammor til David og hans etterkomarar.

Blant dei er vår bror og frelsar, Jesus, som berga livet med å få asyl i Egypt då han var liten. 

Då han var stor, møtte han personar frå andre folk med respekt og verdighet.  Ei samaritansk kvinne fekk endra livet og trua. Ein spedalsk som var samaritan, vart eit eksempel på det å takka for nytt og helbreda liv.  Den framande, samaritanen, vart det lysande eksemplet på barmhjertighet, på Jesus sin etikk, på å leva med open hand,  på å praktisera den gyldne regel for ein som var nedslått langs vegen.

Då Jesus var oppstått av grava, kom han som den framande som samtalte med to triste på veg frå Jerusalem til Emmaus. Når dei bad den framande inn, gjestfritt, gjenkjente dei Mesteren og livet deira rekk nytt håp.

Då Paulus fekk trua på Jesus som Herre, vart det store kallet hans å gå til alle folkeslag.  For Gud gjer ikkje forskjell på folk.  Evangeliet er for alle.  Opna handa for bror din.  Gje den framande det beste du har.  For: «Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne.  De er alle ein i Kristus Jesus» (Gal.3,28).

Paulus lærte kyrkja å forstå seg som lemmer på Kristi kropp og merka at heile kroppen kjenner smerte når eit lem lid og har det vondt.

Hebrearbrevet sin forfattar seier: «Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det» (Hebr.13.2)

Omtrent som Abraham og Sara hadde det når dei tok imot 3 framande i teltet sitt og fekk den effektfulle meldinga at dei to gamle skulle få ein son året etter.  Den eine av dei gamle lo godt, men sonen kom.  Gud hadde gjesta dei gjennom 3 framande.

Ansikt til ansikt
Opna hendene for bror din,” seier bibelen.  Ver gjestfri mot den framande, elska innflyttarane. 

Dette er bibelen sine ord frå Gud.  Frå han som opna si skaperhånd og delte med seg: ein livskraftig planet.  Han som opna si hånd og gav deg livet og held det oppe.  Du har fått det fritt – og godt.  Du har fått det med helsing om at Jesus er komen som din frelsar og bror.  Han som viste deg kva det er å leva med opne hender.  Han som like mykje opnar hendene i dag og tek imot den som strevar og reiser opp den som fell. Open hand som lyftar deg i fang, stryk og kjærteikner deg, fyller livet med meining og sorgene med håp.  Guds hånd er open. Guds famn er open. Guds ansikt vil lysa mot deg og velsigna deg.

Så opna handa di for bror din.  Møt han og ho ansikt til ansikt. Slik Gud møter deg ansikt til ansikt. 

 

Arkiv alle preiker
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
Meir himmel på jord
2.sundag i openberringstida 2020 - Matteus 3,13-17
Meir himmel på jord
Det er "meir himmel på jord" å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva! For Jesus - og for den som trur.
LES MEIR Publisert: 13. Januar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone