Liten og stor forteljing
Kveldsgudsteneste 21.05.2017. Apg.16,25-40

Liten og stor forteljing

Av: Stein Ødegård
Publisert 22. Mai 2017
Kyrkja sin truverdige misjon og visjon tenkjer aldri at målet eller gode hensikter helligar midlet, eller overser enkeltmennesket.

Her er ei lita livsforteljing:

Du har fått eit levebrød. Du går på arbeid. Du har noko og nokre du har ansvar for. Du har nokre over deg som du er ansvarleg overfor. Du har ansvar for sikkerhet og mindre for helse og miljø, for du er fangevaktar. Du passar på at ingen rømmer. Du har nøklane, låser inn mat på celle og fangehol. Alt skal fungera på di vakt.

 

Det du ikkje har kontroll på, er jordskjelv. At grunnvollar ristar og alt ramlar ut av dine hender. Nøklane er verdilause når dører går av hengslene, gitter, boltar, jernringar og lenker losnar. Du la deg til å sova, takknemleg for fredelege lovsyngjande fangar, heilt trygg på systemet og vaknar til kaos. Og til krise for ein fangevaktar. Alle dører står opne!

 

Med gru og skrekk møter du, fangevaktar, noko som gjer at livsforteljinga di misser meining. Du reknar som sjølvsagt at fengselsfuglane er farne, på frie venger. Du har svikta i gjerninga, sovna på vakt, tapt for noko større, mista ansikt og veit du må bera ansvaret med sverd eller avskjed. Uansett: Di livsforteljing er ute. Over.

 

Det er nummeret før det går heilt galt og du set stopp for eiga hånd. Viss det ikkje var for ei større forteljing som ga lys og meining og framtid.

 

Store visjonar og eit konkret liv
I det innerste fangeholet sit dei to som havna i fengsel for denne store forteljinga, fengsla på falsk dom, piska med beskjed om ekstra vakthold.
Dei har kome til Filippi på eit syn om å føra evangeliet frå Asia til Europa. Dei har møtt Jesus og sett at han er oppfyllinga av den lange forteljinga som starta med løftet til Abraham om å verta til velsigning for alle folkeslag. Dei ber på ein stor visjon og misjon, er utsendt med fullmakt, veileda av Guds ånd i eit syn, og nå ramlar lenkene av dei og fengselsdørene går opp, bare fordi dei syng lovsangar!

 

Kva skulle dei tru? Kva skulle dei gjera? Stikka av så fort som bare det? Dei var jo urettferdig fengsla! Dei hadde nye plassar dei skulle til med evangeliet. Dei var berar av den store forteljinga om Jesus Messias.

 

Me veit ikkje om dei tenkte seg om, bare at det er me som må tenkja oss godt om akkurat nå. Ser de og høyrer at den store forteljinga alltid handlar om at den næraste personen skal få møta den i si vesle forteljing.

 

Kva gjorde Paulus og Silas? Dei tenkte på han som skulle vakta dei. Dei tenkte på livet hans, at han ikkje skulle gjera seg noko vondt. Dei tenkte på sjela hans, at også han var ein som skulle få møta evangeliet si store forteljing.

 

Respekten for livet
For ein enorm respekt for ein annan sitt liv! 
At tru på Jesus handlar om å bry seg om korleis andre har det! Det var ingenting som kunne forsvara at han kunne koma til å skada seg, sjølv ikkje om dei fekk heile Filippi til å tru på evangeliet si makt med å spankulera ut og fortelja om store mirakel, som dessverre gløymde han det gjekk ut over. Den eine skulle stå først. Ingenting skulle hindra dei i å gje han eit ekte møte med evangeliet. Med ei holdning, med ord og sakrament som berga og frelste han i alle meiningar av ordet.

 

Kva skal me med ei kyrkje?
Kva skal me vera kyrkje for?
Jau, å bera fram, tolka og leva ut dei unike bibelforteljingane, dei som bergar liv, dei som menneske kan tolka livet sitt på nytt i, dei som gjer at små tapte livsforteljingar kan finna meining, håp og framtid. Kyrkja sin truverdige misjon og visjon tenkjer aldri at målet eller gode hensikter helligar midlet, eller overser enkeltmennesket.

 

Denne forteljinga frå Apg som er tekst for dagen, ber fram alle dei 5 tinga som temaserien i vår meinar me skal med ei kyrkje. Her er det alt: Etikk for livet. Hellige handlingar. Forunderleg overraskande nåde. Varmt fellesskap. Den store berande forteljinga om Gud.

 

Bibelen sine store forteljingar er unike fordi dei kjem midt inn i dei små livsforteljingane uansett korleis jordskjelvet rammar. Dei gjer det på ein måte som held fast på kva som er rett, og kva som er galt, kva som bekreftar eit mennesket sin unike verdi, og kva som set alt inn i den store forteljinga som Gud sin veg og Gud sitt verk i livet vårt er.

 

Det skal me med ei kyrkje. Det er me kyrkje for.

Arkiv alle preiker
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone