Evigheten og øyeblikka
Matteus 25,31-46. Siste sundag i kyrkjeåret 2017

Evigheten og øyeblikka

Av: Stein Ødegård
Publisert 27. November 2017
På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærleik. Trua sin kjærleik som ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.

Ein god venn døydde i haust.  Før han døde, fekk han kjenna at livet vart viktigare. Då han visste at han skulle døy, valde han å leva på ein ny og sterkare måte. Livet vart meir dyrebart, kva som betydde noko, vart tydelegare, sinnet mildare, trua og håpet og kjærleiken styrka.  Det som låg framføre, fekk avgjerande betydning for øyeblikket her og nå.  Han visste kva som kom, og ville gje og ta imot og leva med opne sansar før det kom.  Det var veldig sterkt for dei av oss som fekk vera ein del av det.

Med dommen i sikte
Slik kan møtet med døden gjera livet viktigare. 
I dag fortel Jesus om noko som skal gjera livet endå viktigare.  Ikkje bare døden, men dommen.  Det er ikkje bare slutten som gjer livet viktig, men det som kjem etterpå.  Det kjem ein dom.  Eit siste oppgjer.  Rekneskapet skal sluttførast.  Guds skapningar står ansvarlege.  Det kan gå godt eller gale.  Det skal setjast eit skilje.  Eit stort skilje mellom evig glede og evig straff.

Det er ein voldsom sluttscene han teiknar opp. Saueskiljegardane i Sirdalen er ikkje i nærheten av å levera tankebilder til det.  Det er eit kosmisk drama.  Som ein stor episk fiction på film.  Kongen på truna. Menneskesonen i skya.  Englehærar og herleghet.  Og folksomt.  Alle folkeslag.  Kvar enkelt person får dommen avsagt og domsgrunnlaget forkynt.  Overraskelsane står i kø.

Voldsomme kontrastar er teikna opp.  Den store mektige scenen til slutt og dei små avgjerande øyeblikka underveis.  Evigheten og øyeblikket.  Folkemassane og enkeltmenneske. Himmeltruna og fengselscella.  Det som kjem og det som er.  Ord som rystar, og ord som inspirerer.  Ord som kled oss nakne, og ord som gjev lyst til å kle andre.  Me veit at dette er verdenslitteratur som har sett djupe spor, og akkurat nå må dei bare vera ord som møter oss, slik dødsdommen kom til vennen min i haust.  Dei skal gjera det viktigare å leva.  Å leva rett.  Å byggja livet på det som verkeleg tel og held.  Både mens eg lever og når eg står der til slutt og skal få dommen og framtida. Å leva med dommen i sikte, skal hjelpa meg til å verkeleg leva.  Er det ikkje dette Jesus motiverer til i dag?  Til å leva for han og for andre.  Dommen der framme og dei viktige livsøyeblikka heng i hop.  For det er visst det siste som er domsgrunnlaget.  Det eg skal frikjennast eller fordømmast ut ifrå.

Domsgrunnlaget
Jesus seier at det som avgjer til slutt og nå, er forholdet mitt til han, til Jesus Kristus, og korleis eg møtte han i ein av hans minste sysken på jorda. 
Vegen til evig frelse går gjennom Jesus Kristus.  Og vegen til Jesus går gjennom nesten vår.

Det er påtrengande nært og kvardagsprega det han seier.  På dommens dag vert det ikkje spurt etter plass i kyrkjelandskapet eller dogmatiske teoriar og læresetningar, men etter kjærlighet.  Forholdet vårt til Jesus speglast i forholdet me har til kvarandre, og aller mest til dei i nærheten som har det vanskeleg.

Kor er din bror?
Den svenske presten og forfattaren Olov Hartmann fortel i ei bok om ein mann han kallar herr Jeppson – eit svakt menneske som ein
dag kom til han og strålte av glede fordi han hadde vore edru i 14 dagar.  Nå hadde han planar og idear for livet sitt!  Men få dagar seinare kunne ein felles venn ringja og fortelja at herr Jeppson nå låg sanselaus og forgjelda på eit hotellrom på ein annan kant av landet.

Kva skal eg gjera?” spør forfattaren Hartmann, ”anna enn å halda Jeppson under armane til han døyr?  Og gje han tilgivelsen si trøst om og om igjen, slik at ikkje angsten og dei syndene som fylgjer med angsten, får han til å tru at han er evig fortapt!

Og eg er ikkje sikker på at min dommar, når eg ein dag trer fram for han, vil spørja meg etter mine romanar, artiklar og føredrag.  Men han vil nok spørja etter herr Jeppson.  Kor er din bror, Jeppson?

Jesus seier:  Sanneleg det seier eg dykk:  Det de gjorde mot ein av desse minste syskena mine, gjorde de mot meg.”

Jesus i sentrum
Høyrer de at det er Jesus i sentrum i dag også. 
Han er absolutt det me høyrde frå Jesajaboka: Gud som bur i det høge og heilage og hos den som er bøygd ned med knust hjarta.  Der er Gud. Slik er Jesus.  Snart skal me feira på nytt at han kom som eit menneske som oss utan å missa sin guddom.  Han er kongen i det høge.  Han skal dømma oss.  Men det er godt at det er han som skal gjera det, for han er Menneskesonen som kjenner oss og faktisk bur hos dei nedbøygde og i det knuste hjarta.  Dommen skal fellast på om og korleis me tok i mot han.  Då han kom som ein av desse minste som trong hjelp og omsorg. 

Desse minste
I Matteusevangeliet kan det godt vera at det er tenkt på disiplar, på desse minste som vart forfulgde då dei representerte Jesus og kom i fengsel og nød og vart avviste i samfunnet. 
Omsorg for desse er trua sin kjærleik gitt til Jesus sjølv.

Samtidig er det ikkje noko ideal i kristen tru og kristent menneskesyn å sortera kven tru og kjærleik skal praktiserast mot.Jesu minste søsken her me lever er plaga av angst og reparerer med rus.  Dei er mindreårige på veg til Kabul på grunn av politikk som har innsnevra humanitet, og om dei må reisa eller ikkje, treng dei blikk som forstår og øyrer som lyttar og stemmar som seier frå. Dei minste syskena har opplevd omsorgssvikt og treng avlastningsheim og venner.  Dei sit i celle på Åna eller slit med å koma i gang med livet etterpå.  I vårt effektive samfunn fell mange utenfor.  Me veit ikkje alltid korleis og kva me skal gjera, og i alle fall at me altfor ofte ikkje tør og vil.  Men me held idealet oppe.  Kva ville Jesus ha gjort?  Ofte veit me det.   Han møtte menneske som trong hjelp, omsorg, forståelse, oppreisning og ny start.  Han såg noko verdifullt i menneske som andre såg ned på.  Ja, så sterkt identifiserer Jesus seg med dei utstøtte, hjelpelause og forkomne, at det er i dei han vil møta oss i kvardagen. Gud er i såra og smerten og der me ikkje fiksar livet.

Kristen omsorg
Riddersonen og dominikanermunken Eckhart frå middelalderen har formulert dette på ein utfordrande måte:
”Om du er henrykka i den tredje himmel og hører usigelige ord som det ikke er et menneske tillatt å tale, men vet om èn som trenger til byggsuppe, da skal du straks forlate henrykkelsen og gå av sted og gi mannen byggsuppe!”

Diakoni og kristen omsorg er midt i kjernen av det livet me er kalt av Jesus til å leva – og det me ein dag skal målast på.

Frelsesarmeen nyt stor respekt for sin måte å praktisera evangeliet på.  Grunnleggjaren William Booth ønskte sterkt å leva etter det som Jesus seier i dag: ”Sanneleg det seier eg dykk:  Det de gjorde mot ein av desse minste syskena mine, gjorde de mot meg.”

Ja, om det så bare var eit lite glas kaldt vatn i rett tid.  Eit varmt håndtrykk, eit godt smil, ein hyggeleg oppmuntring, eit besøk til ein ensom, eit godt ord til ein som trong det.  Ikkje notert andre plassar enn hos den som tok i mot det.  Og i livets bok uten at noko menneske sjølv visste det.  For desse enkle kjærleiksgjerningane som Jesus kallar oss til, er ikkje gode gjerningar som me kan retta fram til Gud til erstatning for å leva i den frelsa Jesus har vunne for oss.  Dei som teksten fortel om, visste ikkje eingong kva dei hadde gjort dei og at dei faktisk hadde møtt Jesus i ein av hans minste.

Og slik skal det vera.  Den venstre hånda skal ikkje vita kva den høgre gjer.  Det bare blei slik.  Eit barmhjertig sinnelag forma av trua på Jesus ga seg utslag i handling.

Trua si frukt
I Bibelen vert dette kalt for trua si frukt. 
Trua som eine og åleine lever av Guds nåde i Jesus Kristus, men som like mykje lever i gode gjerningar mot nesten vår.  Dette kan og skal ikkje skiljast.  For trua er ikkje ein ting som kan liggja i skuff og SAFE til ho ein dag skal hentast fram til bruk.  Trua er ein aktiv livsforbindelse med Gud og gjev seg utslag i det praktiske livet.  Trua lever aldri i eit tomrom, men i møte med medmenneske.

Eg minner om det på slutten av denne hausten der me har terpa mange gonger på nåden og trua åleine.  At me vert frelst av nåde, ved tru og ikkje gjerningar.  Det er sant.  Det er trøst til alle oss som vert avkledde av orda i dag og går til nattverd slik me er.  Nåden åleine er trua sitt håp når siste dom skal fellast.  Men ikkje utan det me høyrer i dag.  At trua aldri er åleine.  Ho er ikkje passiv. Trua er handling, retta mot Jesus som er vårt einaste håp.  Trua ser Jesus overalt der Jesus er å sjå.  På korset for oss.  På truna der framme.  I dei minste søskena her og nå. 

 Å sjå han gjer det å leva stort og viktig.  For det som er gjort mot ein av desse minste syskena, er gjort mot han.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Absolutt krav og absolutt nåde
4. sundag i treeiningstida 2018. Matteus 16,24-27
Absolutt krav og absolutt nåde
Meinte du alvor med at me skal dømmast etter gjerningane våre? Du meinte i alle fall alvor med det absolutte kallet til å følgja deg og få eit mykje betre sentrum i livet enn oss sjølv.
LES MEIR Publisert: 18. Juni 2018
Kor bur du?
Bryne kyrkje 10.06.2018. 3. sundag i treeiningstida. Johannes 1,35-51
Kor bur du?
Det er då dei stotrar fram og spør om slikt som gjerne me også gjer, når me treff ein framand og skal konversera og føla oss litt fram. «Kor bur du?»
LES MEIR Publisert: 10. Juni 2018
Nytt liv
Time kyrkje pinsedag 2018. Johannes 14,15-21.
Nytt liv
Kanskje Gud har noko nytt han vil meg? Det er viktig å gå nye veger. Guds Ånd ville sikkert hatt oss der tidlegare. Hans varemerke er nytt liv.
LES MEIR Publisert: 21. Mai 2018
På veg i kjærleik
Joh.13,30-35 - 4.sundag i påsketida / årsmøtedag
På veg i kjærleik
Me finn ikkje oss sjølv og andre med å lengta tilbake eller gro fast i det bitre og triste.  Eller å ha hjarta og lengsel ein plass der framme, altfor langt frå der...
LES MEIR Publisert: 24. April 2018
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun har gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone