Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13

Himmelsyna

Av: Stein Ødegård
Publisert 04. Februar 2018
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!

Neste veke skal eg på heia.  Den heia eg elskar.  Der autostradaen med skispor buktar seg milevidt.  Eg kjenner trasèvalga, bakkane og svingane. Eg kjenner grunneigaren og sporleggjaren og ein del av folka.  Høgås i Evje.  I 8 år var det avkoblings-paradis nummer 1 i kvardagen. I 10 år har det vore vinterferien sitt paradis. 

Himmelsyna
Eg fekk ikkje bygd meg hytte der og var nok ikkje så ivrig i lysten som Peter heller. 
Men i år leiger me hytte rett ved skisporet.  Frå hytta kjem eg til å ha eit herleg syn i søraust.  Den finaste toppen.  «Himmelsyna» heiter han.  Fint namn og fin plass.  Viss føret er så nokolunde og vinden grei nok og skodda ikkje har lagt seg i høgda, så skal eg opp på toppen.  Når toppen nærmar seg og vegetasjonen må gje tapt, så opnar landskapet seg.  Frå toppen kan det ta pusten å få slik oversikt.  Du kan sjå ei sølvstripe av Skagerak lengst sør.  Dalane.  Fjellmassiva i alle retningar.  Høg himmel.  Blendande lys.  Bankande hjarta.  Takk for skaparverket.  Lett å kjenna at livet er fantastisk og Gud så nær og til stede i alt.

Topptur
Det har sjølvsagt litt med ver og føre å gjera. 
Og ikkje veit me korleis det var den dagen Jesus inviterte med dei 3 næraste vennene med seg på fjelltur, høgt opp.  Solskin og blendande lys sørga uansett Jesus sjølv for, då han vart forvandla for augene deira.  Då vart Gud så nær at det mest ikkje går an å samanlikna det med noko.  Det er «Himmelsyna» i høg potens, du finn ikkje maken same kva fjelltoppar du bestig.  Det er eit glimt av himmel som Sigvart Dagsland syng, eller eit ocean av Guds nåde og kjærleik som treff våre glade og knuste hjarteslag, slik Kaia og Thea syng her i dag. 

Kva skal me kalla det, det som me sjølv har kjent eller lengta etter?  Guds nærvær? Åndeleg topptur?  Himmelsyna?  Glimt av himmel? Stjernestunder? Salige øyeblikk?  Lovsangsekstase? Hadde me teke ein delerunde om slike gyldne øyeblikk, så hadde det sikkert vore ganske oppmuntrande.  Men kunne eigentleg noko av det måla seg med det som skjer når Peter, Jakob og Johannes ser Jesus sjølv i forklara lys, i hop med dei store i historien, Moses og Elia, gudsmannen og profeten som nå har fått alt sitt oppfylt og vidareført i Jesus.  Og så alt krydra med Guds stemme frå himmelen om sonen han elskar og er den som Gud gjer seg kjent gjennom. 

I forklara lys
Kyrkja har seinare rulla ut ein sporleggjar frå jul til påske til himmelfart. Det er ein god trasè å følgja. 
I dag går han til Himmelsyna.  Kristi forklaringsdag er ein sånn fjelltopp.  Han gjev oss stort overblikk og utsikt.  Over Jesus og den vegen han går.  Og om oss som er ute på vår livsvandring og trusvandring.  Kven eg skal høyra på, tru på og følgja. Det kjem alt i forklara lys!

Det må ha vore fantastisk då.  Peter, blant anna, tek heilt av.  Veit mest ikkje kva han seier.  Det er Himmelsyna.  Alt opnar seg opp. Den store oversikten kjem.  Han ser klart.  Kven Jesus er. Kor Jesus kjem frå.  Kor Gud er å finna.  «Kan eg ikkje få halda på denne skatten?  Byggja så mange hytter du vil ha, Jesus!»  Stansa tida.  Ta vare på øyeblikket. Vera nyfrelst nå og for alltid!

Me skal kjenna oss igjen i Peter og vita at han fekk sjå og kjenna dette.  Det salige øyeblikket der alt ramla på plass og alt bare kjennest så riktig at slik må det vera evig.

Å halda på øyeblikket
Kven vil ikkje ha det slik? 
Nyta julikvelden utan å tenkja på novemberettermiddagar.  Sitja med ei barn på fanget i herleg glede og ikkje vita så altfor godt at ein dag forlet ho oss.  Eiga ei gudserfaring og ei fellesskapsoppleving som ikkje skal forstyrrast av travle og gråe kvardagar.  Kven vil ikkje byggja hytter?  Forbli i øyeblikket?  Ta vare på minner og lengta dei fram igjen?

Men Peter får ikkje lov å byggja hytter.  Han får ikkje eingong lov til å bli på fjellet.  Øyeblikk forsvinn.  Kvardagen skal koma.  Det skal ikkje finnast skjerma Edens hagar.  Me skal ikkje tenkja at tru kan hermetiserast til seinare.  Tru er å følgja Jesus der han går.  Og han som tek oss med opp på fjellet til eit himmelglimt, tek oss fort ned til dalen der me bur og lever og skal vera noko for andre. Det er han som er sporleggjaren.  Han som kom til verda slik ho er.  Til dei knuste hjarteslaga.  Der vil han me også skal vera.  Utan å grina på nasen.  Men gjerne med eit forklara øyeblikk i minnet:  «Eg har vore på Himmelsyna.  Eg veit kva eg har sett.  Eg veit kven eg trur på og skal følgja.»

På fjellet og i dalen
Det går an å sjå Jesus forklara oppe på fjellet. 
Men det går like godt an nede i dalen. 
Markus antydar at det er då me for alvor ser Jesus åleine.  Og held oss til han åleine.

Peter sjølv skriv brev om dette mange år seinare, 2.Pet.1,16-18.  Og då seier han noko veldig viktig om kor me skal sjå for å få Jesus i forklart lys.  Så me kan sjå og tru.  Sporleggjaren går ikkje nødvendigvis til fjells og til salige øyeblikk.  Nei, det er ganske konkret og nært.

Det er ikkje luftige spekulasjonar og saftige tankeprestasjonar som må til heller.  Me må ikkje leita i eventyrbøkene eller i science fiction.  Me treng ikkje gå utenom det me kjenner og kan vita noko om.  Vegen å gå er til historien. Ikkje til myter, men til fakta.  Til det som faktisk har skjedd.  For tru er fakta.  Det å sjå og tru har ei faktaside.

Historien sin Gud
Bibelen er ei bok som fortel faktisk historie. 
Ikkje oppdikta eventyr på sida av historien, men frelsande gjerningar midt inn i historien. Det er noko som har skjedd.  Fakta.  Det som Gud vil og gjer i verda, er spikra fast til historien.  Moses må ta skoa av ved den brennande tornebusken.  For der grip Gud inn, så Moses sitt liv vert forandra, så Israelsfolket ikkje går til grunne i Egypt, men vert ført ut på ei lang vandring til sitt eige land.  Gong etter gong grip Gud inn i historien og forandrar han og viser meir av kven han er.  Han er historiens Gud, ikkje eventyra eller filosofane og drøymarane sin.

Ja, så radikalt er dette, og så spesielt for kristen tru:  At Gud sjølv vert historie.  Guds son fødd i ein stall, oppvaksen i Nasaret, vandrande i 3 år, pint under Pontius Pilatus...

Kristendommen er meisla fast til historien.  Paulus i fangenskap får mest overtalt Kong Agrippa til å verta ein kristen, for han kan visa til at dette med Jesus faktisk skjedde, og det skjedde ikkje i ein avkrok.  Og i brevet til korintarane set han alt på spissen:  Viss ikkje Jesus har stått opp frå dei døde, viss det ikkje faktisk har skjedd det som trua byggjer på, då er det ingenting verdt.  Då er trua uten verdi og me fremdeles i syndene våre.

Tru held seg til fakta
Tru dreier seg om fakta. 
Er det ikkje godt å vita det?  Å få Jesus forklart for augene mine, så eg ser han og trur på han, handlar om noko konkret.  Om den verkelegheten me kjenner, om det me har felles muligheter for å få tak på, om det som kan granskast og forskast på.

For min del møtte eg denne sida av trua sterkt gjennom studietida.  Eg fekk blant anna lesa Bibelen gjennom historikarane sine kritiske briller.  Det er sjølvsagt ikkje den einaste måten å lesa Bibelen på.  Men det var trusstyrkjande å sjå at Bibelen hadde truverdighet.  Det var sterkt å verta trygg på at Bibelen fortel sann og ekte historie. Og det var godt å verta ennå meir klar over at Bibelen ikkje er spekulativ.  Det dampar historie og menneske av kjøt og blod frå perm til perm, like klart som det dampar av ein Gud som grip inn i historien på så overraskande måtar at det umuleg kan vera ønsketenkning og påfunn og diktverk frå menneske.  Eg unner dykk som er unge å studera og granska dette, og kanskje utdanna dykk til å vera med å gje det vidare.  Eg har aldri angra.  Og kyrkja kjem til å ha bruk for dykk!

Øyenvitne
Vil du sjå Jesus? 
Ønskjer du at han skal verta meir forklart for deg?  Då er det så greitt at du kan leita i det konkrete og faktiske. Du kan finna Jesus gjennom Bibelen sine ord og slik han har lova å vera i det kristne fellesskapet.  Du kan sjå nye og spennande sider av han gjennom Bibelen sine ord.  For trua byggjer på fakta. 
Bibelen er øyenvitneskildring.  Dei som har skrive, var øyenvitne eller sto i nærkontakt med øyenvitne.  Dei hadde sett Jesus i historien, dei kjende fakta, og dei gjev det frimodig vidare, sjølv om det kostar. Peter og dei fleste andre apostlane måtte bøta med livet for det dei skreiv og forkynte!

Gud i all historie og i min historie
Men dette er ikkje alt: 
Bibelen sin historie skal smelta ihop med din historie.  Gud var ikkje bare på ferde i bibelsk tid, han har eit arbeid på gang i deg og meg.  Han skapar historie.  Det Gud gjer, er knytta til min historie.  Til meg slik eg er. Til det som ligg i genene mine.  Til det eg er opplært i.  Til knuste hjarteslag og skuffelsar og sår som har sett seg i sinnet.  Til erfaringar av godt og vondt.  Eg er meg og du er deg.  Ingen av oss har lik historie. Erfaringar, evner, behov, følelsar, intuisjon, draumar og lengslar er alt djupt personleg.  Derfor vert vegane til Gud så forskjellige og må verta det.  For det er der Gud gjev seg til kjenne, i vår eigen historie.  Det er der forklaringa skjer.  Og det er der forklaringa må og skal skje.  For tru er ikkje bare fakta.  Tru er levande tillit til Jesus.  Tillit og fellesskap med han som faktisk har opna vegen til Gud.

Tru er fakta, tillit og håp
Og så får me aldri gløyma at tru er ennå meir. 
Tru er håp.  Tru er å venta på noko som skal skje.  At Jesus skal forklarast for oss, er djupast sett framtid.  Slik er trua både fakta, tillit og håp, fordi Gud er historien sin Gud.  Gud over fortid.  Gud i mi nåtid.  Gud som held framtida i si hånd.  Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna.  Jammen vil eg opp og sjå!

Arkiv alle preiker
Ikkje gløym å takka
Hausttakkefest. Lukas 17, 11-19
Ikkje gløym å takka
Eg veit ikkje om 9 av 10 gløymer å takka Gud for hausten si grøde og eit godt skaparverk.  Men eg trur me i kyrkja skal vera som den eine som går til Gud med takken. ...
LES MEIR Publisert: 04. Oktober 2018
Ja-tog og nei-tog
Lukas 7, 11-17 Konfirmantpresentasjon 17.sundag i treeiningstida
Ja-tog og nei-tog
Mykje folk var med.  Me vil vera slike folk.  Kyrkja vil vera det.  Me vil vera slike som Jesus var mest av, slike som har inderleg medkjensle og stoppar opp og går heilt borttil og trøstar.
LES MEIR Publisert: 17. September 2018
Ein del av noko større
Semesterstart 19.08.2018. 13.sundag i treeiningstida. Lukas 12,42-48
Ein del av noko større
Å vera trufast er å retta meg mot meir enn meg sjølv.  Det er å vera og sjå seg som del av noko mykje større.  Noko eg kjenner ansvar for, glede over og står ansvarleg...
LES MEIR Publisert: 30. August 2018
Møte som set spor
Kveldsgudsteneste 26.aug 2018. Bibeltekst 1.Kor.3,4-11
Møte som set spor
Han planta gjennom møte som sette spor.  Dei han møtte, sette spor i han.    Fullt opp av ekte møte.  For tru kan bare gro fram gjennom tillit.  Håp oppstår i det truverdig...
LES MEIR Publisert: 29. August 2018
Truskap mot bibel og menneske
Johannes 8,2-11. 9.sundag i treeiningstida 2018
Truskap mot bibel og menneske
Å kombinera respekt for Guds Ord og respekt for det enkelte menneske.  Berre det er i stand til å reisa opp bibelen sin autoritet hos folk flest – og hos meg sjølv....
LES MEIR Publisert: 23. Juli 2018
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone