Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018

Jesus lever, graven brast!

Av: Stein Ødegård
Publisert 03. April 2018
Bergensbispen Johan Nordahl Brun har gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått den rette balansen. "Jesus vant og jeg har vunnet."

For 232 år sidan fekk me her til lands eit meisterverk av ein påskesalme. Han er kalla for eit av dei aller beste dikta i norsk litteraturhistorie. I 2 korte vers har Bergensbispen Johan Nordahl Brun gitt oss påskeevangeliet på vers. Me har sunge salmen, og han skal fortsetja å vera gjennomgangsmelodi for ordet frå Gud til oss denne påskedagen. For: Ingenting er usagt.  Alt er med.  Det som skjedde utanfor oss, og er eit ubestrideleg historisk faktum. Men også det som skjer i oss, det som Jesu oppstandelse betyr. Kva det er å vera Kristustruande etter påskemorgon. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har fått den rette balansen. "Jesus vant og jeg har vunnet."

Etter OL i PyeongChang var store deler av nasjonen i medaljerus og gulltåke og nervespenningar og oppstemt jubel. "Seier`n er vår" fann vegen frå arena og bakkar og hallar og løyper og stadionar inn i norske stover, til det mest vart for mykje av det gode.  Det var som om me kjende me hadde del i seieren til Haga og Bjørgen og Bø og Krüger og Klæbo og Lorentzen og Fana IL.  Dei vant og fekk mange til å kjenna det som me vann alle.  Men det var jo ein litt vel eksklusiv nasjonal fest, då!

Påskedag er på ingen måte eksklusiv.  Over heile jorda rullar eit enormt internasjonalt kor i takt med tidsforskjellen.  Jesus vant den største og viktigaste kampen og sigra, og me har del i sigeren og syng han ut.  Han er vår.  «Jesus vant og jeg har vunnet»! Kva byggjer den overveldande konklusjonen og jubelen på?

La oss ta det steg for steg i følgje med salmen:

"JESUS LEVER, GRAVEN BRAST..."

På dei to søylene kviler trua vår!  Grava var tom. Jesus lever. Vitner såg. Engel forkynte. Jesus sjølv gjorde det snart tydeleg. Trua vår kviler på historiske fakta. Ingen har sett sjølve oppstandelsen, men det er ingen grunn til å tvila på at grava var tom. Kvinnene såg det med eigne auge. Vaktmennene kunne fortelja det til overprestane. Overprestane kunne ikkje visa til ei anna grav der Jesus låg. Dei laga ein teori om at disiplane hadde stole Jesu kropp om natta. Men disiplane, i alle fall Peter og Johannes sprang til grava for å undersøkja. Grava var tom og linkleda låg igjen. Ingen fant på å benekta dette. Det må bety at både disiplar og motstandarar av Jesus var enige. Grava var tom.

Kva betydde det?  Me kan godt tenkja oss forvirringa hos kvinnene som ikkje fant Jesus der i grålysninga. Kva betydde det? Jau, det måtte det ein engel frå Gud for å forklara.  Og nå vil me høyra det på nytt i Johan Nordahl Brun sin påskesalme: "Jesus lever, graven brast."  Grava var ikkje bare tom. Ho brast. Ho vart sprengt. Av han som døden ikkje kunne overmanna. Jesus lever!  Det er den store ufattelege sannheten. Ingen aprilsnarr!  Jesus lever. I dag. Det er overskrifta over påskedag og skulle vera det over kvar dag i livet vårt: Jesus lever!

- "Han stod opp med guddoms velde...."

Det var Gud sjølv som stod bak det som skjedde. Det trengs ikkje spesielt mykje tru for å slå fast at grava var tom. Det er eit godt bevitna historisk faktum. Og det er godt at trua vår kviler på sikre historiske hendingar og ikkje laus ønsketenkning. Men det skal tru til for å vita at det var med guddoms velde Jesus stod opp. At Gud sjølv reiste han opp frå dei døde.

Du trur vel det?  Korleis skal du elles forklara at dei første kristne såg Jesus i levande live. Dei vart så fylte av det synet at dei ga livet sitt for å spreia trua på han vidare. Ja, av dei 12 apostlane var det bare ein som ikkje leid martyrdøden. Når me les Bibelen i samanheng og ser løftene oppfylte, når me tenkjer på at kyrkja ennå lever i beste velgåande på tross av utallige menneskelege skamplettar, må me ikkje då stemma i: "Han stod opp med guddoms velde."  Det er sant at Jesus lever. Og det er sant at det har ei enorm betydning:

- "Trøsten står som klippen fast: At hans død og blod skal gjelde...."

Trøst ja!  Du kan tru dette var sterkt for kvinner ved grava og disiplar spreidde i fortvilelse etter langfredag. For dei hadde jo langfredag sett ut som det totale nederlaget. Alt dei hadde drømt, håpa på, satsa på, vore med på, låg plutseleg i grus. Dei forsto ikkje det som hadde hendt med Jesus. Dei forsto ikkje kvifor han ikkje gjorde noko for å unngå det. Det einaste dei forsto var at dei hadde svikta sin Mester. Krangla om kven som var størst, sovna i Getsemane, ein hadde svike, ein hadde fornekta, alle hadde dei rømt, knuste og redde for sitt eige skinn.

Så kom påskedag. Og det vart hamra fast i dei med synet av den tome grava, ihoprulla linklede, budskap frå englar og etterkvart møte med Jesus sjølv: Det var ingen grunn til sorg og fortvilelse. "Trøsten står som klippen...."   Korset var ingen tragedie, det var målet for Jesu verk. Påskedag er Guds ja til langfredag!  Påskedag fortel at det siste ropet på korset var eit triumfrop. Det var ikkje bare ei grusom pine som var fullført. Det var Guds eigen bergings-aksjon for oss som var redningslaust fortapte uten Jesus sitt soningsverk på Golgata. Oppstandelsen gjev meining til korset.  "Trøsten står som klippen fast..."  Ja, dette er noko så veldig at

- "Lynet blinker, jorden bever"
av at graven brast og Jesus lever. Det er som om heile skaparve
rket vil seia eit rungande takk til det som nå skjer. Det er som om ei jord som sukkar og lir og blør, vaknar til i eit nytt og evig håp. Det er som om forgifta luft og atmosfære får eit glimt inn i ei framtid utan klimatrøbbel og kreft.  Det er som om ei jord som er trøtt av å drikka blod frå endelause brodermord og krigar jublar mot ein ny himmel og ei ny jord der fred og rettferd bur. Ja, heile skaparverket sukkar og lid som i fødselsrier mot den dagen Jesu oppstandelse varslar, dagen då det skapte skal verta frigjort frå trældommen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen.

Ja, det er ikkje for ingenting at Matteus fortel om jordskjelv då steinen vart velta frå og Johan Nordahl Brun supplerer med lynet. At graven brast og Jesus lever, dreier seg om håp for alt som er skapt. Og det håpet begynnar å verta verkeliggjort med den enkelte som trur. Påskedag siktar på kvar enkelt av oss. For:

- "Jeg har vunnet, Jesus vant."

Me har mista nerven i påskeevangeliet om me bare kan stemma i første verset av JNB sin påskesalme. Viss påsken vert teologi og proklamasjon om det som skjedde for 2000 år sidan, men ikkje noko berande for meg i dag.

Nei, påsken skal vera min. Det som objektivt skjedde, skal vera min erfarte skatt. Og då er det store budskapet i dag: Det er jo ditt. Når du åpnar deg i tru og takk for det Jesus har gjort, då er det ditt.  Når du syng det ut – og inn!  Då er det ikkje tilleggsløp å gjennomføra for deg, ikkje strafferundar over synder som er å bomma på målet, ikkje nye kors som skal snekrast. Nei, Jesus vant og jeg har vunnet!

Høyr korleis JNB meislar ut kva dette betyr. I korte innholdsmetta ord vert alt sagt. Det fortel kor rik du er. Kva for ein seier du har vunne, fordi Jesus vant han for deg. Så kan du gjera det til din bekjennelse, din takk, di tru:

- "Døden oppslukt er til seier."

Døden er ikkje fjerna. Fremdeles romsterer han og knuser håp og skaper sorg. Det er fælt! Me går sorgtunge til våre graver slik kvinner søkte Jesus si grav.  Døden er ikkje fjerna. Men påskeevangeliet ropar ut at dødens brodd er fjerna. Heller ikkje døden kan skilja oss frå Guds kjærlighet. Døden er oppslukt!  Eit fantastisk uttrykk. Døden er gjort til eit ledd i Gud sine planar med oss. Han er porten inn til den evige seieren. Døden måtte gje tapt for Jesus. Han skal også måtta gje frå seg alle som er i Jesus sitt fylgje! Jesus vant og jeg har vunnet!

- "Jesus mørkets fyrste bandt,"...

Etter korset og oppstandelsen kan anklagane hans ikkje skada deg når du held deg til Jesus.  Avhengighet og bitterhet sine bindande krefter har ein overmann. Djevelen og det vonde fekk sitt avgjerande nederlag på Golgata og påskemorgon. Fremdeles kan mykje vondt og djevelsk ramma oss og det er slettes ikkje alltid lett å leva. Men den vonde har ikkje fritt spelerom. Han veit han har tapt. Han har ingen makt over dei som stolar på at fortida er tilgitt og framtida opna slik påsken forkynner. 
Jesus vant og jeg har vunnet!

- "Jeg den kjøpte frihet eier"...

Eg er fri til å vera den Gud skapte meg til å vera. Jesus har kjøpt meg den friheten. Med sitt blod og med sin oppstandelse som garantibevis. Eg får tru meg fri frå synda si skuld. Eg får be om å verta meir og meir fri for synda si makt. Eg er fri til å leva for Gud og nesten og ikkje for meg sjølv. Eg er fri til å tena med eit takknemleg hjarta, med villige hender og føter som vil gå Guds ærend.  Jesus vant og jeg har vunnet!

- "Åpen har jeg himlen funnet"....

Her og nå er livet mitt heilt og fritt og åpent.  Eg får leva med ein open himmel. Med tru på framtida. Med å vita at kva som enn skjer, så har Jesus vore der før meg, og er med meg. Han går føre, ikkje bare til Galilea, men til verdens ende. Han går føre meg til dei medmenneska han vil eg skal vera noko for. Han går føre meg og steller i stand den endelege heimen min.

Åpen har jeg himlen funnet. Jesus vant og jeg har vunnet. Seieren er vår!

Arkiv alle preiker
Ikkje gløym å takka
Hausttakkefest. Lukas 17, 11-19
Ikkje gløym å takka
Eg veit ikkje om 9 av 10 gløymer å takka Gud for hausten si grøde og eit godt skaparverk.  Men eg trur me i kyrkja skal vera som den eine som går til Gud med takken. ...
LES MEIR Publisert: 04. Oktober 2018
Ja-tog og nei-tog
Lukas 7, 11-17 Konfirmantpresentasjon 17.sundag i treeiningstida
Ja-tog og nei-tog
Mykje folk var med.  Me vil vera slike folk.  Kyrkja vil vera det.  Me vil vera slike som Jesus var mest av, slike som har inderleg medkjensle og stoppar opp og går heilt borttil og trøstar.
LES MEIR Publisert: 17. September 2018
Ein del av noko større
Semesterstart 19.08.2018. 13.sundag i treeiningstida. Lukas 12,42-48
Ein del av noko større
Å vera trufast er å retta meg mot meir enn meg sjølv.  Det er å vera og sjå seg som del av noko mykje større.  Noko eg kjenner ansvar for, glede over og står ansvarleg...
LES MEIR Publisert: 30. August 2018
Møte som set spor
Kveldsgudsteneste 26.aug 2018. Bibeltekst 1.Kor.3,4-11
Møte som set spor
Han planta gjennom møte som sette spor.  Dei han møtte, sette spor i han.    Fullt opp av ekte møte.  For tru kan bare gro fram gjennom tillit.  Håp oppstår i det truverdig...
LES MEIR Publisert: 29. August 2018
Truskap mot bibel og menneske
Johannes 8,2-11. 9.sundag i treeiningstida 2018
Truskap mot bibel og menneske
Å kombinera respekt for Guds Ord og respekt for det enkelte menneske.  Berre det er i stand til å reisa opp bibelen sin autoritet hos folk flest – og hos meg sjølv....
LES MEIR Publisert: 23. Juli 2018
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone