På veg i kjærleik
Joh.13,30-35 - 4.sundag i påsketida / årsmøtedag

På veg i kjærleik

Av: Stein Ødegård
Publisert 24. April 2018
Me finn ikkje oss sjølv og andre med å lengta tilbake eller gro fast i det bitre og triste.  Eller å ha hjarta og lengsel ein plass der framme, altfor langt frå der me faktisk er.  Herrens veg er nå.  Min veg er nå. Her. Kyrkja sin veg er nå.

Me er på veg!  Underveis.  Mot noko.  På veg. 

Me er på veg mot dåpsselskap og slektsglede.  Me helsar ein liten på veg inn i slekta og kyrkjefamilien.  Me er på veg mot årsmøte og kyrkjemiddag. På veg med å lukka eit kapittel i kyrkjeboka og skriva oss litt på veg inn i neste kapittel.  Me er på veg heile tida.  Mot kvardagen frå sundagen.  Mot evigheten frå tida.  Mot draumar og lengsler.  Frå rapportar og status mot visjonar og mål.  På veg med å snu blikket frå det som var, til det som kjem.

Dei 3 bibeltekstane i dag har viktige ord om å vera på veg – og om å læra å kjenna Herrens veg i våre vegar. 

Det er nå det spirer fram
Først var det profeten Jesaja (43,18) som fortel korleis Gud eingong gjorde veg og nå skal gjera noko nytt. Stien som Israelsfolket fekk gå gjennom Sivsjøen med vatnet som ein mur på begge sider er historie, god historie.  Men nå skjer noko nytt:  Folket, som på nytt er landflyktningar, i eksil i Babylon, skal oppleva at Gud legg ein ny veg, ikkje gjennom havet, men i deira ørken.  Dei er på veg heim.  Gud gjer noko nytt.  Dei skal ikkje tenkja på det som var.  Dei skal ikkje drøyma seg vekk verken i gamle, gyldne stunder eller i katastrofen og sorga, alle tapte år med tårer som fylte Babylon sine elvar.  Å vera på veg er viktigare. 
Gud er Gud for dagen i dag, før han er Gud i historien der bak.  Det er nå han gjer noko nytt.  Det er nå det spirer fram.  Merker de det ikkje?

Alle som er på veg og bed om å læra å kjenna Herrens vegar, må vita dette.  Dei som trur på Gud og skal finna fram i livet sitt.  Dei som er kyrkje, som djupast sett er å vera til for andre enn seg sjølv, må vita dette like mykje.  Me finn ikkje oss sjølv og andre med å lengta tilbake eller gro fast i det bitre og triste.  Eller å ha hjarta og lengsel ein plass der framme, altfor langt frå der me faktisk er.  Herrens veg er nå.  Min veg er nå. Her. Kyrkja sin veg er nå.  For det er her og nå det spirer fram, det som Gud gjer.  Bruk augene.  Lytt med øyre og hjarta.  Merker de det ikkje?  Det er nå eller aldri!  Det er nå det gjeld!

Tilstandsrapport i Efesos
Frå profeten fekk me innblikk i eit anna nå. Den visjonære apostelen Johannes, som ser og høyrer og skriv og teiknar opp for oss den oppstandne Kristus, han som ser og helsar nokre av dei tidlegaste kristne menighetane me veit om (Op.2,1-7).  Nå er dei forfulgde og trua.  Dei skriv ikkje sjølv rapportar og årsmelding om kor dei har vore og er på veg.  Dei får tilstandsrapporten frå Herren sjølv. Og den er ikkje uten formaning og handlingsplan og oppmuntring. Kyrkjelyden i Efesus er på veg mot noko som er godt og noko som er mindre godt.  Dei slik som me.

Efesos, storbyen, ligg der fremdeles, ein utgraven ruinby i dagens Tyrkia, med sine gater, sitt teater, sitt antikke bibliotek og sine smekre søyleverk og bygningar. Dei kristne måtte kjempa ein hard kamp for å bevara integriteten sin i denne byen. Mange år etter at Paulus var sine 3 år i byen, ser me av Åpenbaringsboka at det har gått galt for den kristne menigheten der. Dei truande har stridd trua sin gode strid så godt dei har kunna, men nå er det noko som manglar. Dei profetiske orda i Åpenbaringsboka seier det slik: Du har gjeve opp din første kjærleik.

Den første kjærleiken
Dei har ikke lenger kjærleiken og trua sin brennande iver for Jesus og fellesskapet. Dei held på å missa krafta. Dette som gjorde at den kristne kyrkja blei til og spreidde seg med ei forunderleg kraft så fort.  «Sjå kor dei elska kvarandre!» vart det sagt.  Folk vart forundra over denne kjærleiken som var annleis, han sette ikkje grenser mellom folk, han inkluderte dei forakta og svake, han venta ikkje å få igjen, han var gåve og praktisk handling. 
Han vekka nysgjerrighet.  Kven trur dei på?  Kor kjem denne varmen og krafta frå?  Slik var så mange tidlege kristne på veg.  Dei fylte antikken si verd med Kristustru og elska andre, slik dei sjølv var elska.  Dei var på veg med evangeliet.  Sjå, Gud gjer noko nytt. Nå gror det fram. Merkar de ikkje? Kristen tru på veg.

Så skjedde noko.  Eller han som ser, såg det før dei heilt merka det sjølv.  Dei hadde gitt opp sin første kjærleik.

Kor er me på veg?  Mot kolna kjærleik eller fornya kjærleik?  Kjærleiken må alltid fornyast, om trua skal vera ei kraft i meg og eit bål som varmar i verda.  Me har ikkje råd til å missa kjærleiken.  Då er me på veg ein plass me ikkje skal.

Heitare i toppen enn i hjarta
Det ser ut som efesarane sin kamp for å bevara integriteten sin har gitt dei eit engasjement for rett lære.  Dei får ros for å satsa på det ekte og avvisa det falske.  Men kan det vera at kampen for rett tru har gjort at dei har fått meir mistru i fellesskapet, at dei ikkje trur det beste om kvarandre, at dei kjempar for trua med mangel på respekt og varme?  Slikt kan skje og har skjedd til alle tider. Ein gong hadde Paulus sagt til dei:  Me skal vera sanninga tru i kjærleik.  Hadde dei gløymt det?  Makta dei det ikkje.  Vart rett lære viktigare enn rett liv?  På veg mot kolna kjærleik.

Det er fort gjort å verta heitare i toppen enn i hjarta.  Me kan det i dag også.  Ikkje alt er det muleg å vera einig om og sjå likt på.  Ikkje tolkninga av alt som står i Bibelen.  Ikkje korleis bibelord best kan gjera livet i 2018 godt og sant og rett og hellig i alle slags situasjonar og dilemma.  I dag får me høyra at det skal vera meir varme i kjærleiken enn i meiningane våre.  Me prøver å halda dette høgt i Brynekyrkja.  Me seier me vil vera kyrkje for gode relasjonar, me opnar eit rom for å vera rause i mangfold og tydelege i retning, at andre ikkje treng tenkja og meina som meg, men at Brynekyrkja vil vera ekte kyrkje:  Ha Jesus i sentrum.  Aldri gje opp kjærleiken til han og hans ord.

Kor er kjærleiken på veg?
Går det godt dette?  Det er ikkje sjølvsagt.  Me kan vilja utan heilt å evna, eller ikkje villa det nok.  Kor er kjærleiken vår på veg?  Du har eit trusliv.  Kor har det vore?  Kor er det på veg?  Er det tid for å fornya eller søkja den første kjærleiken til Jesus?  Gje rom for ny varme og begeistring?  Eller ikkje nødvendigvis så fokusert på følelsar, men på handling.  Det er jo det som ligg i bibelen sitt syn på kjærleik.  Forplikta meg til å gjera godt mot mine, mot framande og utsette, mot kyrkja mi, og vera med å gje trua vidare slik eg kan.

Viss eg er usikker på om eg eigentleg er på veg mot kolna eller fornya kjærleik, så er dagens helsing frå Gud at eg kan håpa på noko mykje større enn meg sjølv.  På han som seier: «Sjå, eg skapar noko nytt.  No spirer det fram. Merker de det ikkje?»  Den avgjerande tida er ikkje før eller ein gong, det er nå.  Det er Guds tid.  Det er vår. Når han får rom og skaper tru og kjærleik.

Judas og Jesus på veg
Alltid er nokon på veg.  I alle 3 tekstane i dag er det slik. I evangelieteksten er Judas på veg.  Og Jesus er.  Judas er på
veg ut i natta med sviket sitt.  Jesus er på veg mot korset, og startar direkte, sterk tale på avskjedskvelden med vennene sine.

Judas er ei gåte.  Me klarer ikkje heilt følgja og forstå den vegen han går, ut i natta og sviket.  Og Jesus er mest ei like stor gåte når han fortel at Gud vert herleggjort gjennom det som nå skjer.  At forræderiet og frelsa ligg så tett på kvarandre. 

Er det at til og med dette vondaste kan snus og brukast i Guds plan?  Er det at Gud i Jesus gjev seg sjølv heilt for oss nettopp i den mørkaste stunda når han vert sviken.  Så høgt er det falne mennesket elska.  Så stor er kontrasten mellom hans kjærleik og vårt svik, mellom hans lys og vår natt.

Kristen tru sin skatt
Ja! Seier eg.  Det har alltid vore og vil alltid vera dette som er kristen tru sin skatt.  Den djupe grunnen til at trua spreidde seg tross forfølgjingar og finn oss i dag.  For me veit om natta.  Me veit om sviket.  Me veit om veik og kolna kjærleik.  Og me ser han som elskar og gjev seg sjølv heilt for oss.  Heilt til korset, der han til og med tilgjev dei som korsfestar han.

Han kan gje oss eit nytt bud, for han har gitt oss ein ny fred. 
Han kan sei at kjærleiken er kjenneteiknet på at me er hans læresveinar, for kjærleiken kjem frå han som elska oss. 
Han kan sei at folk skal skjønna av kjærleiken at me er hans læresveinar.
For folk veit kven me er, at vår eigen kapasitet til å elska er mildt sagt ustadig.  Men viss det er noko der som minner om at dette må me ha fått, dette må vera ein skatt i skrøpelege leirkar, dette må vera nokre som veit dei er høgt elska, dette må vera kjærleik inspirert av eit eineståande forbilde, å elska som han har elska?  Ja, då kan underet skje at Gud vert herleggjort gjennom han som fyller heilt vanlege, allminnelege folk, med noko som er av Jesus.

På veg i det nye som spirer fram.
Dei som er på veg og bed om å læra å kjenna Herrens vegar, må vita dette: «På kjærleiken skal alle skjøna at de er mine læresveinar.»  Så då skal ikkje kjærleiken kolna, då skal han ikkje sortera andre, då skal han ikkje drukna i noko gammalt som var eller drøyma seg langt vekk til noko som kan koma.  «Sjå, eg skapar noko nytt.  No spirer det fram. Merker de det ikkje?» 

Me er på veg.  Underveis.  Ikkje mot noko som var eller mot noko som kan koma. Me finn ikkje fram i livet og kyrkja si framtid utan å vera i Guds og vår nåtid.  Det er nå det skjer.  Det er nå det gjeld.  Nå-et er Guds tid og Guds veg.  Han som elskar.  Og bed oss først av alt å elska.  Nå og alltid.

Om meg

Eg starta som sokneprest i Bryne 1.aug 2008. Det var å koma heim. Å få gje tilbake der eg har fått så mykje.
 
Eg er fødd 6.juli 1957, oppvaksen på Løge i Time, døypt, konfirmert, gift (med Liv Torunn frå Oma) og presteordinert i Time kyrkje (av Sigurd Lunde 22.juni 1984).

Før eg fòr til Oslo med teologi på MF og til 24 presteår i Agder og Telemark (Tokke, Lyngdal, Evje og Hornnes), vart retninga på livet djupt forma av å bli med på oppstarten av ungdomskoret TeDeum og det første styret i Ungkyrkja. 
 
Nå er eg komen heim og kjenner det stort å vera midt i den store utviklinga i byen Bryne og bidra til at Brynekyrkja er ein viktig faktor for folk og by.
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

Meir frå presten si verd
Nytt liv
Time kyrkje pinsedag 2018. Johannes 14,15-21.
Nytt liv
Kanskje Gud har noko nytt han vil meg? Det er viktig å gå nye veger. Guds Ånd ville sikkert hatt oss der tidlegare. Hans varemerke er nytt liv.
LES MEIR Publisert: 21. Mai 2018
Jesus lever, graven brast!
Matteus 28,1-10 Påskedag 2018
Jesus lever, graven brast!
Bergensbispen Johan Nordahl Brun har gitt oss påskeevangeliet på to vers. Ingenting er usagt. Alt er med. Det objektive frelsesfaktumet og den subjektive jubelen har...
LES MEIR Publisert: 03. April 2018
Sløsing
Matteus 26,6-13 Palmesundag 2018
Sløsing
Sorg og glede og kjærleik kan du sløsa med. Det produserer ikkje taparar og fattige. Det skal aldri opp til snusfornuften sin eksamen. Det er anstendig å sløsa uanstendig med kjærleik!
LES MEIR Publisert: 25. Mars 2018
Himmelsyna
Kristi forklaringsdag 04.02.2018. Markus 9,2-13
Himmelsyna
Sporleggjaren har lagt den ferdige trasèen opp til det store Himmelsyna. Jammen vil eg opp og sjå!
LES MEIR Publisert: 04. Februar 2018
Guds tid inn i vår tid
Matteus 1,20-21. Nyttårsdag i Time kyrkje
Guds tid inn i vår tid
Kyrkjeåret er gylden tid i tida, fylt med trua og håpet sin ABC. I mine tider kjem Guds tid. Med mine fylte hender, vert eg lagt i Gud si hånd. I mine travle steg,...
LES MEIR Publisert: 08. Januar 2018

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone