Rettleiing frå far og mor
Kveldsgudsteneste 22.sundag i treeiningstida. Tekst: Ordt.6,20-23A.

Rettleiing frå far og mor

Tekstmeditasjon etter Jon Aarsland sine "Inntrykk frå ledsagerprogram i Betlehem"
Publisert 22. Oktober 2018
Eg er evig takknemleg.  Mor og far sleppte meg fri til å vera subjekt i eige liv. Og dei passa seg nok for å ta meg med til miljø der dei modale hjelpeverba var rekna som ganske kristelege.
  20 Son min, hald fast på boda som far din gav deg,
          forkast ikkje rettleiing frå mor di!
          
    21 Bind dei alltid til hjartet ditt,
          knyt dei om halsen!
          
    22 Når du går, skal dei leia deg,
          når du ligg, skal dei verna deg,
          og når du vaknar, skal dei tala til deg.
          
    23 For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys,

Dette var jo litt av ei oppfordring.  Å halda fast på buda far ga.  Og ikkje forkasta rettleiinga frå mor. Og mens de tenkjer på om og korleis far ga bud – og om og korleis mor ga rettledning – så fortel eg mitt enkle vitnesbyrd om det. Det første møtet som sette spor.

Ga far bud? 
Han gjorde jo det. 
Noko var lov og noko var ikkje lov.  Mykje av det var god tone, skikkar og grenser som høyrde til oppdragelse i tida og heimen. Men buda sit ikkje fast i meg.  Ikkje mange kan eg ta igjen. Dei var ikkje påbud som på noko tidspunkt har vore bunde til hjarta og knytt om halsen, verken på godt eller vondt.  Far ga nok begrensa med bud.  Heller ferdigheter. Slike som fulgde livet på ein gard. Og slike som var musikk og trekkspel og Hammondorgel og korsang og leik.  Det var ikkje påtrengande ferdigheter heller, mykje eksempel.  Far tok meg inn i arbeidet og sangen og eit relativt kulturope syn på livet.  Eg tenkjer det har gitt sitt gode bidrag til å forma meg, leia meg og vera lys og lykt.

Ga mor rettledning?
Ja, slikt som høyrde med til å vera nokolunde veloppdragen.  Ikkje for mykje, trur eg.  Mor ga eksempel.  Ho bad og lærte oss å be.  Ho var og er mild og klok.  Ho integrerte syke-pleieutdanning og det å studera i Oslo i 50-åra i ein sjølvstendig personleghet som hadde gleda i å setja andre fri, slik ho sjølv er.  Ho var ein kjærleik som alltid var der.  Det var ikkje eg som bandt dette til hjarta og knytte det om halsen. Det var ho. Ho som lot det vera lufta eg pusta i når eg vakna til morgons og la meg til kvelds.

Subjekt i eige liv
Når eg tenkjer på mor og far si rettleiing, var det ganske passe av slike gode ting som det vert folk av.  Og det var lite – kanskje mindre enn vanleg på Jæren – av slikt som gjer at ein kan gå rundt med eit større lass av far sine bud og mor si rettleiing.  Det var lite av modale hjelpeverb, av må og skal og bør.  Eg trur eg fekk ein av dei største gavane ein oppvekst kan gje:  Trygg på at eg er subjekt i mitt eige liv, og gode eksempel slik at subjektet ikkje vert ego og fyk på villspor.  Eg er evig takknemleg.  Mor og far sleppte meg fri og passa seg nok for å ta meg med til miljø der dei modale hjelpeverba var rekna som ganske kristelege.

Bunde til hjarta og knytta rundt halsen
Då eg var ung, vart eg bevisst ein større far.  Eg var ikkje redd for buda hans.  Eg tenkte at Guds vilje er så god at eg vil følgja Jesus og ha ordet hans som lys og lykt.  Og då eg vart større, vart eg djupt rørt då mor fortalde biskopen som ordinerte meg at ho alltid hadde bedd for livet og trua mi, men aldri våga å tenkja at Gud ville svara med prestekall.  Og så vart eg minst like rørt då far skreiv sitt einaste brev til meg i starten av studiet i Oslo.  Han fortalde at mor sine bønner og ungane sine livsvalg hadde gjort så inntrykk at det ikkje var nok å vera kulturkristen.  Han begynte å gå til nattverd og fekk trua som lys og lykt i livet.

Dette er bunde til hjarta og knytta om halsen.  Det same er vidsynet til mor og far, på kvar sin måte.  Eg lærte å sjå livet og saker med 2 auge.  For me har altså fått desse 2 augene til å sjå med og desse to øyrene til å lytta godt med.  Nokre har sagt det er ei ulukke i kyrkja at me visst må vera einauga for å bli rekna som sjåande. Me skal ikkje lukka augene verken for bibelsk sanning eller for sann og erfart verkeleghet.  Det er i det ekte, verkelege livet at bud og rettleiing skal vera lys og lykt.  Dei er ikkje tenkt inn i eit einsidig verdensbilde og i ekkokammer som er lite opne.

Første skritt
Har me høyrt med to øyre og sett med to auge i kveld?  Det kjem faktisk an på oss sjølv.  Om me vil lytta til møter som set spor og opna oss for erfart verkeleghet.  Kan me kunsten å sjå med to auge og sjølv vera subjekt i det me vil stå for, så er det ikkje farleg, men lærerikt å ta inn det som andre fortel.  Me kan sjølv balansera det med andre perspektiv me har sett. Også 2 ulike perspektiv på kvar si side av ein Betlehemsmur som ber i seg ein forsterking av 2 folk i konflikt og altfor mykje urett.  Me kan våga å sjå det også.  Me kan gjera det som ofte er ei god tilnærming i vanskelege spørsmål. Spørja kva som er det første vesle skrittet eg faktisk kan ta for synleg å bry meg om den som lever under vanskelege kår.

Arv på vondt og godt
Me veit at far sine bud og mor si rettleiing og eksempla som mange gjev til ungane sine i denne konflikten, er lite lys og lykt.  Dessverre. Vonde tankar og lukka perspektiv går i arv.  Det er heilt andre vilkår enn noko eg huskar som eit minne frå ein samtale med min far.  Han sa eingong at det var noko med tyskarar som ei stund var vanskeleg for han, etter å ha den tyske vaktposten tett på, på Løge mens det var krig og han var gutt. Og det skein igjennom at han hadde mindre tru på det fargerike, fleirkulturelle felleskapet enn eg som såg det tett på i studieåra i Oslo.  Men far overførte ikkje noko av dette på meg. Han ga ikkje bud og bindingar.

Noko må alltid berast vidare og forteljast i ein familie.  Urett og slikt som stel håp.  Det ligg ei kraft til endring i å fortelja om det vonde. Og det ligg ein skatt i kristen tru som gjer det muleg å velja det gode. Det fins alltid mulegheter for at barn kan velja å vera subjekt for ein betre veg enn dei har fått i arv. Her i kyrkja har me fleire gonger latt oss inspirera av Bridgebuilders-prosjektet til Israelsmisjonen.  Det er håp i unge som er villige til å sjå med begge auge og verta utfordra av det den andre fortel. 

Det store budet
Slik kan forsoning skje.  Og det er forsoning på ein grunn av forståing og rettferd som er den kristne kyrkja sin store gave, viss mor og fars og min historie bind fast og hindrar håp og nye veger.  Det store budet er frå han som elska ennå meir ubetinga enn nokon mor, og ga det eksempelet som er meir enn nokon far sitt.  «Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre»

Den som veit seg elska kan sjå med begge auge.  Den som er elska, kan koma med alt det me slit med å få til å gå opp, og leggja det av i nattverd og bønnevandring.  Jesus er der med sin nåde.  Og frie subjekt kan be om kva dei vil.

Arkiv alle preiker
Fred i uroleg sjø
Forfulgte sin sundag, 25.sundag i treeiningstida - Matteus 14,22-34
Fred i uroleg sjø
Dei som meir enn andre kjempar i motvind og tung sjø, sit ikkje og deppar i båten og lurer på kor Gud er, slik me meir blaserte fort gjer.  Dei veit og praktiserer...
LES MEIR Publisert: 13. November 2018
Ikkje gløym å takka
Hausttakkefest. Lukas 17, 11-19
Ikkje gløym å takka
Eg veit ikkje om 9 av 10 gløymer å takka Gud for hausten si grøde og eit godt skaparverk.  Men eg trur me i kyrkja skal vera som den eine som går til Gud med takken. ...
LES MEIR Publisert: 04. Oktober 2018
Ja-tog og nei-tog
Lukas 7, 11-17 Konfirmantpresentasjon 17.sundag i treeiningstida
Ja-tog og nei-tog
Mykje folk var med.  Me vil vera slike folk.  Kyrkja vil vera det.  Me vil vera slike som Jesus var mest av, slike som har inderleg medkjensle og stoppar opp og går heilt borttil og trøstar.
LES MEIR Publisert: 17. September 2018
Ein del av noko større
Semesterstart 19.08.2018. 13.sundag i treeiningstida. Lukas 12,42-48
Ein del av noko større
Å vera trufast er å retta meg mot meir enn meg sjølv.  Det er å vera og sjå seg som del av noko mykje større.  Noko eg kjenner ansvar for, glede over og står ansvarleg...
LES MEIR Publisert: 30. August 2018
Møte som set spor
Kveldsgudsteneste 26.aug 2018. Bibeltekst 1.Kor.3,4-11
Møte som set spor
Han planta gjennom møte som sette spor.  Dei han møtte, sette spor i han.    Fullt opp av ekte møte.  For tru kan bare gro fram gjennom tillit.  Håp oppstår i det truverdig...
LES MEIR Publisert: 29. August 2018
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone