Lat oss gå inn til Betlehem og sjå...
Julaften 2018 kl.17. Lukas 2,1-20

Lat oss gå inn til Betlehem og sjå...

Publisert 28. Desember 2018
Uinteressert og selektivt forhold til fakta bryt ned den tilliten som samfunn byggjer på. Det set skilje mellom menneske og byggjer konspirasjonar. Det skaper ufred på jorda og gjev på ingen måte Gud ære, slik englar syng. Stikk i strid med evangeliet, som er nøye på fakta. For det er fakta trua og tilliten kan byggja på.

Kva skal du gjera når englar har fortalt ein vanvittig nyhet? Og det  til folk som aldri hadde tenkt at akkurat dei skulle få helsing direkte frå himmelen, med ein spesialutsending rett oppi vaktbålet og gjetarkjeppar. Kva skal du gjera når nattehimmelen vert opplyst av eit englekor som syng så vakkert og sterkt at du kan dåna?

Ja, skal du ikkje sei og gjera akkurat det desse kvardagsfolka gjorde, gjetarar på jobb: ”Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort oss.” 

 

Viss me høyrer godt etter kva dei seier, så har dei med korte ord, 3 setningsledd, oppsummert alt det som Lukas seier og vil med juleevangeliet sitt. ”Lat oss gå inn til Betlehem og sjå.  Dette som har hendt. Det som Herren har kunngjort oss.” 

 

Den reaksjonen fortel at julebudskapet fører til forandring, jula skaper historie. Så i dag skal me prøva å tenkja og takka og handla litt på desse 3 plana.  Først er det faktahistorie. 

  1. Faktahistorie
    … ”dette som har hendt…”
    Jul er ekte historie.  Det er noko som faktisk har hendt.  Lukas er nøye på å understreka dette frå starten av:  ”Det skjedde i dei dagane…”  Tid- og stadfesta.  Faktahistorie.  Den latinske bibeloversettelsen uttrykker dette slik:  ”Factum est…”  Det forstår me, om latin elles er fjernt som gresk og russisk.  Ingen tvil om at dette er faktahistorie, så mykje historie at det vert midtpunktet i verdenshistorien, punktet som alt før og etter må referera til. Tidsaksen me lever i. For: Faktum est.
     
    Både for små og store er det lett å kjenna at julefortellinga er så flott!  Så levande og malande.  Det Lukas fortel, treff hjarta og førestillingar så det susar.  Det er jo som eit eventyr, den gaven Gud gjev oss i jula, at han vert nummer 3 i ein familie på 2, og kjem heilt inn i kvardag med krybbe og stall.  Men det er også meir enn eventyr.  Det er evangelium! Det er faktahistorie.  Det har hold i seg.  Det har rett og slett delt historien vår i to.  Det har snudd opp ned på det som er viktig.  Keisarar og landshøvdingar huskar me navnet på, fordi det var i deira tid at Jesus vart fødd. 
     
    I 2018 vert det drive mykje faktasjekk.  På skular, universitet, presse og dels i politikken.  Dessverre er det for mange tendensar i den siste til å sjå vekk frå fakta, eller vera selektive på fakta, ja, faktisk vera uinteressert i andre fakta enn dei me ønskjer å sjå og pleia i våre eigne digitale ekkokammer.  Det er farleg.  Det bryt ned den tilliten som samfunn byggjer på.  Det set skilje mellom menneske. Det byggjer konspirasjonar. Det skaper ufred på jorda og gjev på ingen måte Gud ære, slik englar syng.
     
    Det er i direkte strid med evangeliet.  Evangeliet er nøye på fakta, for det er fakta trua og tilliten kan byggja på.  Det er faktiske hendingar som støttar trua på at Gud har vorte eit menneskebarn for å gjera oss til hans elska barn.
     
    ”Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt”… sa gjetarane.  Dei trudde at det faktisk hadde hendt, og at det hadde ein spesiell betydning.  Dette som faktisk har hendt, er frelseshistorie.  Gud elskar oss så høgt at han gjer det dristigaste av alt:  Han lar seg fø som menneske. Han vert den mest sårbare og ubeskytta av alle.  Midt i ei verd som har lite toleranse for det som er smått.  Midt i ei verd der grusomme ting kan skje.  Midt i ei verd av fødselsmerte og uforståeleg død og glede og sorg som kan veksla og mest sprengja oss sund.
     
    Det er til oss Gud kjem.  Til oss som er såra og sørgjande. Ja, Gud kjem så nært at det er han som vert sårbar som oss. På ny og på ny utleverer han seg til dei som stenger husromma sine, ristar på hovudet eller spottar og slår og velger han vekk.  Han kan ikkje slutta å elska oss.  Lengselen er så enorm etter at skapningane hans skal ta imot Guds son som frelsar og håp og vera Guds barn, født på ny ut av Adam og Eva si slekt.
     
    Når juleevangeliet har klart å omforma historien vår slik at me reknar han frå Jesu fødsel, så er det ikkje bare fordi Jesu fødsel er eit faktum, og ikkje bare fordi Jesus er storleverandør av etiske og menneskelege verdiar, men også fordi ”dette som har hendt” er frelseshistorie.  Og ein ting til:
     
  2. Åpenbaringshistorie
    Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.”
    Dette som har hendt er ikkje bare ei taus hending, det er ikkje bare Maria og Josef sin vel bevarte hemmeleghet.  Det er ei kunngjering: ”I dag er det fødd dykk ein frelsar.  Han er Kristus, Herren.”  Englar måtte til for å bringa nyheten. 
     
    Gud har brote tausheten.  Han sender ikkje bare sin Son, men ein hær av englar som bringer ei åpenbaring frå himmelen. Betlehem sin gater hadde jo ingen velkomstkomitè.  Hemmelegheten med barnet i krubba måtte verta avdekka, åpenbart, kunngjort. Dette skal alle få vita. Ei glede for alt folket.  Dette skal alle få ein sjans til å tru på og ta imot. I Jesus ser og høyrer me Gud.  Jul er åpenbaringshistorie, som kyrkja vil halda levande! For jul skaper
     
  3. Erfaringshistorie
    Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.”
     
    Slik tenkte gjetarar – og slik handla dei.  Dei gjekk og såg.  Det var utenkjeleg å setja seg ned og ta livet med ro:  ”Nei, jaså, er det fødd ein frelsar i dag, så kjekt då!”  Og så la dei meir ved på bålet…  Nei, dei måtte ut og undersøka.  Det som hadde hendt og det som var kunngjort, var så stort at det måtte undersøkast og bekreftast.  Det ropte etter å erfarast.  Så gjekk dei og såg. Dei fann mora og barnet.  Dei erfarte det som hadde hendt.  Dei såg og trudde. Etter dette var livet eit anna.  Deira julenatt var erfaringshistorie.
     
    Julebudskapet har skapt ufatteleg mykje erfaringshistorie opp gjennom tidene. Og dette er jula sitt mål!  Alltid vil budskapet ropa etter å erfara det.  Som sant. Som tru og tillit. Som trøst og håp. Så stort er det at det må vera ditt. 
     
    Det er mitt ord i dag: Frelsaren er født og midt i blant oss.  Det er fakta.  Det inneber frelse.  Det er Gud som kunngjer si kjærlighetshelsing til oss.  Erfar det og lev i det. Gøym det i hjarta. Gje det vidare! Syng det! Det er lys i all slags mørke!
Arkiv alle preiker
Så nær som Gud er
Treeiningssundag 2019 - Apg.17,22-34
Så nær som Gud er
Det vert ingen god samtale utan respekt. Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held høgt, kan ingen vinna på.
LES MEIR Publisert: 16. Juni 2019
Anden si frukt er...
Pinsedag 2019. Joh.14,23-29
Anden si frukt er...
Å ha kjærleik er å vera pinsevenn. Å eiga gleda er å vera Kristi himmelfartsvenn. Å kjenna fred er å vera påskevenn
LES MEIR Publisert: 10. Juni 2019
Å leva for noko større
Konfirmasjon 2019 - Joh.20,24-31
Å leva for noko større
Det er ikkje lett å posera med ein 100% i fasaden, men kjenna på ein heilt annan prosent inni skalet og djupt i sjela.
LES MEIR Publisert: 13. Mai 2019
Å vita vegen
Kveldsgudsteneste 4.sundag i påsketida, Johannes 14,1-6
Å vita vegen
Me treng ikkje vita vegen, Jesus finn deg der du er. Me treng ikkje skjula bresta våre, han reparerer med nåden sitt gull.
LES MEIR Publisert: 13. Mai 2019
Kva Jesus set i gang
3.sundag i påsketida 2019 - Markus 6,30-44
Kva Jesus set i gang
Det er herleg å få mat og verta mett! Det er endå sterkare å vita at du nå får vera midt i eit omsorgsunder! At det er bruk for deg, og ressursane dine vert så...
LES MEIR Publisert: 06. Mai 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone