Ingen eller nokon
Johannes 5,1-15 på 5.sundag i openberringstida 2019

Ingen eller nokon

Publisert 04. Februar 2019
Kva gjer 38 år i sjukdom med sjølvkjensle, sjølvrespekt og livsmot? Kva tenkjer ein kronisk sjuk om seg sjølv, andre, livet og Gud når alt har gått imot så lenge han kan huska?

Sjuk i 38 år!  For eit liv!  For ein skjebne!  Her sit me og lener oss ganske trygt til eit velferdssamfunn som er i stand til å ta seg av mange av livet sine sjukdomsbører. Kontrasten mellom han som var hjelpelaust sjuk i 38 år og vårt samfunn, kan knapt vera større. Helsebudsjetta i Norge er enorme. Legetenestar er tilgjengeleg for alle. Uavhengig av status og inntekt dekker fastlegeordninga kvar minste krok av landet.  Sykehusa har spesialistar, vitenskap, maskinar, utstyr og kunnskap og medikament som ligg på eit så avansert nivå at me knapt kan fatta det.  Me veit ganske så mykje om kva me skal gjera også, for å ha ein livsstil som førebyggjer helsetrøbbel, og kor me skal ringja eller gå viss me vert sjuke.

Kronisk sjuk
Kontrasten til Johannes si Jesusforteljing er enorm. Maktar me å leva oss inn i livssmerten som teksten vår skildrar? Klarer me førestilla oss eit liv på ei båre i 38 år. Fullstendig avhengig av andre. Utan rullestol. Isolert. Dømd til å tigga og be om andre sin medlidenhet. Er det rart at livet hans vart eit einaste ønskje om å verta frisk?  At han prøvde dei få mulighetane som fans?  Satsa alt på at Betesda-dammen ikkje hadde godt rykte for ingenting. Men også der kom han til kort. Alltid vart han for sein, venne- og hjelpelaus når vatnet og stemninga syda, og det galdt å ha spisse albuar og gode venner.

Men det er ikkje bare han, dette...  Han har mange lidingsfellar opp gjennom historien. Ein endelaus straum av menneske som fekk livet øydelagd av sjukdom, til og med i samfunn med store helsebudsjett.  For mennesket er utestengd frå Paradis-hagen. Me kjenner nokon personleg. Ber kan hende på noko sjølv. I alle fall ber me på smerten over at livet sakte skal brytast ned og kroppen til slutt verta til jord.

Vil du verta frisk?
Og så kjem det altså ein mann til Betesdadammen og til kyrkja i dag og spør rett ut: "Vil du verta frisk?"  Han stiller spørsmålet mange lengtar etter å få. For han som hadde vore sjuk i 38 år, var det ingenting som kunne kjennast viktigare enn det.  Det betyr at Jesus såg han. Han som var den svakaste av dei svake.  "Vil du verta frisk".  Høyrer me respekten i spørsmålet?  Høyrer me at Jesus møter eit heilt menneske, ikkje bare ein sjuk kropp?  Forstår me at Jesus ser i djupet av behova våre?  Kva gjer 38 år i sjukdom med sjølvkjensle, sjølvrespekt og livsmot?  Kva tenkjer ein kronisk sjuk om seg sjølv, andre, livet og Gud når alt har gått imot så lenge han kan huska?

Ganske typisk piplar det fram tankar som tyder på underdanighet og umyndiggjering.  Han slit med å ta spørsmålet som ein gave, og skuldar på dei andre, på manglande ressursar og personell og urettferdig købehandling i den tid tids helsehjelp.  ”Herre, eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.”  Livet har for lenge sidan begynt å handla om det som ikkje nyttar. Han treng hjelp, for å sjå noko nytt, i seg sjølv, i andre og i livet sine muligheter.

Og så står Jesus der og seier: "Vil du verta frisk?"
Klart han vil, det er jo derfor han ligg ved damkanten!  Men svaret er hjarteskjerande:  «Eg har ingen som kan få meg ned i dammen når vatnet vert rørt opp

"Eg har ingen"
Viss du skal uttrykkja djup, eksistensiell naud og håpløyse, så kan du bruka desse 3 orda:  «Eg har ingen».

For me mennesker er skapte til å leva i samfunn med andre. Me veit det godt, og moderne filosofar og etikarar seier det med fagleg tyngde. Mennesket er skapt til å leva i relasjonar. Eit menneske som lever i relasjon med andre, har alltid nokon. Den sjuke mannen ved Betestadammen hadde ingen. Han hadde ingen til å hjelpe seg ned i dammen. Eit konkret uttrykk for noko alvorleg som mangla. Han var eit menneske som hadde ingen, ingen som kunne hjelpa han, ingen som kunne lytta til han, ingen som kunne berøra han, ingen han kunne spegla seg i på ein sånn måte at hans eige menneskeverd vart bekrefta.

Tenk litt på dei 3 orda: «Eg har ingen». Kan dei sei litt om livet vårt, eller livet til nokre me kjenner? Ingen å betru seg til om noko vanskeleg.  Ingen å stola på i dei tyngste stundene.  Me snakkar om utenforskap i samfunnet vårt for tida.  At nokre er utenfor den trygge og fortrulege tilliten som gode relasjonar byggjer opp.  Orda frå den sjuke mannen ved dammen er dekkande for mange si vonde erfaring. Dei har ingen.

Som kristen kyrkje er me kalt til å gå ut og inn til dei som har ingen. Det er så altfor mange, barn, unge, kvinner og menn som har mista viktige relasjonar og sin eigen verdighet og seier med den sjuke mannen ved Betestadammen: Me har ingen.

Å få nokon
Mannen i teksten har ingen. I møtet med Jesus får han nokon. Han møter eit medmenneske som spør, lyttar, ser og forstår. Gjennom dette får han tilbake sin verdighet som menneske. Jesus opprettar ein forbindelse, ein relasjon, mellom seg og den sjuke. Relasjonen gjev den syke mannen ein annan form for liv. Han er ikkje lenger ein som har ingen, men ein som har nokon.

Mannen får ei hjelp han ikkje venta.  Nokre tok det første skrittet for han som ikkje kunne gå og ikkje kunne sjå veg. For den som har ingen, vil alltid trenga nokon som kan sjå dei, ta dei i forsvar og vera stemme for dei som ikkje får til å tala si eiga sak. Alle me som trur på Jesus, er kalt til å vera nokon, slik han var. Ingen skal ha ingen rundt seg, der det er ein kristen menighet.  Det kristne fellesskapet er eit miljø som bygger relasjonar, som har helbredande funksjon både for dei som går i kyrkja og dei som trør i gatene og i ensomme leiligheter der dei har ingen.  Me er den opne famns kyrkje.

Det kristne fellesskapet
Jesus sitt eksempel ber oss oppsøkja dei som ikkje troppar opp sjølv, og verta kjende med strev og håp og draumar. Store oppgaver ligg og ventar på oss heile tida, i diakoni, dialog, samtale, gjestfrihet, forsoningsarbeid, bønnepraksis og samfunnsengasjement.

Ord om bønn og helbredelse får me frå Jakobs brev. Ei oppfordring om å salva sjuke med olje og be over han i Herren sitt navn. Forfatteren av Jakobs brev viser ein praksis hos dei tidlige kristne, der menigheten sitt helbredande miljø var prega av salving, forbønn og bekjennelse av synder.  Og Guds løfter!

Denne tenesten med bønn og salving var – og er - ei vidareføring av Jesus sine helbredelsar.  Og då må me huska. Jesus helbreda ikkje alle. Han fjerna heller ikke døden, men gjekk sjølv inn i lidelsen og døden. Dei grunnleggande vilkåra som me menneske lever i og under, vart ikkje radikalt endra av Jesus. Men noko nytt hadde likevel hendt: I sin oppstandelse seira Jesus over døden, ein gong for alle. I trua på hans oppstandelse kan me møta døden med håp. Det fins noko og nokon bak dødens port.  Det er ikkje slik at me har ingen der.  Jesus er der, han som gjer alle ting nye.

Når Jesus helbredar ein som har vore relasjonslaus og helselaus i 38 år, så er det eit overveldande teikn på denne krafta. Underet skjer for å visa oss kven Jesus er. På same tida gjev det ei hjelp utan like til han som vert helbreda. Me må og vil tru at dette kan skje fremdeles!

Jesus set fri
I siste del av evangeliet for i dag møter me ein forhenverande sjuk mann. Han går på sine eigne føter og ber båra si, sjølv om det er sabbat. Me høyrer kor forarga dei religiøse systemvaktarane vert.
Det skjedde den gong, og det kan fort gjenta seg.  Dei som vaktar systema kan slita med å dela den spontane gleda over at eit menneske har fått livet sine krefter tilbake.

Då er budskapet i dag at me alltid må sjå mennesket før systema. Jesus kom til jorda av den store grunnen å hjelpa kvar enkelt av oss tilbake til frelse, til heilt og forløyst liv, til helbredelse, til liv i gode relasjonar.  Han oppsøkjer ein sjuk og gjer han frisk frå sjukdommen si makt.  Han finn ein frisk og set han fri frå synda si makt og det å leva under andre sin dom.

Ja, slik er Jesus med alle.  Me er aldri uten Jesus.  Han har gitt seg sjølv for oss.  Han har betalt og gjort opp for oss, for at ikkje noko verre enn sjukdom skal ramma oss.  Me skal ikkje vera uten Gud og håp i verda.  Me skal ikkje vera uten han som reiser oss opp innanfrå.  Han som lærer oss å sjå muligheter og ta nye steg for å prøva dei ut.  Han som ein dag vil møta oss heilt, ansikt til ansikt.  Då er me så nye som me kan verta.

Nå skal me syngja det, med Ylva Eggehorn sin tekst og Benny Andersen i ABBA sin melodi.  «Så kom du da til sist».  Så kjem du til sist.  Etter 38 år.  Etter eit langt liv.  Sangen smeltar alt i hop. Evangelieforteljingane dengong, nåtidserfaringane våre i dag og framtidshåpet med det som er i vente. Norsk Salmebok nr.364:  Så kom du da til sist!

Arkiv alle preiker
Kvelden før det brast
Skjærtorsdag 2019. Johannes 13,1-17
Kvelden før det brast
Kvelden der Jesus er i forkant av alt det som kjem til å bresta. Allerede i ferd med å reparera det sunde med nåden sitt gull. Det er visst slik han er, på skjærtorsdag og alle dagar.
LES MEIR Publisert: 19. April 2019
Nåde i det mislukka
Kveldsgudstenesteserien "Gull i det som brast", 3.sundag i fastetida 2019 - 2.Kor.12,7-10
Nåde i det mislukka
Menneskeord og Gudsord som gjer at det demrar fram eit svar på kva eg skal leva med og kva eg skal verta fri frå.
LES MEIR Publisert: 01. April 2019
Trong dør og open famn
2.sundag i fastetida 2019. Lukas 13,22-30
Trong dør og open famn
Kyrkjearkitekturen og kjernebudskapet er ikkje ei trong dør du må kjempa og smyga deg inn gjennom, men ein open famn å springa deg glad inn i.
LES MEIR Publisert: 18. Mars 2019
Nullstilling
1.sundag i fastetida 2019 - Matteus 26,36-45
Nullstilling
I Getsemanehagen er det ein som nullstiller livet heilt. Han kalibrerer sin vilje slik at han er heilt i tråd med Guds vilje. Han rettar opp det som gjekk tapt i den første hagen...
LES MEIR Publisert: 11. Mars 2019
Å akseptera Guds veg
Kveldsgudsteneste Fastelavenssundag 03.03.2019 - Lukas 18,31-34
Å akseptera Guds veg
Det mislukka er normalt. Det mislukka er omkostningar på vegen. Det mislukka er ei viktig slegge som slår ned perfeksjonismen sin vonde og høge mur. Og noko av det...
LES MEIR Publisert: 04. Mars 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone