Å akseptera Guds veg
Kveldsgudsteneste Fastelavenssundag 03.03.2019 - Lukas 18,31-34

Å akseptera Guds veg

Publisert 04. Mars 2019
Det mislukka er normalt. Det mislukka er omkostningar på vegen. Det mislukka er ei viktig slegge som slår ned perfeksjonismen sin vonde og høge mur. Og noko av det mislukka i livet forstår me like lite som læresveinar som stirrar vantru på Meisteren som teiknar opp ei vanvittig siste reise.

Dei forsto ingenting.
Orda var rystande og uforståelege.  Det var ikkje slik dei kjende Meisteren sin.  Det var ikkje slik dei hadde sett han bringa Guds rike nær.  Det som nå kom, var noko ganske anna enn mektige teikn og hjelp til plaga folk i områda rundt Genesaretsjøen.  Det han nå fortalde på vegen mot Jerusalem, var absurd.  Dei forsto ingenting.  Ein lidande, spotta, mishandla og død Meister.  Katastrofe for dei som hadde forlatt alt for å vera læresveinar.  Ein mislukka Messias.  Hinsides alt dei kunne tenkja og akseptera. Det hjelpte fint lite med hint om oppfylte profetiar og oppstode.

Dei forsto ingenting
Lukas kommenterer hendinga med å tredobla korleis læresveinane tok imot dette: «Men dei skjøna ikkje noko av dette.  Det var løynt for dei, og dei forsto ikkje det han sa.»

Markus og Matteus fortel om Simon Peter som grip inn i dette komplett uforståelege: «Herre, dette må aldri henda deg!»  Då er Jesus skarp.  Han gjenkjenner Satan sjølv i vennen sine velmeinte ord.  Satan som hadde kome til han på slutten av 40 dagars faste, og kanskje aldri hadde slutta å koma: 

"Tenk på deg sjølv og korleis du svelt. Gjer steinar til brød!
Gjer det enklare for deg sjølv.

Viss du tek det store spranget ned frå tempelmuren og overlever, vil du imponera andre til tru og visa den ultimate tilliten til Gud.

Du får all makt og vinn verda viss du fell ned og tilbed meg!"

Desse fristelsane måtte Jesus avvisa. Det kosta. For Guds veg var så ganske tungt annleis. Ein veg ingen kunne forstå. Ein veg ingen andre kunne gå.  Å ikkje setja seg sjølv først i ein einaste liten ting, slik alle andre etterkomarar av Adam og Eva gjer.  Å ikkje setja noko anna før og over tilliten og kjærligheten til Gud.

På vegen til Jerusalem begynnar han å førebu læresveinar kva det inneber.  Dei forsto ingenting!

Det er gjenteke fleire gonger.  Jesus fortel om noko som ser komplett mislukka ut.  Eit gedigent nederlag.  Eller muligens ein seier gjennom noko som ser bare vondt og uforståeleg ut.  Eit gudsprosjekt i verda, ei frelsande hending, som virkar heilt absurd.  Hovudristing tredobla.  Dei skjøna ikkje, det var løynt, dei forsto ikkje.

Vegen ingen kan forstå
Og me slit med å forstå.  Ettertida slit med å forstå. Paulus må kommentera det slik i korintarbrevet: «For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar.»

Det går an å lesa dei 4 evangelia i dette perspektivet:  Å akseptera Guds veg er ein kamp Jesus måtte kjempa.  Å akseptera Guds veg er tungt for forstand og tanke.  Dei som er læresveinar og står midt i det nye som skjer, er lite lærenemme om akkurat dette.

Dei forsto det ikkje då Jesus trekte seg tilbake etter det store brødunderet i øydemarka, og ikkje ville la folket gjera han til konge. 

Dei forsto ikkje då Jesus forbaud dei strengt å sei til nokon at han var Messias, eller at dei ikkje skulle spreia ryktet om alle dei konkrete måtane han brakte Guds rike nær på.  Dei forsto ikkje at dei skulle venta med å fortelja.  Jau, kanskje den eine gongen då 3 av dei hadde vore på fjellet og sett han forvandla, men var så livredde i skyer og himmelstemme og syn at dei ikkje hadde peiling på korleis dei skulle oppføra seg i denne veldige visjonen.

Verken blest eller protest
I første delen av evangelia viser Jesus kreftene i sitt kongerike – og dei skal ikkje laga blest om det!  I siste delen av evangelia går han inn i det tilsynelatande heilt mislukka nederlaget – og dei skal ikkje protestera på det!  Dei får enkelte forhåndsvarsel, men ikkje nok til å hindra at dei står der utan å forstå og utan å kunna akseptera at det er dette som er Guds veg.

Og når dei får det første besøket av den oppstandne etter at alt har skjedd, og han kjem som ein ukjent vandrar på vegen mellom Jerusalem og Emmaus, så er dei sååå i det dei ikkje kunne forstå.  «Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri…»

Eller når dei forstår at han har stått opp og snakkar med dei, så heng dei likevel fast i dei gamle verdslege og politiske oppfatningane om vegen hans og deira nå: «Herre, er tida komen då du vil reisa oppatt riket for Israel?»

Men Jesus har ein annan veg.  Den handlar om å akseptera Gud sin veg.  Neste sundag og vidare i fastetida får me meir om hans kamp og hans og vår veg og fristelsar i å sjå og akseptera Gud sin veg.

Gull i det som brast
Me har ein temaserie. «Gull i det som brast».  Om det som vert annleis og ser øydelagt og mislukka ut.  Slikt som me helst ikkje forstår nokonting av.  Men så har det større verdi enn noko, for knuste deler er sett i hop og har fått gull i det som brast.

«Gull i det som brast» handlar om frelsaren vår.  Og det handlar om livet vårt.  For Jesus handla det om å akseptera Guds veg.  I det ligg frelsa.  For oss handlar det også om å akseptera Guds veg.  I det ligg frelsesverket for oss, og eit berekraftig liv i verda.

Denne kvelden ligg det til oss å akseptera Guds veg.  Kanskje eit hakk betre enn dei som sto og rista på hovuda og slengde med leppa på vegen til Jerusalem.  Det kosta Jesus alt å ta på seg å sona for kvar einaste stor og liten synd i verda.  Dei første læresveinane forsto ikkje denne åndelege kampen.  Kan me seinare læresveinar forstå og akseptera?  Takka for at han gjorde det ingen andre kunne.  Takka for at Jesus aksepterte Guds veg.  At det var han som vart slegen sund, for at alle knuste bitar og folk kan verta sette i stand og gjort nye med nåden sitt gull.

Ja, visst skal me takka!
Og så skal me tenkja litt.  Forstå litt meir enn ingenting.  Litt meir enn dei som ikkje tålte ein mislukka Messias.  Litt meir enn dei som lever på urealistiske forventningar i dag også.  For det er så mykje tankegods for tida, som vil fornekta det mislukka.  For jag etter det vellukka er så stort.

Vellukka eller mislukka
Men: Det er lite nådig.  Det er lite sant. For det mislukka høyrer med til livet.  Det har det alltid gjort.  Det vil det alltid gjera.  Me kan ikkje leva utan å ta risiko.  Me kan ikkje veksa på erfaringar utan å mislukkast.  Me lærer ikkje ein kunst og ein ferdighet utan å prøva og feila og velja å opna nye dører når nokon lukkar seg.  Det mislukka er normalt.  Det mislukka er omkostningar på vegen.  Det mislukka er ei viktig slegge som slår ned perfeksjonismen sin vonde og høge mur.  Det mislukka vil i nokre deler av livet alltid stå som det mislukka.  Det lot seg ikkje retta opp.  Det står som eit nederlag.  Ein bitter, knusande skuffelse som ramma ein yrkesveg, ei helsesak, ein relasjon, eit håp. 

Noko av det mislukka i livet forstår me like lite som læresveinar som stirrar vantru på Meisteren som teiknar opp ei vanvittig siste reise.  Dører er stengde, og det einaste me kan be om er eit opna lite vindu.  Eller be den viktige sinnsro-bønna.  «Gud, gje meg slik sinnsro at eg formår å godta dei tinga eg ikkje kan forandra, mot til å forandra dei tinga eg kan, og forstand til å sjå forskjellen.»

Kva inneber det å akseptera Guds veg når me nistirrar på det som ser mislukka ut?

Det er då me skal lesa, høyra og leva i det som Jesus fortel i dag.  Han er mislukka ved vår side!  Han har akseptert Guds veg.  Og han har akseptert han for vår skuld.  Han gjer det verste nederlaget til den største sigeren.  I absolutt alle sprekker kan det leggjast nåden sitt gull. 

Å akseptera Guds veg
I fjor vår spurde me her i kyrkja om det som vanlege folk og kristne teologar og mystikarar har bala med til alle tider:  Kvifor var det nødvendig for Jesus å akseptera at Guds veg var korset?

I dag høyrer me at det var nødvendig.  Og utan å gå djupt inn i logisk teologi, så kan me kanskje ana noko meir intuitivt.  At det som me lid under og strevar og mislukkast med, har fått sitt djupaste svar i ein tilsynelatande mislukka Messias som heng på eit kors, forlatt av mest alle sine tilhengarar. 

Ja, det er soning for synd og forsoning med Gud, for Jesus ropar i gudsforlatthet og kviskrar den siste overgivelsen i Far sine hender.  Men det er også dette ubegripelege at han dykkar til bunns i våre nederlag og gjer dei til sine.  Derfor fins det ikkje lenger noko nederlag, noko tap, verken når me lever eller når me døyr, som ikkje også er eit rom der me kan møta han, der me kan opna oss endå meir for hans verk.  Og kjenna:  Opps, der vart visst ein sund bite limt på plass med nåden sitt gull.

For læresveinar skal me vera.  Læresveinar som lar oss begeistra av evangeliet sin første dur-tone, av den dragande, mektige Jesus som gjev håp og inspirerer og gjev denne sterke trangen til å følgja han.  Læresveinar som lar oss rysta og utfordra av evangeliet sin siste moll-akkord, av den mislukka og korsfesta Jesus som aksepterer Guds veg, og kjem med oppstandelsen sin seier!. 

For Guds veg er for oss.  Og kanskje vil me aldri kunne setja pris på nåden sitt gull, viss det ikkje var for sprekkene og nederlaga og det mislukka.  Der gullet fekk halda i hop det som elles brast.

Arkiv alle preiker
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone