Nullstilling
1.sundag i fastetida 2019 - Matteus 26,36-45

Nullstilling

Publisert 11. Mars 2019
I Getsemanehagen er det ein som nullstiller livet heilt. Han kalibrerer sin vilje slik at han er heilt i tråd med Guds vilje. Han rettar opp det som gjekk tapt i den første hagen...

Kva skal du gjera når TV-en streikar midt i gullrushet under ski-VM?  Bildet hakkar og stoppar opp.  Skjermen tek lange, svarte pausar.  Og der går løpet – og seiersintervjua. Og sigeren vert liksom ikkje din, med svart skjerm og tapt lyd. Kva skal du gjera?

Eg kunne jo sagt:  Pytt, pytt, eg kan bare gå frå storskjerm til småskjerm.  Eller rett og slett ta mediefaste.  Fastetid og forsakelse er jo ein anbefalt mix.  Skru av. Gløym trøblet.  Få deg eit betre fokus nå, Stein!

Eg er ikkje god på sånt.  Sportsinteressen er høg, og sofagleder framføre skjermen er kjærkomne.  Så det blei ikkje mediefaste og TV-sport-forsakelse i år heller.  Derimot rask konsultering med TV-ekspertar.  Det viste seg at løysinga var å trekkja ut fleire kontaktar enn eg kom på sjølv.  Litt av kvart trong visst å verta restarta i dekodar, boksar og sentralar.  Måtte i nullstilling for å koma i gang på nytt. VM-gledene var redda. 

Kalibrering
Og så hadde eg lært ei lekse.  Det som skal fungera, må ha pausar.  Uttrekte kontaktar.  Nullstilling for å kunne restarta og koma i gang på ein betre måte.  Eit fint ord om slike ting heiter kalibrering.  Å nullstilla og justera eit måleinstrument slik at det held standarden og måler riktig.  Kloke hovud har sagt at kyrkja si fastetid er ei sånn kalibrering.  At me personleg og i kyrkja sitt fellesskap sjekkar og justerer vår vilje tydelegare inn mot Guds vilje. Slik mønsterbønna seier:  «Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.» Å justera livet mot Gud sin standard.

Dess meir fintfølande eit instrument er, dess viktigare er det å få det kalibrert og rett innstilt.  Og eit menneske sitt åndelege liv er eit fint instrument, ei tru som skal elska Gud over alle ting, eit håp som skal vera drivkraft i livet, ein kjærleik som set andre høgare enn meg sjølv.

Me har høyrt kalibreringsord i dag. Ord som vil hjelpa til å nullstilla slik at det som er verkeleg viktig, ikkje hakkar og stoppar opp og går i svart. Det er Jesus sine ord til disiplar, til oss:  «Vak og be at de ikkje må koma i freisting

Det er altså freisting og fall som er faren og problemet.  Det er å vaka og be som er kalibrering og restart.

Freistingar
Er freistingar eit problem?  Dei kjem ikkje som eit problem! Dei kjem som ei herleg lyst, ein ubendig trong, noko me likar og lengtar etter.  Eg har ikkje tenkt å definera og konkretisera freistingar i dag. Mange kjenner kor det brenn og lokkar. Kor avhengighet har sett seg.  Eg trur bare dei har mykje rett, dei som seier at det meste kan kokast ned til 3 område der lysta kan fråtsa i fristelsar:  Pengar, sex og makt.  På desse områda er driftene sterke, og mulighetane er mange til å få øydelagt dei 3 viktigaste relasjonane i livet:
Forholdet til Gud vert eit anna enn å elska han av heile seg.
Forholdet til andre vert eit anna enn å setja dei først og leva med empati i holdningane våre, og praktisk omtanke i handlingane våre. Forholdet til meg sjølv vert vendt til egotripp eller sjølvforakt, fordi eg faktisk falt i fristelsen å setja meg sjølv først og heller bruker Gud og dei andre til eigen vinning.

Menneskenaturen er veik, seier Jesus.  Å koma i freisting og falla i freisting er sørgelege erfaringar for disiplar som sovnar mens Mesteren kjempar, og for alle oss andre.

Det nyttar å be
«Vak og be,» seier Jesus.  Det nyttar å be.  Du har ei ånd som er villig om kjøtet er aldri så veikt. Du kan be deg inn i Guds vilje. Du kan trena og styrkja viljen din, slik at lysta ikkje styrer på for eigen maskin, men har ratt og taumar på seg.  Den som bare gjer det han har lyst til, har til slutt ikkje lyst til det han gjer.  For lysta er grådig, og lysta er mindre innstilt på korrigering enn viljen er.  For kong David var blikket på Batseba så sterkt, og lysta til å få Urias av vegen var så stor, at han braut det 5. og 6.budet i full skala. Mordar og ekteskapsbrytar styrt av sex og makt.  Lysta kom av seg sjølv, men kven fekk tak i viljen hans?  Ein profet!  Ei profetforteljing som ramma og viste at David sjølv var mannen som hadde svikta Gud og medmenneske og sett seg sjølv i ein umuleg posisjon.

Vak og be, seier Jesus.  Då kan det profetiske ordet få rom, til oss som vrir oss unna med ord.  Lysta vår får korreksjon, av Guds vilje, og av noko som kan festa seg i vår vilje.  Ei kalibrering. Ei nullstilling som gjer at viljen styrer lysta sine signal på betre vegar.

Fastetid i praksis
Så kva gjer me då, når me får 40 dagar og 5 sundagar fram til påske og kallar det fastetid, innleda med Jesus sjølv som seier: «Vak og be.»  Kva gjer me?  Praktisk. Konkret.  Når me vaker og bed, ikkje dovnar i sløvhet og sovnar i gudslivet vårt.

Me snakka noko om dette i gudstenestegruppa.  Kva tek me vekk for å få plass til noko anna? Kva avstår me frå, for å fylla livet med noko anna?  Korleis forbereder me påske og lever i fastetida på ein måte som er konkret, og likevel slik at folk kan kjenna seg frie til å finna sin måte å vaka og be på?

Eg måtte leita etter litt lesestoff om dette. Det utfordrar jo å vera i eit fellesskap som spør og deler, tenkjer og bed. Eg fant noko som eg vil bruka sjølv og lesa gjennom fastetida: Ein gammal klassiker som passar med mitt ønskje om refleksjon og innlevelse i vegen Jesus måtte gå for oss.  Boka startar med teksten vår i dag, og er Per Lønning si bok «Vandring gjennom fasten».  De finn gjerne noko heilt anna?

Fastare ytre form
Så fann eg eit sitat eg vil dela.  Eit utklipp, forfattar ukjent:
«Fastetida har eitt poeng:  At kropp og sjel skal vera innretta på Kristi frelsarverk».  Og fortset slik:
«Fordi vi er redde for å bli utvendige, har vi mista ideen med fasten.  I vår tid må vi kan hende tilbake til ein kristendom med ei fastare ytre form, for at ikkje innhaldet skal bli konturlaust og flytande».

Eg ser eit tydelegare drag i den retninga for tida.  Og fann ei liste med muligheter.  Ikkje forbod, ikkje påbud, men bare mange gode muligheter til konkrete måtar som fastetida kan styrka viljen, gje overskot til å koma litt meir i pakt med seg sjølv, vera meir opptatt av rettferdighet, driva litt støvtørking på gudsforholdet, søkja ny innsikt og fornya forhold til Jesus.  Altså vaka og be.  Ei liste med 15 muligheter.  Kanskje 1 eller 2 eller 3 skal vera di nullstilling og kalibrering.  Faste, så påskedag kjem med fest i hjarta og kropp!

Ei liste med 15 måtar:

1. Et litt mindre, ikkje meir enn 1 porsjon
2. Stå over kjøt
3.
Ikkje drikk alkohol
4.
Stå over sjokolade og søtt
5.
Stå opp nokre minutt før til bønn
6.
Les frå ei åndeleg bok kvar dag
7.
Sjå mindre TV og meir av Gud sine draumar for deg
8.
Bestem kor mange gonger pr. dag nettet skal få snakka til deg
9.
Snakk mindre og lytt meir
10.
Stå over eit måltid
11.
Gje vekk pengar, kanskje gjennom noko du sløyfar å kjøpa og eta
12.
Les eit avsnitt i barnebibelen rundt middagsbordet.
13.
Rydd eit stille kvarter etter at ungane har lagt seg.
14.
Gjer ein ekstra teneste for nokre som treng det.
15.
Skru av lydar, søk stillhet og ein frekvens der Gud kan få kviskra til deg.

Vak og be
«Vak og be», seier Jesus.  Han meiner det.  Han er ein av oss.  Han kjenner oss. Han veit kva livet dreier seg om. At kampen i oss og om oss er hard.  At det uviktige har så lett for å overskygga det viktige.  At det gode lett vert det beste sin fiende.  At fristelsar vil skapa fall og avhengighet. Så då seier han dette til disiplane sine: «Vak og be at de ikkje må koma i freisting»! 

Han som gjer så mykje meir!
Og så gjer han så mykje meir!  Meir enn ord. Meir enn snakk.  Han går inn i ein hage ei natt, gripen av sorg og gru, og bed fint og tynt om støtte og fellesskap.  For nå skal han be den vanskelegaste bønna av alle: «Far, ikkje som eg vil, berre som du vil.» Han skal be for seg sjølv, og kjempa for oss. 

For han veit at det alltid skjer, det som skjer med dei som skal vaka og be i verda.  Kjøtet er veikt. Augene er tunge.  Kampviljen er ikkje sterk nok.  Mennesket er svakt i freistingar og svakt i kamp.  Me kjempar og fell.  Men Jesus kjempar og seirar.  Han gjer det for oss!  Han motstår fristelsen til å setja seg sjølv først og ta ein annan veg enn vegen til korset.  Der han skal gjera opp for alle oss som sviktar, og gje oss del i hans seier.

Nullstilling til Guds vilje og kjærleik
 I Getsemanehagen er det ein som nullstiller livet heilt.  Han kalibrerer sin vilje slik at han er heilt i tråd med Guds vilje.  Han rettar opp det som gjekk tapt i den første hagen, då dei første menneska sette sin vilje over Guds, og ga oss ein vond arv å leva med.  Tenkt, dette store gjorde Jesus! 

Veit de, så høgt er me elska.  Så djupt ned vil Jesus gå.  På kne i Getsemane for oss.  På korset på Golgata for oss.  Me syng mykje om dette i dag.  Me får gaven i nattverden.  Jesus sin seier får aldri svarte skjermar og stoppar ikkje opp.  Han nullstilte og kalibrerte ein vilje som heilt og fullt er Guds vilje.  Han brukte det til ein villig veg til korset. Der og derifrå er Jesu vilje og Fars vilje eitt.  Jesu offer og Far sin store kjærleik er eitt.  For slik han ser Sonen, ser han alle sine barn.  Reine og rettferdige, slik Jesus er!

Det er ein god geskjeft å halda dette høgt i fastetida.  Finn din måte å gjera det på.  Så det største får vera størst.

Arkiv alle preiker
Å leva for noko større
Konfirmasjon 2019 - Joh.20,24-31
Å leva for noko større
Det er ikkje lett å posera med ein 100% i fasaden, men kjenna på ein heilt annan prosent inni skalet og djupt i sjela.
LES MEIR Publisert: 13. Mai 2019
Å vita vegen
Kveldsgudsteneste 4.sundag i påsketida, Johannes 14,1-6
Å vita vegen
Me treng ikkje vita vegen, Jesus finn deg der du er. Me treng ikkje skjula bresta våre, han reparerer med nåden sitt gull.
LES MEIR Publisert: 13. Mai 2019
Kva Jesus set i gang
3.sundag i påsketida 2019 - Markus 6,30-44
Kva Jesus set i gang
Det er herleg å få mat og verta mett! Det er endå sterkare å vita at du nå får vera midt i eit omsorgsunder! At det er bruk for deg, og ressursane dine vert så...
LES MEIR Publisert: 06. Mai 2019
Kvelden før det brast
Skjærtorsdag 2019. Johannes 13,1-17
Kvelden før det brast
Kvelden der Jesus er i forkant av alt det som kjem til å bresta. Allerede i ferd med å reparera det sunde med nåden sitt gull. Det er visst slik han er, på skjærtorsdag og alle dagar.
LES MEIR Publisert: 19. April 2019
Nåde i det mislukka
Kveldsgudstenesteserien "Gull i det som brast", 3.sundag i fastetida 2019 - 2.Kor.12,7-10
Nåde i det mislukka
Menneskeord og Gudsord som gjer at det demrar fram eit svar på kva eg skal leva med og kva eg skal verta fri frå.
LES MEIR Publisert: 01. April 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone