Nåde i det mislukka
Kveldsgudstenesteserien "Gull i det som brast", 3.sundag i fastetida 2019 - 2.Kor.12,7-10

Nåde i det mislukka

Publisert 01. April 2019
Menneskeord og Gudsord som gjer at det demrar fram eit svar på kva eg skal leva med og kva eg skal verta fri frå.

7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.  8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

Ein torn i kroppen.  Me veit korleis det er, me som steller med rosekvistar.  Ein torn har bora seg godt innforbi ytrehuda. Det verker!  Ein torn i kroppen. Om eg ikkje rører han, sit han der og verker. Og om eg prøver å røra han, så gjer han minst like vondt.

Torn i kroppen
Kva slags torn hadde Paulus i kroppen? Han lar vera å fortelja det og bør vel få ha hemmelegheten i fred. Kanskje han bare nøyer seg med å bruka eit bilde for at hans smerte skal ha overførings-verdi. Berøra oss.  Me skal tenkja på vår torn. Noko som er der og ikkje skulle ha vore det. Ei sorg. Ein svakhet. Ein brist. Eit traume. Ein sjukdom. Eit sår. Noko som brast.  Noko som tilsynelatande er mislukka. Eit handikap. Ein satans engel som slår. Knuser trangen til å verta høg på pæra eller framstå usårleg og glansa. 

Ein torn i kroppen.  Noko som dunka og slo i takt med pulsen. Slo Paulus ut og ned, tærde på kreftene og gleda. Ein livssmerte. 3 gonger ba han om å få sleppa fri. Men svaret frå Gud var at dette var noko han skulle leva med, dette var ein del av livet, noko som skulle læra han det aller viktigaste:
"Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i veikskap."

Paulus berører oss i smerten vår.  Paulus får oss til å vera ærlege og kjenna etter kor min torn i kroppen har sett seg fast.  Våg å identifisera han om han er der.  Set eit navn på han.  Ein torn som sannsynlegvis er ein del av livet, slik det er og har vorte.

Å vera veik
Paulus snakkar ikkje bare om torner. Ikkje bare om det som smertar. Også om resultatet: Å vera veik og svak. Så veik og svak at det bare er Guds nåde og Guds kraft som er fundamentet.

Det er noko med Guds kraft som vert fullenda i vår vanmakt. Noko lyser klarare når eg er svak og veik.  Skatten kjem til syne i sprukne leirkar. Nåde i det mislukka. Gull i det som brast.

Korleis finn me ut at ein torn er noko me skal bera på?  Korleis vert me sikre på at det ikkje er helbredelse, operasjon, omvending eller friskmelding som er løysinga?  Er det erfaring?  Er det råd frå ein venn, frå legen og psykiateren? Ikkje sjå vekk frå det. 

Å be seg til svar
Men høyr at Paulus seier noko meir: ”Om denne ba eg Herren 3 gonger at han måtte vika frå meg”.  Det er bønna for Guds ansikt som gjev det djupaste og viktigaste svaret.  Det er der du finn ro med den smerten du må leva med.  Det er der den djupaste motivasjonen for å orka å ta i og la andre ta tak i tornen for å få han ut – om han skal ut.

Det er bønn og bibelord som er hemmelegheten.  Menneskeord og Gudsord som gjer at det demrar fram eit svar på kva eg skal leva med og kva eg skal verta fri frå.  For Paulus var det slik.  3 bønner – som Jesus i sitt Getsemane – opna vegen til å vita noko som var forankra i ord frå Gud:  ”Men Herren sa til meg:  ”Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.”

Guds nåde er nok
Høyr kva Paulus lærer av dette!  Høyr korleis han må snu om på verdiskalaen.  Det er ikkje lenger dei rike, mektige og friske som er sterke.  Det er dei som er totalavhengige av Guds nåde!

Det er nok med Guds nåde.  Det er nok at Gud elskar kvar ein av oss så høgt at Jesus kjøpte oss fri til å leva det livet Gud har skapt oss til.  Det er nok at me er elska av Gud utan å måtta gjera oss fortent til det.  Guds nåde er nok.  Det som er smått og skrøpeleg og går tregt og tungt, er ikkje grunn til å gje opp. Det veike og svake er vegen inn til Guds kraft.

Og til ærlege fellesskap med mykje nåde og lite perfekt. Guds nåde er nok!  Er det noko me alle skal leva med og ikkje verta fri for, så er det Guds nåde. Mykje gull i det som brast.

Arkiv alle preiker
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
Meir himmel på jord
2.sundag i openberringstida 2020 - Matteus 3,13-17
Meir himmel på jord
Det er "meir himmel på jord" å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva! For Jesus - og for den som trur.
LES MEIR Publisert: 13. Januar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone