Kvelden før det brast
Skjærtorsdag 2019. Johannes 13,1-17

Kvelden før det brast

Publisert 19. April 2019
Kvelden der Jesus er i forkant av alt det som kjem til å bresta. Allerede i ferd med å reparera det sunde med nåden sitt gull. Det er visst slik han er, på skjærtorsdag og alle dagar.

Kvelden før det brast. Den finaste krukka vart knust. Det beste livet som har levd, vart knekt sund, brote ned. Sjølve klippa brast.

Kvelden før alt brast. For Jesus. For Peter og dei andre som hadde satsa alt og fulgt han. Det brast med svik og fornekting, med feighet og redsel, lamma av sorg og eit mørke ingen kunne forstå.

Det hender at mykje brest for oss også. Ikkje alt. Ikkje slik.  Likevel nok til at erfaringar i livet vårt vibrerer sterkt med i påsken sitt drama. Det er oss det gjeld, dette. Kvelden før det brast, er også vår kveld, vår lytte- og læretime. Om Jesus. Om dei som vil følgja han. Inn i det som brest.

Ein dag igjen å leva
Kvelden før det brast, betyr ein dag igjen å leva!  Dette visste Jesus! Han visste kor knuste dei skulle verta, dei han var glad i. Han visste at dødsprosessen ville verta grusom. Han ante at han skulle rammast av noko som ingen andre har kjent eller har mulighet for å sjå til bunns i. Guds dom over verda si oppsamla og framtidige synd og skuld.

Han visste. Kva gjorde han? Jau, han fortsette å leva slik han alltid hadde levd. Han elska sine heilt til det siste. Med ord. Med trøst. Med briefing før nye tider og utfordringar. Med forbilde.

Men også med noko mykje meir. Han elska i handling. I teneste. På kne i vask av skitne mannebein. Eg forstår godt at Peter protesterer. Det er aldeles uhøyrt. Det er ein kjærleik som verda ikkje har sett maken til. Det er anstøteleg. Motkulturelt over alle støvleskaft. Guds Son på kne for menneske. Gud for våre føter! Han elska sine til det siste. Kvelden før det brast. 1 dag igjen å leva. Det er dette eg må sjå i kveld. Han elska til det siste!

Johannes kunstmalaren
Kveldsgudsteneserien denne våren er inspirert av kunst. Av krukker som brest og vert reparert med gull. I kveld kjem kunsten i evangeliet. For Johannes er kunstmalaren av evangelistane. Matteus, Markus og Lukas er fotografane. Dei 3 gjev oss meir av eit fotoalbum over Jesu liv.
Situasjonsbilde etter situasjonsbilde, stort sett i kronologisk rekkefølge, nøyaktige med detaljane utan at det stel oppmerksomhet frå det sentrale. Med ein dag igjen av Jesu liv fortel dei om nattverden. Om innstiftinga av det måltidet me feirar med ekstra dirrande hjarte på skjærtorsdag. Det er deira store skjærtorsdagsfotografi. Det er eit stort til: Kampen i Getsemane. Og eit lite: Disiplane sin krangel om kven som skal reknast som størst av dei.

Johannes er ikkje fotograf. Han presenterer ikkje noko album med desse 3 scenane i. Han fortel aldri om nattverdinnstiftinga, krangelen og Getsemanekampen. Johannes er kunstmalaren. Ekspresjonisten. Han samlar mange inntrykk i eitt bilde. Han malar ein scene full av trekk frå mange andre scenar. Realisme og symbolikk går hånd i hånd. Alle kan forstå det viktigaste, for Johannes er enkel. Og ingen vert nokongong ferdig med å oppdaga nye sider av det han skildrar, for Johannes er djup.

Det er ikkje mindre verkeleg det Johannes malar, i forhold til dei andre sine fotografi. Det er på ingen måte mindre sant. Han er apostel, Johannes. Han har fått i oppdrag å vera Jesu munn i verda. Den brukar han. Han fortel om Jesus sine tankar. At Jesus visste. At Jesus elska. Så malar han Jesus på kne i vask av skitne føter.

Fotvasking - kva er dette for noko?
Ja, det er vask av føter. Ei konkret velgjerning. Fulgt opp av undervisning med klokkeklart innhald.  Dette er gjort som eit forbilde. Slik skal de gjera. Slik skal de oppfatta dykk sjølv. Størst er den som tener. Gjer eg dette, så skal de. Gjerningar gjort i godhet. Setja andre først. Motkulturelt så det held, til alle tider.  Å fylgja etter er ikkje for dei kresne, dei som held seg for god for slikt som smakar av ubehag. 

Kvelden før det brast gjev altså Jesus oss eit forbilde, eit verdisyn, eit menneskesyn og ein tenande diakoni.  Eit varemerke for kyrkja. Eit kriterium for ekte kristent fellesskap. Jesus veit om alt som brest i menneskelivet og kallar oss til godhet og helbredelse. Han elska til det siste og me skal aldri slutta.

Jesus på kne i vask av føter kvelden før det brast. Er det også noko meir? Er det eit bilde på dåpen? Skal det minna om at slik vert eit menneske reingjort i dåpsvatn? Ja, på sitt vis peikar Johannes på dåpen, slik det er når Jesus fortel Nikodemus at han treng å verta født på ny, av vatn og Ande. Og denne kvelden insisterer Jesus: Det er nødvendig å verta vaska rein av han.

Så fortset han å snakka om ei gjenteken reinsing. Er det ein av Johannes sine måtar å fortelja om nattverden på? At Jesus stadig vil bøya seg ned og reinsa og tilgje, der me skitnar oss til. Me er kjøpt til han, men livet sine steg kan ikkje tas uten at me skitnar oss til og treng ny reingjering. Det er ikkje for ingenting at denne dagen har fått navnet skjærtorsdag, av å verta skir - rein.

Eller tenkjer Johannes på Ordet som reinsar og tilgir og gir nytt mot, ikkje minst når det får vera ordet som tilgjev synd som er bekjent for Gud og gjerne for eit menneske?

Det spørs om det ikkje er alt dette? Gud sine nådemiddel. Dei som alle handlar om at Jesus bøyer seg ned og inn i vår synd og tener oss med sin tilgivelse. Ordet slik øyra vårt høyrer det. Dåpen slik auga ser Guds løfter som ein regnbue i sol og vatn. Nattverden slik munnen får smaka og kroppen får del.

Jesus vaskar stadig disippelføter. Han insisterer til Peter og alle som vil følgja han, at dette må han få gjera for oss. Først. Eg vert ikkje ein kristen eller ein betre kristen ved å tena Jesus eller tena som Jesus. Han må få tena meg først. Slik han vil. Heilt inn til det skitnaste og suraste i livet. Han vil stadig vaska dine føter.

Kvelden før det brast.
Fortel Jesus om langfredag med det han gjer skjærtorsdag? Å, ja!  Han veit kva som skal henda. Om sin veg til korset. Om føter som skal trø så aldeles galt, og skitna seg til, så alt brest. Trua, håpet, motet, sjølvrespekten. Krukke etter krukke skal knusast i jordskjelvet som kjem.

Kva er det då han gjer kvelden før?  Jau, han reparerer med gull før det skjerHan gjev uforgløymelege ord og synsinntrykk som skal bidra til å gjera heilt igjen det som skal bresta sund.  Han legg allereie bindemiddel av gull i bruddflatene.  Såra skal verta ståande, men krukka skal verta sterkare, ha verdi som reparert, av ein kjærleik og nåde som er over all forstand.

I morgon er du samtidig med korset og forsoninga sitt mysterium: «Du Guds lam uskyldig!»  På sundag er du i jublande ettertid: «Trøsten står som klippen fast, at hans død og blod skal gjelde». 

Jesus er i forkant
Men i kveld er du i forkant: Det vil seia: Jesus er i forkant av alt det som kjem til å bresta. 
Allerede i ferd med å reparera det sunde med nåden sitt gull.  Om kaos kjem i hans lange fredag og våre mørke stunder, så har du eit bilde i blikket.  Jesus vaskar føter kvelden før, i handlinga sine ord: "Eg vil bøya meg så djupt som ingen veit for å tena deg med det du treng meir enn noko. Verken du eller Peter veit kva du verkeleg treng. Eg vil elska deg midt i di skuld. Eg vil elska deg ut av di skuld." 

Ei bønn av Søren Kierkegaard har ein eigen evne til å gje oss dette utrulege perspektivet.  Den skal vera vår nå. Ei hjelp til å tru at Jesus har vore der først, når det som brast, vert sett i hop til nytt mønster, med ny styrke og verdi:

«Gud, du har elska oss først, men vi talar om deg som om du berre hadde elska oss først ein gong i fortida.  Men det er ikkje slik. Det er dag for dag, heile livet igjennom at du har elska oss først.

Når vi vaknar om morgonen og vender vår sjel mot deg, kjem du oss i forkjøpet – du har elska oss først.

Dersom eg står opp før daggry og med det same vender mi sjel i bøn til deg, då er du alt der – du har elska meg først.  Når eg legg bak meg alt som uroar og søkjer inn i mi sjel for å tenkja på deg, då er du stadig den første.

Forlat oss, Gud. Vi er så lite takksame. Det er ikkje berre èin gong du har elska oss først, det er kvar einaste stund i livet.»

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone