Grøda er stor!
4.sundag i treeiningstida 2019. Matteus 9,35-38

Grøda er stor!

Publisert 08. Juli 2019
Grøda vil alltid vera stor! Det er ikkje den som er variabelen. Variabelen er arbeidarane som vert sendt til å hausta inn Herren si grøde. Og dei som bed denne sendelsen fram.

«Grøda er stor, men arbeidsfolka er få!»
Er det ikkje slik det ser ut i jordbruket på Jæren for tida? Grøda er stor. Graset gror. I år snakkar me topp førsteslått!  Og andreslått allereie. Heilt andre bollar enn tørkesommaren i fjor. Eller synet av solsvidde strå lenger sør i Europa, for dei av oss som har hatt litt tidlegferie. Jæren er grøn i år. Grøda er stor. Gled dykk med dei som lagrar og fòrar og produserer mat!  Dei er ikkje så mange som før. Arbeidsfolka er faktisk ganske få. Hender grev lite i jord, dei held knapt hakke, greip og gaffel.  Dei styrer ratt og svære maskinar og når gjerne over fleire enn eitt bruk.  «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få!». Slik er Jæren sommaren 2019.

Mange arbeidsfolk
Grøda har vore stor før også. Men då var arbeidsfolka mange. Eg har vakse opp på gard og sett konegjengane koma og ta opp potetene. Eg og dei og andre ungar og vaksne har lukt og tynna lange fòrer, med trøtt rygg og såre kne, henta stein or molda, stått med gaffel i siloar og jamna. Det var folksomt rundt middagsbordet i vårvinna og andre onner. Gardane hjelpte kvarandre, for arbeidsfolka måtte vera mange. Viss du skulle koma nokon veg med den store grøda. Få ho inn i hus og løe.

Grøde i Guds rike?
Er grøda stor i Guds rike for tida?
Det spørs kor du spør og kven som svarar. Spør du unge kyrkjer i Afrika, så kan dei fortelja om grøde så stor, og så mange arbeidarar som haustar, at nord-Europa sine misjonærar ikkje trengs slik som før.  Spør du i den arabiske verda, så er det ikkje lett med grøda, når mange kristne emigrerer eller strevar som annenrangs borgarar utan lov til å driva truspraksis som inneber open misjon.

Er grøda stor, slik me ser det rundt dørene her?  Tenkjer eg at grøda er stor og Guds rike veks? Eller gremmer eg meg over at misjonen og vekkelsen sin gullalder er forbi? At kyrkja sin plass i skulen er over og grepet om folkekulturen er passè?  Misjonshøgskulen på VID har knapt igjen studentar som reiser ut for å verta misjonærar på heiltid. Alle teologiske fakultet er langt frå å fanga opp dei prestestudentane som trengs nå og framover. Norske misjonærar er dyre i drift, slik me alle er i høgkost-Norge.  Det er knapt med midler til å senda ut i misjon. Kyrkja i Norge – altså me som utgjer ho – klarer ikkje rekruttera arbeidarane som trengs.

Ei naud å ta inn
Så kva er dette?  Er det ei naud me ikkje heilt har klart å sjå og ta inn over oss.  Haustar me lite grøde av manglande investering i ungdomsarbeid? 
Finn unge folk engasjementet sitt i noko som kjennest viktigare enn kyrkja, eller vil dei stå fritt og ikkje forplikta seg med lojalitet?
Er det bønn til Gud om å senda ut arbeidarar som stilnar av?  Eller er det rett og slett tru på at grøda er så liten at det ikkje trengs så mange?

Så: Held me på å slutta å tru at grøda er stor? Og sukkar mindre til hausten sin Herre.  Me som bur med oljefat og melketankar tett på, og gjerne knapt kan tenkja himmelen betre enn det me alt har.

Eg har starta med spørsmåla. Me får leita etter svar i hop. Eller helst ein veg å gå. Og då går me sjølvsagt først om Jesus.

Jesus utfører og sender
Dei som tek fram Bibelen eller bibelappen på mobilen, vil sjå at evangeliet for i dag startar eit nytt avsnitt i Matteusevangeliet. I kapittel 8 og 9 vert det fortalt om Jesus som gjer under og forkynner evangeliet. Heftige greier!  I kapittel 10 handlar det om apostlane og oppgåva deira.  Versa denne sundagen dannar overgangen. Frå det som Jesus gjer, til det disiplar vert sendt til.  Eller sagt på ein annan måte: Frå det som Jesus gjer sjølv, til det han utfører gjennom dei han sender.

Jesus opplever i alle fall at grøda er stor.  Han veit det, for han lever nær folk, går rundt i kvardagen deira, underviser på sabbaten og reiser opp og lækjer. Han veit kva han ser og merker. Grøda er stor. Det er mykje å hausta.  Me kan godt forstå at Jesus ser stor grøde. Folk strøymer jo til.  Etterspørselen er stor. Evangeliet virkar. 

Det er lett for oss å spinna på den der og skriva nye vers på same visa: "Klart grøda var stor rundt Jesus!  Det må jo ha vore fantastisk!  Men me kan jo ikkje venta det sånn i dag. Folk er annleis og disiplar er annleis, dette var Jesus si tid, gullalderen.  Me må rekna med skralare grøde nå, skal me vera realistar."

Me bør nok ikkje dikta på den visa.  Ho er feil. Ho har ikkje lese evangeliet i dag godt nok. Ser me godt etter i det Jesus seier, så er det ikkje etterspørselen som får Jesus til å sei at grøda er stor.  Det er ikkje at forkynnelse, omsorg og under virkar så grasat godt.  Det er ikkje det som fortel at grøda er stor.  Det er ikkje alt dette som me lett tenkjer at me har manko på i vår tid og kultur. 

Kva er det då?  Kva er det Jesus ser, som fortel at grøda er stor?

Ikkje etterspørsel, men hjarteblikk
Jau, det er innblikket i hjarta! Han såg at folk «var forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar».  Grøda var stor.  Større enn dei som Jesus fekk nærkontakt med.  Større enn dei som kom til tru og vart helbreda. Grøda var så stor som menneskehjarta. Det som alltid vil bera på ein uro til det finn kvile hos han som har skapt det

Slik såg Jesus det.  Han såg inn i folk sine hjarte, fordi han såg med sitt eige.  Han fekk inderleg medkjensle med dei, står det.  Orda som er brukt, refererer til innvollar, til magen.  Akkurat som me seier at me kjenner det i magen, når noko står på.  Eller brukar ordet magefølelse.  Som fortel akkurat det som var vanleg å tenkja i antikk tid:  Følelsane sit i magen.  Jesus såg med langt meir enn auge, han såg med hjarta – vil vel me sei i dag.  Med empati.  Med innsyn og hjartelag: Folk treng å høyra til og verta leda, akkurat som sauer til ein god gjetar, som ein bortkomen son til sin lengtande og elskande gode Far.

Sit poenget nå? Grøda vil alltid vera stor! Det er ikkje den som er variabelen. Variabelen er arbeidarane som vert sendt til å hausta inn Herren si grøde.  Og dei som bed denne sendelsen fram.

Så då skal me ikkje sukka over noko som var betre eller lettare før.  Me skal ikkje venta passivt på at folk kjem strøymande slik dei gjorde rundt Jesus. Grøda er der heile tida.  Me skal bare ta på oss Jesus sine briller – eller magefølelse – og sjå kor dei forkomne og hjelpelause er i dag.  Me finn dei kanskje ikkje utan å inkludera oss sjølv og gjenkjenna uroen i vår mage? Korleis ser dei forkomne og marginaliserte ut i dag?  Det er spørsmålet for misjon og diakoni i overflodssamfunnet, slik som gammal ytremisjon var motivert av hedningane sin elendighet der ute.

Forkomen og hjelpelaus
Kven er det i dag som ropar klagen me høyrde frå Salme 22?  Dei orda som Jesus sjølv gjorde til sine då han hang på korset: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate megOg så auser klagen ut. I ei livskrise. Eller ei kvardagskrise. Det er nok av dei til alle tider. Me veit kva det kan vera. Fortvilelse og håplaushet set seg i førarsetet der me ville at livsmot og håp skulle styra. Me føler me ikkje strekkjer til og vert slitne. Lurer på kvifor Gud ikkje gjer meir. Føler me kjem til kort, for me når ikkje opp til våre eigne ideal og dei me ønskjer å vera og gjera meir for.  For mange kjennest samfunnet rikt på overflod og fattig på nåde. Anten det er kvardagskaos eller livskriser som kjem durande, så prøver me å ta kontroll, organisera smartare og gjera alt me kan for å mestra livet betre. Men sanninga er at me er ikkje skapte for å mestra alt åleine. Me er skapte for å spørja kvifor me ikkje har det betre inni oss når me har det så godt på utsida. 

Det er så mykje som kan gjera oss forkomne og hjelpelause: Ensomhet, tap, sorg, rop etter meining, forgjengelegheten, skulda, skammen, angst, perfeksjonisme, døden, finna identitet.  Ingen kjenner på alt, men alle kjenner på noko.  Det er derfor grøda er så uendeleg stor.  Det er derfor Jesus utfordrar til å be hausten sin herre om å senda arbeidarar til å hausta inn, og dei må vera mange.  For dei som skal kunna hausta, må vera tett på.  Dei må bu i nabolaget, høyra til i familien, vera kollega på arbeidsplassen, sveitta i hop på ein bane og drøsa i garderoben.  Det er bare Jesus sin kropp i verda som er nær nok til å sjå og møta det som gjer den enkelte forkomen og hjelpelaus og klar for å søkja Jesus og eit fellesskap som kan bera bører.

Nære relasjonar som varmar og virkar 
I tekstane for i dag er det fullt opp av bilder som får fram desse nære relasjonane: Paulus snakkar om å vera hengiven slik eit spebarn er.  Han snakkar om å vera som ei amme som trøstar og matar.  Ja, han som slit fælt i Salme 22, finn tryggheten i Gud ved å tenkja på den varme og gode tryggheten ved mor sitt bryst.  Bare høyr det som me ikkje vil unngå å sjå i dag, i dåpen sitt mysterium, i dotter på mor sitt fang, ord som får bildet av mor og bildet av Gud til å flyta i hop i ein heilt ufatteleg trygghet og tilhørighet: Du drog meg fram frå mors liv, du gjorde meg trygg ved hennar bryst. Fra eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.

Det er sterkt å vera sett av Jesus. I mi hjelpeløyse. Å vera så elska at me kan sjå andre med Jesus sitt blikk og læra av han. Vera arbeidsfolk som haustar inn.  Han veit at grøda er stor.  At arbeidsfolka treng å verta fleire.  Me kan ikkje modernisara og effektivisera dei med maskinar slik som i jordbruket. Jesus har gitt noko betre: «Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk.» 

Be - og sjå deg som svaret!
Velsigne dykk som bed. Som veit at grøda kun er Gud si grøde.  Eg veit kva forbønn betyr. Å vita at det vert bedd før gudstenesta, i gudstenesta og etter gudstenesta. Det er uvurderleg stort.. Det merkar også barn, unge, eldre, tilsette, frivillege, og alle som stiller som arbeidsfolk.  Så fortset å be! Våg å tenkja deg som eit av svara på kyrkja si bønn om arbeidsfolk.  Så den store grøda kan haustast inn. 

Arkiv alle preiker
Kva med oss? Kva får me?
14.sundag i treeiningstida 2019 - Matteus 19,27-30
Kva med oss? Kva får me?
Kva får me igjen for å følgja Jesus? Evig liv som trumfar alt. Eit verdisyn som set andre før oss sjølv og gjev oss noko større å leva for.
LES MEIR Publisert: 15. September 2019
Tilgjeving
10.sundag i treeining. Semesterstart. Markus 11,25-26
Tilgjeving
Rett i ansiktet. At den gode retten til å få vera for Guds ansikt, ikkje skal skje utan at min brors ansikt er med i møtet.
LES MEIR Publisert: 19. August 2019
Samla og sendt
Aposteldag, 6.sundag i treeiningstida 2019 - Markus 3,13-19
Samla og sendt
Apostlane kan me aldri stemma ned med demokratisk fleirtal og skapa oss ei kyrkje der vår eigen fornuft er høgaste norm. Me har fått apostoliske ord å ordna liv og lære...
LES MEIR Publisert: 21. Juli 2019
Å gå seg vill og verta funnen
5.sundag i treeiningstida 2019 - Matteus 18,12-18
Å gå seg vill og verta funnen
Det er ein svimlande tanke at min evne til å vasa meg vekk, kan gjera Gud lei seg og bedrøva. Og det at eg kjem tilbake til flokken, kan gjera Gud jublande glad....
LES MEIR Publisert: 15. Juli 2019
Så nær som Gud er
Treeiningssundag 2019 - Apg.17,22-34
Så nær som Gud er
Det vert ingen god samtale utan respekt. Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held høgt, kan ingen vinna på.
LES MEIR Publisert: 16. Juni 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone