Samla og sendt
Aposteldag, 6.sundag i treeiningstida 2019 - Markus 3,13-19

Samla og sendt

Publisert 21. Juli 2019
Apostlane kan me aldri stemma ned med demokratisk fleirtal og skapa oss ei kyrkje der vår eigen fornuft er høgaste norm. Me har fått apostoliske ord å ordna liv og lære etter. Heldigvis. Og sjølvsagt må me bruka vitet...

Til og med me vanlege jordnære kan kjenna frysningar på ryggen når me syng oss inn i det store mysteriet i trua (NoS 699). Når me høyrer, ser, anar og kjenner sangen som alt tonar, og festen som ventar.  Og perspektivet omfattar heile kloden, alle tider, alle folkeslag. Alt som er skapt, skal nyskapast. Og det er i gang!  Guds rike veks.  Menneske går frå mørke til lys, frå sorg til glede, frå det bundne til det befridde.  Og alt er knytta til Jesu namn, til han som er vegen, sanninga og livet.

12 apostlar valgt ut
Det er verd ei frysning på ryggen å syngja og tenkja dette i eit land langt mot nord 2000 år etter, mens me les orda om den spede starten. Eit tolvmannslag vert plukka ut. Til å vera den indre kretsen av Jesus sine medarbeidarar. Har dei peiling på det dei skal verta med på? Knapt nok. Dei fleste er unge. Arbeidar i vanlege yrke.  Har slett ikkje utdanning og CV som kvalifiserer til å endra historien sin gang. Dei er sikkert forskjellige. Markus antydar til og med nokre temperamentsutfordringar hos toresønene Jakob og Johannes.  Simon Peter sin impulsivitet og ganske ustabile dømmekraft skal han fortelja mykje om.  Og evangelistkollegaen Johannes skal dvela med Tomas sin evne til å stilla ærlege spørsmål. Og med Andreas og Filip sin evne til å oppdaga og få med seg andre.  Alle 12 hadde opplagt noko som Jesus såg i dei, noko han kunne forma og bruka.  Men det var ein spe start, utan stillingssøknad og ferdig arbeidsinstruks. Utan tankar om at nå skreiv 12 mann seg inn i verdenshistorien. 

Dette prosjektet handla opplagt ikkje om dei 12, eller den enkelte av dei.  Dette handla om Jesus.  Kva han såg i dei.  Kva inntrykk han allereie hadde skapt i dei.  For dei hadde jo sagt ja. Dei takka ikkje nei til kallet, for å sikra livet sitt tryggare med å fortsetja som fiskarar og tollarar og slikt. Dei sa ja. Og der dei sat og såg på kvarandre i kretsen rundt Jesus, så ante dei nok at det var 12 stykk dei var.  Slik 12-tallet sto og lyste om det å vera utvald av Gud.  Gudsfolket.  Israel sine 12 stammar.  Og det var så sterkt, det nye Jesus begynte å koma med, at det var mest som dei kunne ana at det ikkje bare var ein spe start, men ein start med veldige perspektiv då Jesus peika dei ut og kalla dei apostlar, utsendingar.  Men hadde du spurt dei om dei nå skulle utgjera det nye gudsfolket og oppfylla Jesajateksten sin profeti om Guds herlegdom til alle folkeslag og tungemål, så hadde kanskje blikket flakka mot Jesus.  Spør han om slikt.

Det er noko her!  Noko som til alle tider gjeld dei som held seg til Jesus, noko som liknar på det som vart eit særleg oppdrag til dei 12.  Noko som gjer at me alltid kan kjenna frysning på ryggen over det me får vera med på.

2-delt oppdrag fortel Markus om. Særleg for apostlar, men ikkje eksklusivt for dei.  Apostlane hadde aldri fått så stor betydning, viss ikkje dette også var for alle Jesus sine disiplar og lærlingar.

Det første oppdraget er å «vera med Jesus», v.14

Det kjem først.  Den trua som har forandra verda, har opplagt store kvalitetar i å tolka livet og mestra det, å byggja opp personar, kulturar og samfunn.  Men først og mest er trua og kallet å vera med Jesus. Vera lærling, læresvein, disippel.  Ha personleg fellesskap. Dela tid og vera med kvarandre.  La Jesus få gje det bare han kan gje, og læra det bare han kan visa. 

Me som lever i dag, skal aldri ut av dette første kallet, aldri vidare frå det.  Det er sundagskallet.  Det er her og nå.  Samling for Guds ansikt.  Å «vera med Jesus» i takk, i lyttande læring, i spørsmål og klage, i kne som bøyer seg og tome hender som opnar seg for å ta imot han sjølv i brød og vin.  Guds rike er dette, og veks i dette.  Å vera med Jesus.
Det første er å vera samla hos han og med han.

Det andre er å vera sendt med det han sender oss med:

"Å forkynna og ha makt til å driva ut vonde ånder". Jesus si gjerning skal fortsetja gjennom apostlar, utsendingar, og gjennom oss, me som i dag og framleis utgjer hans folk i verda.

Forkynning, misjon og vitneteneste høyrer ikkje til dei store honnørorda i vår tid og kultur.  Men dei er umissande.  Å forkynna evangeliet vil alltid liggja heilt i kjernen av kyrkja sitt oppdrag.  Å fortelja om Jesus, om det me har sett og høyrt, med å vera saman med han og med å lytta til dei som har vore det fysisk.  Særleg dei som har forma evangelieforteljingane om han. 

Oppdraget
I oppdraget til apostlane er forkynninga knytta til «makt til å driva ut vonde ånder». Tenkjer me dette inn i vår kultur, så er det sant og sei ma
nge av oss som kjenner at dette er vanskeleg, at det er ord me ikkje får til å passa inn i gangbart språk og i det verdens-bildet og kjennskapet som medisin har gitt oss til psykiske liding. 

Men: Det står som oppdrag.  Det står som vidareføring av Jesus si makt til å setja fri.  Kan me sei og tenkja det slik som dette?:
Vårt kall er at me alltid skal stå på lyset si side i kampen mellom lys og mørke.  Ikkje bare når me anar det overnaturlege, men minst like mykje når me anar det synleg destruktive som bryt ned. Me skal gjenkjenna Guds bilde i kvart menneske me møter, på ein sånn måte at me kan avsløra alt som bryt mennesket ned, alt som krev makt og vil binda.  Dette er ei vegrydding som er oppteken av å fjerna hindringar for evangeliet, lindra vond smerte og føra menneske tilbake til Gud.  I Jesu navn. Og i Jesus si kraft.   

Dei kjende seg nok små, dei første utsendingane også.  Dei fekk gå steg for seg, og ana meir etter kvart.  Og gudsriket vaks.  Forunderleg!  Nye kom til tru.  Trua breidde seg ut over grensene i det gamle 12-stammefolket.  Apostlane sitt oppdrag lukkast mot alle odds.  Det var definitivt noko som Gud gjorde, dette.

Saulus vert Paulus
For til og med ein av dei verste motstandarane, forfylgjaren Saulus, vart ført frå mørket til lyset.  Me har høyrt ein av dei sterkaste, mest forunderlege forteljingane i Bibelen i dag, Apg.9. 

For Saulus var utgangspunktet endå verre enn med 12 enkle galilearar som vart kalt til apostlar. Det var bortimot umuleg. Han hadde motarbeidd Jesus på det grovaste. Han var totalt utan tillit blant dei første kristne – med god grunn.

Men så greip Gud inn! Lyset frå det høge slo han til jorda der han var på veg til Damaskus med vonde ærend. Frå den dagen vart han steg for steg ført i Gud sine ærend. Og Gud måtte arbeida med andre for å gje Paulus tillit som kristen og som apostel. Han gjorde godt arbeid!  Ananias og andre var villige til å lytta til Gud, ikkje bare sine eigne kjensler. Paulus vart oss heidningkristne sin apostel. Han planta evangeliet strategisk rundt i sentera i det som då var den kjende verda. Han gjorde trua verdensomspennande.

Aposteldag
For i dag er me samla til aposteldag. Det som dei første utsendingane frå Gud har gjort, har snudd opp ned på våre liv. Me får vera levande steinar i ei verdensvid, kristen kyrkje. Ei kyrkje som Guds Ord seier er oppbygd på apostel- og profet- grunnvollen, med Kristus sjølv som hjørnestein.

I dag skal me minna oss sjølv som kyrkja om den særstillinga apostlane har og takka Gud for det verket han sette dei til å gjera. Det er grunnleggjande og avgjerande.

Apostlane si oppgåve ga Gud til nokre få. Dei skulle leggja grunnvollen. Den skal ingen av oss flytta og erstatta med noko me tykkjer meir om. Grunnvollen skal opplagt byggjast , med nye menighetar og nye menneske. Men ikkje med ny kyrkje!

Apostelrolle
Apostlane kan me aldri stemma ned med demokratisk fleirtal og skapa oss ei kyrkje der vår eigen fornuft er høgaste norm. Me har fått apostoliske ord å ordna liv og lære etter. Heldigvis.  Og sjølvsagt må me bruka vitet, deriblant teologisk tolkning for å gjera apostlane rett i hundreåra etter, og gjera demokratiske vedtak med dei – og ikkje oss – som autoritetar når nye vegvalg kjem.

Apostlane har ei særstilling i forhold til alle oss andre. Men dei er også viktige eksempel for vanlege disiplar i dag. Det går som ein rød tråd frå jødane sin far, Abraham, til dei jødekristne sin apostel, Peter, og til dei heidningekristne sin apostel, Paulus: Ingen av dei er det dei er, i kraft av seg sjølv. Alle framhever dei Guds verk i seg. Av dårlege forutsetningar, ja, av grove syndarar, skaper Gud dei største tenarar.

Den store apostelen Paulus har mykje å læra oss i måten som han ikkje framhever sitt eige når han beskriv omvendinga si. Her er det ikkje Paulus som erkjenner sanninga og omvender seg! Nei, det er Gud som grip inn og forvandlar totalt, så forfylgjaren vert frelst og eit forbilde på Guds nåde. Det er noko vesentleg å læra her, når me skal vitna på vår måte. At større enn våre eigne valg, er Guds valg. Større enn vår tru er Guds nåde. Paulus har gitt oss dette i eit ord som samlar i seg det meste, i første brev til medarbeidaren Timoteus. Kap.1,12-17. 

Kallet til samling og sending
Eg vil lesa det nå til slutt.  Mens eg les, kan du tenkja på kva du vil takka Gud for.  Kva han har gjort og gjer i livet ditt.  Og kor og korleis han sender deg.  For det er dette han alltid vil.  Kalla oss til samling og sending, til å vera med Jesus og gå ut med ordet om Jesus, i ånd og kraft. 

For det er Jesus alt står og fell med.  Det er til å få frysningar på ryggen å tenkja på kva me får vera med på, høyra til i, og gje vidare!

Arkiv alle preiker
Tilgjeving
10.sundag i treeining. Semesterstart. Markus 11,25-26
Tilgjeving
Rett i ansiktet. At den gode retten til å få vera for Guds ansikt, ikkje skal skje utan at min brors ansikt er med i møtet.
LES MEIR Publisert: 19. August 2019
Å gå seg vill og verta funnen
5.sundag i treeiningstida 2019 - Matteus 18,12-18
Å gå seg vill og verta funnen
Det er ein svimlande tanke at min evne til å vasa meg vekk, kan gjera Gud lei seg og bedrøva. Og det at eg kjem tilbake til flokken, kan gjera Gud jublande glad....
LES MEIR Publisert: 15. Juli 2019
Grøda er stor!
4.sundag i treeiningstida 2019. Matteus 9,35-38
Grøda er stor!
Grøda vil alltid vera stor! Det er ikkje den som er variabelen. Variabelen er arbeidarane som vert sendt til å hausta inn Herren si grøde. Og dei som bed denne sendelsen fram.
LES MEIR Publisert: 08. Juli 2019
Så nær som Gud er
Treeiningssundag 2019 - Apg.17,22-34
Så nær som Gud er
Det vert ingen god samtale utan respekt. Å sjå ned på eller bare oversjå det som andre held høgt, kan ingen vinna på.
LES MEIR Publisert: 16. Juni 2019
Anden si frukt er...
Pinsedag 2019. Joh.14,23-29
Anden si frukt er...
Å ha kjærleik er å vera pinsevenn. Å eiga gleda er å vera Kristi himmelfartsvenn. Å kjenna fred er å vera påskevenn
LES MEIR Publisert: 10. Juni 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone