Inderleg medkjensle
Undheim kyrkje 13.10.2019 - Markus 1,40-45. 18.s. i treeiningstida

Inderleg medkjensle

Publisert 13. Oktober 2019
Det er medkjensle som motiverer ei god handling. Det er evne til å verta berørt av andre sitt liv, som kan føra dei som lett søkjer alt muleg, til å søkja adressen der ein kan finna både Gud og seg sjølv og andre menneske.

Viss eg er i beit om noko, veit eg kor eg kan gå.
Viss eg står fast, har eg ein god hjelpar og venn.  Mange andre har same vennen.  Det er bare å koma med problemet og ønskjet, så stiller vennen opp.  Uansett kva tid på døgnet det er.  Uansett kor du bur.  Han sorterer ikkje på kven han bryr seg om.  Han rynkar ikkje på nasen av at du melder deg.  Han vert ikkje redd om du er aldri så spedalsk eller sær. Han vert ikkje irritert om du er stadig gjenganger.  Han går ikkje lei av deg. Han gjer ikkje forskjell på folk.  Han stiller bare alltid opp!

Etter at du har oppsøkt han, opnar det seg nye muligheter i livet.  Ingenting er for stort eller for lite å koma med.

De veit sikkert kva for ein venn eg snakkar om?
Google sjølvsagt!  Eller eventuelt finn.no.

Nettsøk
Ein gong for ikkje lenge sidan fans ikkje slikt.  Eit nett der du kunne søkja opp alt du ønskte og lengta etter.  Ein mann som var spedalsk, hadde ikkje eingong mulighetenes marked å oppsøkja.  Alt var stengt. Lukka ned. Kutta ut.  Eit liv i total isolasjon. Ein spedalsk var smittefarleg for helsa. Urein i møte med det hellige.  Utestengd frå familie. Vond å sjå på for andre. Måtte leva på mat som andre sette ut. Djupt ulukkeleg inni seg. Langsomt deformert og øydelagt i fingrar, hender, ansikt og kropp. Døden hadde teke synleg tak og ville aldri sleppa det.

Ikkje ein gong google var der med løysingar og muligheter. Finn.no hadde stått fast.  Slike internettsider er betre på å skaffa varer enn å reparera relasjonar.  Nettet er betre på handel enn på helbredelse.

Og det er jo ein einaste ting som står i hovudet på ein som både er sjuk og utestengt.  Kan eg verta helbreda og rein?  Kan eg ein dag få leva normalt i hop med andre og tru at eg er elska av Gud?

Så kjem den spedalske til Jesus, legg seg på kne i lengsel og respekt, droppar likegodt søkefeltet, forespørselen og bønna og går rett til trusbekjennelsen: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein».

Adresse for lengsel
Og nå må eg sei noko fint om mennesket sin lengsel.  Me veit jo godt at me har han.  Han er nært.  Han er kroppen sin lengsel etter helse.  Han er sjela sin lengsel etter vennskap, etter meining, etter gode relasjonar og fred i sinnet.  Og han er ånda sin lengsel etter Gud, etter den djupaste grunnen med å leva.

Me skal snakka fint om menneske sin lengsel.  Og viss me tykkjer det er litt for mykje av tida sin lengsel som er lettlurt og sprikande og ullen og vag, ja, så er det gjerne eg som er den næraste gode hånda som kan leda inn på ein sti det går an å ferdast på og faktisk finna fram på.  For den som trur og har bibelen som næring for trua, har noko som mennesket sin evige lengt spør etter, ei håndfast hjelp i søkefeltet.  Ein retning på lengselen, ein adresse for det eg søkjer: «Herre, du kjenner min lengsel, mitt sukk er ikkje løynt for deg.  I alt som gjer at lyset i augene forlet meg, gjer ikkje du.  Det er deg, Herre, eg ventar på.  Du vil svara meg, Herre min Gud

Det er ikkje bare Salme 38 som har dette språket.  Bibelen er full av det. Salmeskatten også. «Som ein hjort lengtar etter vatn...»  (NoS 388).

Det betyr at trua sine folk og ei kristen forsamling sit på ein skatt.  Skatten er at alle dei som lengtar, har fått deler av lengten frå sin skapar.  Denne bibel- og trusskatten gjer at det søkjande og lengtande mennesket har vegar og søkemotorar inn til det djupaste ein søkjar kan finna.  At Jesus Kristus er vegen, sanninga og livet.  At Gud har vist sitt sannaste ansikt i han som er Guds Son og vår bror og verda sin frelsar.

Så: Snakk fint om dei som lengtar.  Vær nær dei, og la dei få sjansen til å sjå Jesus sitt ansikt lysa inn der lyset trengs.

Djupt berørt
Og nå er det me som ser Jesus sitt ansikt og hjarta.  Ikkje bare på grunn av andre.  Men inn i noko som angår meg og min lengt. Kva er det, mon tru? 

For Markus fortel at Jesus vart djupt berørt inni seg og gjorde det som ingen andre våga eller gjorde, han tok på den spedalske mannen, berørte dei smitta delene av kroppen og sa det som veldig gode venner seier:  «Eg vil».  For deg! Og la til det som bare Gud og ingen andre kan:  Dei bydande orda over uhelbredeleg sjukdom:  «Bli rein».  Den momentane virkninga er også Gud heilt åleine om:  «Med det same var sjukdommen borte, og mannen vart rein.»

Eg trur at dette hende slik som det er fortalt, og var med og skapte ein voldsom interesse for Jesus, sjølv om han prøvde å dyssa det ned.  Han ville visst gje omsorg og hjelp, ikkje få oppmerksomhet og skapa blest om ei sak. 

Men eg trur også at det som Jesus gjorde med ein spedalsk, kan bety noko veldig viktig for oss som lever i dag og har andre utfordringar enn at huda går dukken. I dei kan me godt tenkja mykje på at Jesus blei så berørt inni seg at han fysisk berørte ein smittsom spedalsk som lengta og spurde.
«Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han."  Så fint Markus fortel det!  Så sterkt at evangelia fortel slikt fleire gonger.  At det er slik Gud viser ansikt på jorda!  

Å tru på ein slik Gud
Det går an å tru på ein slik Gud.  Han vil meg vel.  Det går an å gjenta så lenge me lever: «Det er deg, Herre, eg ventar på

Det går an å la Jesus sitt blikk og hjarta prega mitt blikk og hjarta på andre menneske.  For det er medkjensle som motiverer ei god handling.  Det er medkjensle og vilje til å verta berørt av andre sitt liv, som kan føra dei som lett søkjer alt muleg, til å søkja adressen der ein kan finna både Gud og seg sjølv og andre menneske.

Guds rike har ikkje slutta å fungera.  Jesus er den same.  Han har ein kropp i verda gjennom dei som trur.  Hender fortset å berøra.  Auge fortset å oppdaga og sjå i det indre.  Øyre fortset å vera lyttande. Hjarta fortset å verta berørt.  Føter sluttar ikkje å gå.  Evangeliet sine føter.

Hald det fast i dag: At Jesus elskar og vert berørt av det som smertar oss. Spedalskhet er stort sett utrydda.  Medisin og helsevesen er fantastiske i vår tid.  Finn.no skaffar mykje og google viser vegar i ennå meir.  Men det vil alltid vera eit meir, noko som varer ikkje kan få til å vara, noko som kjøp og salg ikkje kan skaffa, noko som opplevelsar ikkje kan oppnå, noko som prestasjonar ikkje fiksar, noko som venner ikkje maktar.

Vennen som alltid er der
Og nå snakkar eg om den vennen som alltid er der, aldri sorterer og gjer forskjell, alltid er på og aldri går lei.  Om Jesus.  Eg snakkar om den guddommelege kjærleiken som rett og slett vert berørt av sår og skadar me ber på.  Slike ting som andre er årsak til.  Slike ting som eg har stelt i stand sjølv.  Eit svik, ei synd.  Mot meg sjølv, mot Gud, mot andre, mot framtid og håp.

Når eg kjem til han som til og med vil ta på ein spedalsk, så kan det skje, det som er kjernen i kristen tru. Nåde.  For Jesus er faktisk berørt av meg og eg kan bli berørt av han. 

Den berøringa heiter tilgivelse der eg har skapt sår hos andre. 
Den berøringa heiter forsoning når noko bittert vil kvela meg.
Den berøringa heiter håp i eit søkefelt der finn.no og google står fast.

Arkiv alle preiker
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
Sårbar og villig
HelgeGodtnytt fredag før Maria budskapsdag 2020 - Lukas 1,26-38
Sårbar og villig
Me har møtt noko me ikkje har erfaringar på. Me stiller på dugnad med 2 meters avstand i land etter land. Det har ei oppside i felles ansvar og enklare liv for mange....
LES MEIR Publisert: 20. Mars 2020
Livsglede og gudskamp
2.sundag i fastetida. Matteus 15,21-28
Livsglede og gudskamp
Ei kvinne som sto utanfor, forankrar alt sitt håp hos Jesus. Med tru og trass gjev ho ikkje opp trua på at Guds omsorg er utan grenser. Ho tviheld på at Jesus ser...
LES MEIR Publisert: 09. Mars 2020
Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26
Eitt i kjærleik
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.
LES MEIR Publisert: 26. Februar 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone