Snudd perspektiv
22.sundag i treeiningstida 2019 - Lukas 10,25-37

Snudd perspektiv

Publisert 11. November 2019
Har vi nok vilje til å justera fordommane våre? Dei dukkar opp like fort som at trygdemisbruk og uskyldig dømt skiftar over natta. Eller at dom vert felt over ein som hjelper ureturnerbare flyktningar med arbeid og verdig liv. Det skjer så fort at det me trur er feil, kan vera heilt rett.

At noko som er så rett, kan verta så feil!
Ja, for det er jo veldig rett å stilla det viktigaste av alle spørsmåla: «Kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»  Eg som er skapt av Gud og elska av Jesus, men altså grueleg forgjengeleg og slett ikkje verda sin gildaste skapning. «Kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?» 

Viktig spørsmål.  Rett spørsmål!  Og jammen rett svar, også. Når den skriftlærde får saka si i retur av Jesus.  Når summen av lova og det Gud vil me skal gjera, skal formulerast:  «Du skal elska Herren, din Gud, av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv

Rett spørsmål etter evig liv.  Rett svar om fokus i livet, Gud sin gode vilje for oss.  Og så…?

At noko som er så rett, kan verta så feil!
Tek de feilen?  Finn 3 feil!  Her er dei:

  • Den skriftlærde ville setja Jesus på prøve.  Det er ikkje det luraste å prøva på.  Helst bare å lura seg sjølv, det…
  • Den skriftlærde kom med teorien, og Jesus spurde etter praksis.  Livet og evig liv handlar ikkje om å vita det rette svaret, men praktisera innholdet.  Det handlar om å elska, ikkje om å vita. «Gjer det, så skal du leva
  • Og den tredje feilen:  Mannen ville gjera seg sjølv rettferdig, altså driva sjølvbehandling på samvitet, trekkja opp grensene for kjærleiken sin ved å definera kven som var nesten hans og kven som ikkje var det.

At noko som starta så rett, kunne verta så feil! 
Til han – og til oss – fortel Jesus ein historie som ga mannen ein sjanse til å sjå med nye auge. Og då måtte det både eit sjokk og eit nytt perspektiv til.

At noko så feil kunne verta så rett!
Sjokket først:  Det var ein samaritan som var helten.  At noko så feil, kunne verta så rett.  Det var jo ikkje han som skulle ha hjulpe ein skamfert jøde or grøfta.  Det var presten og levitten som skulle ha stoppa og hjulpe.  Representantane for det å elska Gud.  Flaut og feil at dei ikkje gjorde det.  Og minst like gale at det gjentek seg.  Det treff så det svir. Travle kyrkjefolk er ikkje plent dei som øydelegg timeplanen sin for nokre som slit. Religiøs makt og posisjon kan fort kjølna kjærleiken. Mykje konsentrasjon om det åndelege kan skygga for det medmenneskelege. Eg vil heller leda og påvirka enn å bøya meg ned.  Gje oppmerksomheten til saker og mindre til såra sjeler og kroppar.

Eg har alltid kjent eit stikk av presten som gjekk forbi.  Og det anar meg korleis det stakk i ein lovkyndig og eit utvalgt gudsfolk når Jesus gjorde samaritanen til helten, til den som gjorde det rette. At noko så feil, kan vera så rett.  Ein av dei «andre».  Ein med tvilsom tru og avstemning. 

Me har ikkje samaritanar i Norge.  Men me har «dei andre».  Dei første som ei progressiv grunnlov stengde ute, var jødar og jesuittar. Det gjekk lenge før det var stovereint å snakka fint om det samiske, om tatarar og fantar som nå heiter rom, om muslimar, utan å problematisera noko dei kunne vera ute etter.  Skal me forstå sjokket Jesus skapte, så må me kanskje sjå ei kvinne i nikab hjelpa ein rusa norsketnisk ungdom til legevakt ei natt. Og vera  villige til å justera fordommane våre.  For dei dukkar opp like fort som det at trygdemisbruk og uskyldig dømt skiftar over natta. Eller at dom vert felt over ein som hjelper ureturnerbare flyktningar med arbeid og verdig liv.

Det gjentek seg altfor fort at det me trur er feil, kan vera heilt rett.
Og der er Jesus den beste veilederen og augeopnaren. Han vrir teori til praksis, snakk til handling.  Hans kjærleik er ikkje avgrensa av folkegrupper. Eit medmenneske er eit medmenneske. Gud gjer ikkje forskjell, høyrer me rungande i dag.

Sjokkbehandling og skifte av perspektiv
Så Jesus tok ei sjokkbehandling for han som hadde alt rett og ennå meir feil.  For det andre ga Jesus han – og oss – eit skifte av perspektiv. Ei forteljing, ikkje om kven som skal kjærleik, men kven som gjev kjærleik.  Poenget er ikkje kven som er nesten min, men at eg viser meg som ein neste for den som treng meg langs vegen min. 

Veit de, dette er eit mykje krassare og meir utfordrande budskap enn det me lett og først tenkjer når me ser røvarane og den nedslegne og presten og samaritanen føre oss.  Kanskje me best kan forstå det viss me veit meir om filmproduksjon, og tenkjer litt på korleis ein film kan rista i oss, spenna musklane, pressa fram tårer og smil.  Filmen tek oss. Eg vil dela nokre tankar av Eyvind Skeie om det…

Point of view
I film-manuset står det kanskje eit POW akkurat der filmen tek tak i oss. 
Point of view. Ståsted.  For eksempel ein situasjon der vold truar.  Mann i fart med heva øks.  Fleire kamera på. Men i manus står det POW Anne.  Kamera skal flyttast inn bak augene til Anne.  Sjåarane skal ikkje oppleva handlinga med ein nøytral distanse.  Mann med heva øks komande imot, sett med Anne sine auge, forsterkar fare og frykt.  I kinosalen deler du dermed Anne sin redsel, han vert din også.  Du ser situasjonen med perspektiv innanfrå, ikkje utanfrå.  Du ser det med eit anna menneske sine auge. På ein annan måte.

Det er noko slikt Jesus gjer når han fortel om den miskunnsame samaritanen. Han tvingar ein skriftlærd og oss alle til å sjå verda med samaritanen og offeret sine auge.

Først skildrar Jesus det heile nøytralt og utanfrå. Me ser det som skjer når mannen vert nedslegen og robba av røvarar. Me kan også sjå føre oss dei to som går forbi og den tredje som stoppar og hjelper. Det meste fortalt med eit nøytralt forteljarperspektiv, med eit lite hint om at samaritanen fekk inderleg medkjensle med mannen, slikt som elles er sagt om måten Jesus møtte menneske på. Og så til slutt:  Point of view i forteljinga, i den siste utfordringa til den lovkyndige.  Jesus spør: Kven av desse tre tykkjer du viste seg – POW - som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?

Å sjå med offeret sine auge
Jesus gjer noko oppsiktsvekkande og uventa. Han vel å sjå det heile frå hjelpar og offer si side.
Slik gjev han offeret verdighet og den lovkyndige ei stor utfordring. Det einaste som gjeld er å visa seg som ein neste for dei som ligg nede, offera, dei svake, dei som treng hjelp. Dette er kjernen i budskapet idag. Vårt kall er å opptre på ein slik måte at offera, dei såra og svake, ser oss som sin redning, sin mulighet, sitt håp.

Dette gjeld alt det som kyrkja kallar diakoni, hos den enkelte og i det me kan vera som større fellesskap.  Og i dag på forfulgte sin sundag gjeld det å ta perspektivet som gjer at me kan sjå og stoppa og vera ørlite til hjelp for dei som verkeleg kjempar der både tru og liv har tronge kår.  Me skal sjå ein liten filmsnutt om det snart. Kor viktig håp er.  Dei praktiske handlingane som skaper håp.  På denne dagen vil eg lesa eit dikt av Gisle Skeie.  Det set POW i manuset for dagen. Det snur perspektivet innanfrå.

Hvis det var meg

Hvis det var meg, å Herre,
som bare våget be
til Deg bak låste dører
så ingen skulle se –

hvis det var meg som kjente
en uro i mitt sinn
da vi, Ditt folk, brøt brødet
og voldsmenn stormet inn –

hvis det var meg de truet
og kanskje overfalt –
da vet jeg hva jeg ville
ha ønsket mest av alt:

 

At noen kunne se meg,
den urett som jeg led,
og lånte meg en stemme
og talte i mitt sted –

at noen foldet hender
og ba om nattero,
om styrke til å leve
og frihet til å tro –

at noen talte voldsmenn
imot med sannhetsord:
«I Kristus står vi sammen,
vi er Hans kropp på jord!»

Dét ville jeg ha ønsket!
Hvis jeg var en av dem
som bar Ditt kors med smerte
her i min by, mitt hjem.

Der alt startar og ender rett
Og her i min by og min heim døyper me ungane våre og prøver å læra dei å ta dei andre sitt perspektiv. Dette som er så grunnleggande i utviklinga. Barnet sin evne til inderleg medkjensle, empati.

Samaritanen var i stand til å setja seg inn i den helselause sin smerte, fortvilelse og angst. Derfor kunne han ikkje gå forbi. Om han skulle la mannen liggja der i grøfta, ville samaritanen gjera vold på sin egen menneskeleghet. Nei, han såg sitt såra medmenneske med blikk fylt av medkjensle. Så bøygde han seg ned og vaska såra. Sa ord som roa, løfta mannen opp og tok han med seg til eit rom der andre kunne ta omsorga vidare, med helse og trygghet.

«Gå du og gjer som han,» sa Jesus.  Han som såg og ser oss med Gud si medkjensle.  I sin eigen grenselause nåde.  Til alle som opnar seg for han.  Dei har hans POW-fokus på innsida. Point of view i mitt liv og i møte med andre.
POW: Elska av Jesus. Prega av det i møte med andre. 
Der startar alt rett. Og der endar alt rett.

 

Arkiv alle preiker
Meir himmel på jord
2.sundag i openberringstida 2020 - Matteus 3,13-17
Meir himmel på jord
Det er "meir himmel på jord" å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva! For Jesus - og for den som trur.
LES MEIR Publisert: 13. Januar 2020
Å gå etter lyset
Kristi openberringsdag 2020 - Matteus 2,1-12
Å gå etter lyset
Det starta med desse vismennene som finn eit lys å gå etter. Og gudstenestegruppa delte tankar: Kva må til for at folk i dag legg ut på slike vandringar mot Jesus....
LES MEIR Publisert: 06. Januar 2020
Ein som forventar og forsvarer
Midnattsmesse nyttårsaften 2019 - Lukas 13,6-9
Ein som forventar og forsvarer
Det er ein som kjem denne nyttårskvelden og forventar av oss. Det er godt han kjem, og held fast at mennesket er sett til å bera frukt. Det er endå betre at han først går til han som forsvarer oss.
LES MEIR Publisert: 03. Januar 2020
Kven han er - og kven me er
Juledag 2019 - Johannes 1,1-14
Kven han er - og kven me er
Kven er barnet i krybba? Kven er dermed eg, når eg bøyer meg og kneler, tek inn kyrkjerommet fylt av syn og lukt og smellvakre tonar frå orgel, blåsarar og strupar. Slikt...
LES MEIR Publisert: 27. Desember 2019
Kultur for heile mennesket
Tekstmeditasjon Salme 146 - Kveldsgudstenesteserie haust 2019
Kultur for heile mennesket
Tru med kulturuttrykk. Stemmebånd som vibrerer. Tonar som finn kvarandre. No stig vår song i takk til Gud. Tynnare filter til det ærlege livet, og til himmelen og jorda sin skapar og frelsar.
LES MEIR Publisert: 18. November 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone