Kultur for heile mennesket
Tekstmeditasjon Salme 146 - Kveldsgudstenesteserie haust 2019

Kultur for heile mennesket

Publisert 18. November 2019
Tru med kulturuttrykk. Stemmebånd som vibrerer. Tonar som finn kvarandre. No stig vår song i takk til Gud. Tynnare filter til det ærlege livet, og til himmelen og jorda sin skapar og frelsar.

Trua sitt språk i Det gamle testamentet er 150 salmar.  Trua uttrykker seg i kultur. I poesi, rytme og musikk.  Ei samling av 150 salmar midt i det som er vår bibel.

Innhaldet er ramsalt og ærleg klage. Og det er lovsang, tillit og takk i hymnar til Herren.  Eller sagt med dei orda me har til tema i kveld: Det er heile mennesket som utrykkjer seg, i alle slags variantar av bønn, med alle slags erfaringar, der liv og tru må kna kvarandre.  Heile mennesket snakkar dønn ærleg.  Og det er adressert.  Gud får det alt, frå den svartaste klagen til den mest jublande lovsangen.

Poesi og musikk
Og det er altså ikkje prosa, det er poesi.  Tru i eit kulturelt uttrykk.  Og mange av oss veit mykje om det at kultur opnar filtera våre, gjer oss berørte, sårbare, lyttande, lærande, forma på ny.

Eit kjent uttrykk seier at når Gud stenger ei dør, opnar han eit vindu. Eg veit ikkje om du kom til kyrkja med strevsomme tankar om stengde dører, men me vil at det som skjer i kveld, skal vera vindu som vert opna.  Eit blått til preludium og eit gyldent til postludium.  Og i mellom: Salmar og musikk. Ord frå heile, ærlege menneske. Med ein breidde i genre og stil som gjer at me fattar at kyrkja er for heile mennesket og alle menneske.

Poesi og liturgi
Mange av dei poetiske bønnene i bibelen har flytta inn i gudstenesta sin liturgi, og dei har trigga lysten til å skapa ny sang og musikk. For 6 år sidan fekk me den røde boka, Norsk Salmebok, med 6 gonger så mange nummer som bibelen si salmebok.
Og nytt vert skapt heile tida.

Musikken grip oss. Derfor sette eg på musikk og fylte rommet mitt med det, når eg skulle skriva ned dei korte orda til ettertanke nå. 

Og det er ikkje for ingenting at kong Saul henta David, rivalen til kongetruna, for å spela harpe for seg når «ei vond ånd» kom over han.  Etter musikken var det lettare å både leva og tru, og David spelte jo kvar dag uansett.

Tru med kulturuttrykk
I dag er oppfordringa, tvers gjennom denne kvelden, slik som Salme 146 oppfordrar:

Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,
syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.

Tru med kulturuttrykk. Stemmebånd som vibrerer. Tonar som finn kvarandre. No stig vår song i takk til Gud. Tynnare filter til det ærlege livet, og til himmelen og jorda sin skapar og frelsar. Tonar av orgel og trompet og gitar. 

Eg vil lovsyngja Herren heile mitt liv,
syngja og spela for min Gud så lenge eg er til.

Slik Gud og musikken er
Kvifor? Jau, Gud er Gud om alle mann var døde!  Gud er trufast!  Overmåde full av nåde. Gud ser i omsorg og nåde til dei minste. Han bergar dei hjelpelause, dei blinde, dei som er i trelldom, dei som hungrar, er i sorg og ensomhet, dei framande.  Det er ord om vindu på vidt gap for dei som møter altfor mange stengde dører i livet.  Slik er Gud.  Slik som musikken. 

Me skal bare opna oss for han.  Så vert me forma. Av slik Gud er, av slik som musikken sender det inn under huda og langt inn i ryggmargen. 

Slik Jesus gjorde då han fortalde om musikken når Guds lengsel og vår lengsel møtest.  Når ein bortkomen son søkjer heim og finn Far sine opne armar, så er det sangen og musikken på den store festen som både er målet og formen som gleda skal uttrykkjast i.  Ein forsmak på det som skal koma. Kultur for heile mennesket!

Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone