Kven han er - og kven me er
Juledag 2019 - Johannes 1,1-14

Kven han er - og kven me er

Publisert 27. Desember 2019
Kven er barnet i krybba? Kven er dermed eg, når eg bøyer meg og kneler, tek inn kyrkjerommet fylt av syn og lukt og smellvakre tonar frå orgel, blåsarar og strupar. Slikt som kan gjera tankar til tilbeding, tvil til tru, tru til takk. Johannesevangeliet sin prolog teiknar opp overveldande perspektiv om dette!

Ei mor bøyer seg over sitt første barn. Små auge har ennå ikkje festa seg.  Men mor sitt blikk er fast. Og varmt. Ho er i ferd med å kjenna barnet sitt.  Prenta trekka inn i hjarta sin hukommelse. Ein gutt som alltid skal vera hennar – og alltid sin eigen. Ein gutt som er unik og som gjer henne unik. Han er den han er. Ho er mor. Å kjenna gutten sin er å kjenna seg sjølv på ein ny måte. Å vita at han fins er å forsterka at ho sjølv lever. Å vita kven han er, er å vita ennå meir kven ho sjølv er. Å sjå sin eigen nyfødte er mest å verta født på ny sjølv.

Dette møtet mellom mor og barn har skjedd milliardar av gonger.  Til alle tider. I alle slags barselsrom. I alle kulturar. Alle slike førsteblikk er unike og forandrar livet frå nå av.

Blikket som gjev identitet
Men eitt møte er meir eineståande. Det forandrar ikkje bare livet for ein familie som nå har vorte tre. Det endrar historien. Livet på jorda er ikkje det same etter dette. Gutten er unik og mor veit det.  Og dette gjer mor unik og annleis enn andre mødre.  Kven han er, vil for alltid forandra kven ho er. Ho trur det, for ho har hatt englebesøk.  Ho veit det snart, for bekreftelsane drysser snart inn i stallen. Ho ser lyset i augene på fattige og enkle kvardagsslitarar med gjetarstav. Ho skal snart sjå det same hos eksotiske rike vismenn med gavar av ei anna verd. Dei bøyer seg på kne for barnet. I same øyeblikket som dei opnar seg for kven han er, står døra vidåpen for kven dei sjølv er.

Omtrent som oss når me nå har høyrt Johannes sitt mesterverk av eit juleevangelium. Vår krybbe å knela for i dag. For Johannes tek oss med ut av tid og rom og inn i tid og rom og fortel oss med ord som er enkle og djupe på same tid: Kven han er, han som kjem til verda – og dermed kven me er. 

Kven er barnet i krybba? Kven er dermed eg, når eg bøyer meg og kneler, tek inn kyrkjerommet fylt av syn og lukt og smellvakre tonar frå orgel, blåsarar og strupar. Slikt som kan gjera tankar til tilbeding, tvil til tru, tru til takk. Johannesevangeliet sin prolog teiknar opp overveldande perspektiv om dette! Her kjem 5 av dei:

1. Jesus er Ordet.
Ordet frå evighet av. Ordet hos Gud. Ordet som er Gud. Å smaka på den er å ikkje verta fort mett. For du anar i svimlande glimt at Gud alltid har vore den same. At Gud er konstanten i alt det som skiftar. Det er ikkje slik at Gud først var skaparen, så vart han Israel sin førar og Herre, så blei han Sonen då Jesus kom til jord, og utvida til Den Hellige Ånd på pinsedag. Nei, Johannes gjev oss eit glimt bak tida, bak det me erfarar og kan sjå og måla i tid og rom. Han fortel at Gud har vore den same og treeinige Gud heilt frå evigheten sin morgon.  Det begynte ikkje fyrst med krybba i Betlehem. Det begynte hos Gud i evigheten. Då Gud skapte, var Jesus der. Då Gud planla verda og menneska, var Jesus der.
 
For Gud planla.  Gud ville og han skapte. Kvar einaste skaping. Og når Johannes kallar Jesus for Ordet, så må det vera for å fortelja at Gud kommuniserer, Gud vil nå fram til oss og inn til oss.  Det skil oss menneske frå dyra at me har ord me kan kommunisera og byggja fellesskap med.  Me kan gjera oss kjent for kvarandre, uttrykkja vilje, sei ting slik at det kan forstås.
Jesus er Ordet.  Han er Gud som vil fortelja i kropp på jorda kor intenst mykje kvar einaste skapning betyr for skaparen.
 
Så det er første helsing: I krubba i Betlehem ligg Ordet frå evighet av. Kven han er fortel kven eg og du er: Ein elska skapning.  Langt meir enn ein tilfeldighet i kaos og eit støvfnugg i kosmos.  Skapt av Gud og høgt elska. Så høgt at Ordet frå Gud vil nå oss!

2. Jesus er det sanne lyset.
Om Ordet kan fanga øyra vårt og opna tanken vår for Gud i evigheten og for min verdi som elska skapning, så kan lyset opna augene mine og hjarta mitt så eg ser og kjenner at her i mitt liv og mi verd er det ikkje mørket som rår, det er lyset. Når det sanne lyset kjem til jorda, skjer det noko med mørket. Med auge uten lys, som har vondt for å finna vegen, og med hjarte som kjenner at det også vert kaldt der det er mørkt.

Det er gjerne fleire som har kjent at det mørknar vel mykje på jorda i 2019. Ein av våre små og vennlege på Jæren vart brutalt myrda. Det har vorte vel tynt i rekkene av statsledarar med format til å forma ei framtid som jorda kan bera, og held alle menneske sin verdi like høgt. Gode folk i Norge vert sett på tiltale for barmhjertige handlingar som burde vore innanfor norsk lov. Vilje til å søkja sanning og ta verkeleghet inn ser ut til å minka etter som internett sine ekkokammer får produsera lyster meir enn sanning.

”Det sanne lyset som lyser for kvart menneske, kom nå til verda.”
For kvart menneske. Ikkje bare for nokre få utvalde. Det sanne lyset. Ikkje bare eitt som er betre enn dei fleste. Det sanne lyset som gjev liv og lys til alt anna. Me treng det meir enn nokon gong. 

Evangeliet om Jesus som kom, er evangeliet om det sanne lyset!  Dei som opnar seg for lyset, veit at dette er sant, utan at dei er i stand til å sei alt om det. Men det er bare slik me erfarer i dagleg-livet: Lyset vinn alltid over mørket. Opnar eg døra inn til eit mørkt rom, er det ikkje mørket som strøymer inn i mitt rom, det er lyset som slepp til der det er mørkt. Slik er lyset! Og slik er det når Jesus får opna dører inn i livet mitt og inn i fellesskap eg er ein del av. Så: barnet født i Betlehem, er det sanne lyset – og eg og du er ikkje åleine med det mørket som er i oss og rundt oss! 

3. Jesus er ein av oss.
”Han kom til sine eigne…”
Lukas har fortalt dette meisterleg. Me ser Jesus blant oss. På ingen måte heva over nokon, der han har fått ein stall til føderom og ei krubbe til seng. Han er ein av oss. Komen til sine eigne.  Ordet som vert menneske på ein måte me aldri kan fatta.  Lyset som kan finna vegen inn i alle dei mørke krokane me menneske kan krypa inn i eller verta stengt inne i.  Han er ein av oss. 

 
Ser eg dette i krubba i Betlehem – då veit eg at eg er eit menneske stilt på valg. Det skulle ikkje vera eit vanskeleg valg. For då er livet si meining å ta imot han. Då er livet si gleda å fylla tankane med Ordet som kjem frå Gud, å opna augene for det sanne lyset som skin inn i mørket, å setja hjartedøra på vidt gap for han som kjem til sine eigne.

Høyr den ufatteleg enkle og djupe helsing om dette i dag: «Alle dei som tok imot han, gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.»  Opnar eg hjarta for han som kviler i Betlehem si krubbe, då trur eg det ufattelege: At han vart ein av oss for at eg skulle verta hans.  At Guds Son har vorte bror, for at eg skulle vera Guds barn. Fødd på ny. Ut av mørket og inn i lyset!

4. Jesus er sann Gud og sant menneske.
”Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss…”
Inkarnasjonsunderet me aldri kan fatta og sjå til bunns i. Han vart ein av oss, men herlegdomen var der likevel. Han slutta ikkje å vera Gud. Dette var dei første augnevitna si undrande erfaring av den Jesus dei møtte. Det vart den tidlege kyrkja sitt viktigaste stridstema når enkelte ville forenkla og leggja noko til det som var apostlane sitt vitnesbyrd. Dei måtte seia nei til at Jesus var eit ekstra guddommeleg menneske. Og nei til at han var Gud i ein menneskekropp.  Nei, han er Gud, og han er menneske. Punktum. Uforståeleg punktum, men likevel punktum. Kyrkja sitt store paradoks som ho står og fell på, om åra passerar 2020.  

Sann Gud og sant menneske. Slik er det. Det er slik Jesus er frelsar.  Det er slik eg og du er forstått og kjent tvers gjennom og har fått skulda og børene våre lagt over på han som frivillig valde å kjøpa oss frie. For han er ein av oss, sant menneske. Og det er slik Jesu soningshandling på korset har gyldighet som meir enn ein martyrdød.  Til sjuande og sist er det Gud si eiga kjærleikshandling mot oss – med makt til å gjera oss til Guds barn, reine og rettferdig i Jesus. For Jesus er sann Gud.
Gud vart menneske for å møta meg der eg er. Og der eg er – i den livshistorien som er min – står vegen vidåpen til Guds hjarta.  

For det er der juleevangeliet hos Johannes ender. Ikkje bare med kven Jesus er, men kva han er og korleis han er:

5. Jesus er full av nåde og sanning.
Der stoppar det i alle fall heilt opp for tanken. Ein herlegdom full av nåde og sanning. Begge deler. I vår verd er dei like utenkelege i hop som at det går an å vera Gud og menneske i same person.  I vår verd er sanning noko ingen ser til bunns, lett å fornekta. Og nåde er noko me får fordi nokre lukkar augene for det som er tross alt er sant. Nåde er noko me får når det slås av på sannheten og nokre ber over med.  

Slik er ikkje Jesus. Ingen kjenner meg som han. Ingen elskar meg som han. Full av nåde og sanning samtidig. Og høgare kan du ikkje vera elska enn å få nåde av han som veit korleis du er og likevel aldri går frå deg. For han er Ordet frå Gud. Han er det sanne lyset der det er mørkt. Han er ein av oss når me slit. Han er sann Gud og sant menneske. Full av nåde og sanning. Litt av eit perspektiv på krubba i Betlehem! Litt av eit perspektiv på livet!

Arkiv alle preiker
Meir himmel på jord
2.sundag i openberringstida 2020 - Matteus 3,13-17
Meir himmel på jord
Det er "meir himmel på jord" å ha identiteten og oppdraget sitt i dåpen. Då er ikkje dåp ein gammal dag i livet, men ein retning på å leva! For Jesus - og for den som trur.
LES MEIR Publisert: 13. Januar 2020
Å gå etter lyset
Kristi openberringsdag 2020 - Matteus 2,1-12
Å gå etter lyset
Det starta med desse vismennene som finn eit lys å gå etter. Og gudstenestegruppa delte tankar: Kva må til for at folk i dag legg ut på slike vandringar mot Jesus....
LES MEIR Publisert: 06. Januar 2020
Ein som forventar og forsvarer
Midnattsmesse nyttårsaften 2019 - Lukas 13,6-9
Ein som forventar og forsvarer
Det er ein som kjem denne nyttårskvelden og forventar av oss. Det er godt han kjem, og held fast at mennesket er sett til å bera frukt. Det er endå betre at han først går til han som forsvarer oss.
LES MEIR Publisert: 03. Januar 2020
Kultur for heile mennesket
Tekstmeditasjon Salme 146 - Kveldsgudstenesteserie haust 2019
Kultur for heile mennesket
Tru med kulturuttrykk. Stemmebånd som vibrerer. Tonar som finn kvarandre. No stig vår song i takk til Gud. Tynnare filter til det ærlege livet, og til himmelen og jorda sin skapar og frelsar.
LES MEIR Publisert: 18. November 2019
Snudd perspektiv
22.sundag i treeiningstida 2019 - Lukas 10,25-37
Snudd perspektiv
Har vi nok vilje til å justera fordommane våre? Dei dukkar opp like fort som at trygdemisbruk og uskyldig dømt skiftar over natta. Eller at dom vert felt over ein som...
LES MEIR Publisert: 11. November 2019
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone