Eitt i kjærleik
Fastelaven 2020 - Johannes 17,20-26

Eitt i kjærleik

Publisert 26. Februar 2020
Når ulike kyrkjefellesskap er eit forsona mangfold og ikkje bråk og splitting, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.

Evangeliet for i dag er utsnitt av ei lang bønn.  Bønna har vorte eit fullt kapittel i Johannesevangeliet.  Det er Jesus som bed.  Ikkje for seg sjølv.  Det er kanskje litt rart.  For han er på veg mot fangenskap, tortur, dom og korsfesting.  Nå er det siste kveld og avskjed med dei som har fulgt han, disiplane.  Og så bed han.  Ikkje for seg sjølv før den vonde langfredagen, men for disiplane sine og for dei som seinare skal koma til tru.  Rett og slett for oss.

Eg syns det er veldig sterkt å vita når nokon bed for meg.  I dag får me høyra at Jesus gjer det.  Og kva han bed om.

Mens me høyrer det, kan me tenkja kor intenst viktig dette må vera for Jesus.  At bønna uttrykkjer den kjærleiken som dagen etter er villig til å li og døy på eit kors.  For alle oss som han bed for.  Fastelavens-evangeliet frå Johannes 17,20-26...

Jesus ber, og Jesus ser.  På jærdialekt liknar og rimer desse orda.  Han ber og ser.

Kva ber han om?  Jau, at dei som trur, må vera eitt, slik det er i Gud. Kva ser han?  At det er slik verda skal koma til tru på Jesus.
Det er sagt i fleire rundar og vendingar og måtar, men kokt inn til essensen er det dette me skal høyra og ta stilling til i dag:
Jesus ber at dei som trur, må vera eitt, slik Gud er ein.
Jesus ser at det er slik verda skal koma til tru.

Eitt eller splitta?
Så korleis har det gått og går med dei som trur?  Er dei eitt?  Så eitt at verda bare må koma til tru av det ho ser?  Eller slit me litt her?  Den kristne kyrkja på jorda, over kontinenta, gjennom tidene?

Det er sagt om dei første kristne: «Sjå, kor dei elskar kvarandre.» Men alt i Nytestamentet har Jesustruande skilt seg i flokkar. Og sjåaren på Patmos i Bibelen si siste bok må gje ei alvorleg melding frå Kristus til ein stor kyrkjelyd som har forlatt sin første kjærleik.

Så kjempa dei trua sin gode kamp for å halda ut i fæle, groteske forfølgjingar.  Så drøfta dei fram og tilbake i århundre kva det betyr at Far og Son er eitt.  Den gode kampen for å halda fast på det store mysteriet i trua. Det som Jesus bed innforbi i dag.

Men kampane vart mange og utmattande.  Kulturforskjellar og avstandar auka kløftene.  Etter 1000 år sprakk enheten Jesus hadde bedd om. I 1054 skilte den austlege og vestlege kyrkja lag.  Det store skismaet.  På 1500-talet vart det ny, stor dramatikk.  Nye kyrkjesamfunn vart danna. Lutherske, reformerte, anglikanske.  Og det var bare begynnelsen.  Baptistiske og metodistiske og pentekostale og etter kvart mange andre kom. 

Frå vår norske, lutherske kyrkjeskute har mange i lang tid funne over til forsamlingar som ønskjer å ha avstand til folkekyrkja. Reiser me litt rundt i verda, så finn me litt av kvart som me ikkje har vore borti før. Dei fleste vil kunna finna noko dei bare ristar på hovudet av.  Kanskje med ein takk til og med for at me ikkje er særleg eitt med desse!

Smerte i kyrkjekroppen
Det er rett og slett vondt at Jesus si bønn ikkje har gitt betre resultat.  Og det er ikkje til å undrast over at mange held kristen tru for lite relevant og attraktiv.  Dei ser jo ikkje kjærleiken og kristen enhet som Jesus bad om.

Dei ser han ikkje internt i kyrkjefellesskapa heller.  Det synlege kjenneteiknet er ikkje akkurat enhet.  Me treng ikkje media sine kritiske auge utanfrå for å slå det fast.  Det er synleg internt, i debattar med låg debattkultur, i negativ omtale av andre,  i uenighet som går meir på person enn på sak, i vonde splittelsar.

Me får vera ærlege om slikt, om dette som er stor smerte i den store kyrkjekroppen. Utan å sei at dette er heile bildet, og i alle fall utan å deppa oss ut og ned i blautmyra så me endar med å sukka over forfallet i plassen for å be om fornying.  For det store bildet er gjerne like så mykje eit kyrkjelandskap som blomstrar med eit stort mangfold som er både rikt og vakkert. Når ulike kyrkjer er eit forsona mangfold og ikkje sjau og splittelse, er det både eit godt vitnesbyrd og gjev mange havner og heimar folk kan finna inn i.  

Uansett kva: Det er jo ikkje oss dette handlar mest om. Det er Jesus. Hans sak i verda. Hans bønn for dei som trur og følgjer.

Å vera eitt
Kva er det å vera eitt?  I dag kjem det ei helsing og bønn frå Jesus sjølv om dette. «Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg.  Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg

Veldig sterke ord! Mysterium! Om innbyrdes fellesskap. Mellom Gud Far og Guds Son.  Dei er eitt.  Den eine er i den andre og omvendt.  Kjærleik og tillit er total.  «Slik skal dei òg vera i oss», seier Jesus. Den som trur, vert trekt inn i eit fellesskap som er eitt og sprenger alle grenser og opphever alle skiljer.  Kulturskiljer, kontinentskiljer, tidsskiljer, personleghetsskiljer. Ja, til og med jord og himmel, mennesket og det guddommelege har del i kvarandre.  Me får vera og kvila i Gud Far og Gud Son sin gjensidige kjærleik.  Slik får me erfara å vera eitt.  Og slik er dette eit vitnesbyrd for verda som driv til tru.  Mykje, mykje sterkare enn det som enkelttruande og fellesskap får til å vitna om med oppførsel og veremåte.

Paulus fann uforgløymelege ord på dette i brevet til galatarane, faktisk i ein situasjon der det var sjau og bråk. «De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus.  For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus.  Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne.  De er alle ein i Kristus Jesus.»

Høyrer me?  Å vera eitt, er ikkje noko me kan eller skal skapa og fiksa.  Det er noko me får.  Ei gåve me får del i. 

Heilag handling og verdsvid kyrkje
Det er ei lukke at me får feira dåp i dag.  Då ser me for augene kva det er å vera døypt i namnet åt Far og Son og Ande. Den nydøypte verta løfta opp for kyrkja og presentert med dei orda som fortel at me alle er eitt i dåpen og trua:  «Guds barn, døypt inn i vår kyrkjelyd og Jesus si verdsvide kyrkje». 

Og snart kjem den andre heilage handlinga som gjer at alle som deltek «er eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg.»  Det er fysisk og konkret og fullt av løfte.  Kristi kropp gjeven for deg – og du er ein lem på Kristi kropp.  Kristi blod utrent for deg – for så høgt er du elska.

Det er denne kjærleiken og denne gaven åleine som gjer alle oss forskjellige og svake og ganske merkelege til eitt i Kristus.  Det er hans kjærleik som ofrar alt og løftar det elendige og fortapte mennesket over i nåden sitt rike. «Å, for djup i Jesu kjærleik» skal me snart syngja.  Hans kjærleik og hans nåde er den einaste enheten som kan romma og famna alle slags merkverdige menneskelege og kulturelle gap og motsetningar som fristar folk til å tru at Jesus er «ut».

Men Jesus vert aldri «ut», nåden vert aldri «ut».  Og dei som søkjer til nåden sitt bord, er det beste vitnesbyrdet verda kan få.

Eitt i kjærleik
Men det skadar absolutt ikkje at det vert fulgt opp i kvardagen, med raushet, omtanke, vennleghet. Rett og slett noko av den kjærleiken me fekk høyra om i 1.Korinterbrev kap.13.  Kjærleiken som er størst av alt.

Det gjeld også mellom kristne og kristne kyrkjesamfunn.  Der har eg vorte forandra. Dei første presteåra var eg helst bare oppteken av min eigen konfesjon, av det lutherske.  Her på Bryne har dette vorte endra og utvida.  Eg har vorte oppriktig glad i folk og arbeid i Frelsesarmeen, Zion, Saron med Bedehuskirken, Frikyrkja og Misjonskyrkja.  Då kyrkja her var nyoppussa, var det viktig å invitera til felleskyrkjelege gudstenester, som me kalla «Eitt i Kristus».  Sokneråd og stab held akkurat på å meisla ut ein ny strategi for felleskyrkjeleg samarbeid.  Pastorane samlast til bønn og delerunde ein lang frokost i månaden.  Me fyller Bryne torg på Jærdagen med felles gudsteneste. 

I plattformen for samarbeidet har me kyrkjefaderen Augustin sin gode regel:  Enhet i det sentrale, frihet i det perifere og kjærlighet i alt.  Den trengs både mellom kyrkjesamfunn og innad i kyrkjefellesskapet vårt.

Nokre gonger er det vanskeleg å vera enige.  Særleg når ein ser ulikt på kva bibeltekstar seier, korleis dei skal forstås i dag og korleis livet skal levast.  Nokre gonger må me dela smerte over ulikt syn. Nokre gonger må me sei at me har det best med å vera i samanhengar og forsamlingar der me kan praktisera det me har mest tru for, men me er uansett brødre og søstre i trua.

Og så høyrer me kva Jesus bed om.  Ein enhet som går i det djupe og høge.  I den kan me øva oss i ydmykhet og kjærleik, som altså er størst av alt.  Og me kan gå til han som ber for oss og ser oss. Stilla oss under korset og be om nåde.  Gå til den tome grava og be om nytt liv, oppreisning og håp.

Dei som trur og håpar og elskar, er eitt i han.  Om den enheten kan verta meir synleg i verda?  Ja, viss me trufast held oss til Jesus.  Eitt i det sentrale, det er han. Fri i det perifere, der også er han. Og kjærlighet i alt.  Det er i alle fall han!

Arkiv alle preiker
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone