Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17

Det er handling som tel!

Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Av: Stein Ødegård
Publisert 31. Mars 2020
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar pengevekslarar og dyrehandlarar vekk frå det dei held på med, veltar bord og benker. Stor snakkis! Den viktigaste enkelthandlinga som fører til arrestasjon seinare i veka.

Det er handling som tel!
Slik er det i livet.  Slik er det i påskeveka sine dramatiske hendingar…

For nokre år sidan vart eg sett godt på plass av ei gild, gammal dame.  Eg slengde ut eit uforpliktande:  «Eg burde sikkert ha skrive eit brev og takka…»   Responsen var lynrask og skarp:  «Det hjelper ikkje bare å sei det.  Det er handling som tel.»  Så sant, så sant.  Eg tok ho på ordet og fekk oppleva at det virka og gjekk riktig så godt!  «Det er handling som tel!»

Handling utrettar meir enn ord.  Og handling kan forsterka det som ord seier.  Når stemmen brest og auge blir blanke til og med hos konge og statsminister som ber fram ord i krisetider, så blir me alle delaktige i orda sin tyngde. Det er handling som tel.

Teiknhandlingar
Nokre gonger er handlingar som tel, det som me kallar teiknhandlingar.  Dei er sterke symbolske handlingar som seier meir enn ord og utrettar meir enn ord. Jerusalem på Jesu tid var godt kjent med dette.  Folk visste korleis profetane hadde utført teiknhandlingar som gjorde at det faktisk er nå det skjer, det som blir vist og sagt!  Det er handling som tel og fortel! 

Er det slik me skal forstå påsken?  Og leva i påsken?  Er det slik me skal sjå Jesus denne påsken?  Er overskrifta: Det er handling som tel?  Sa han eigentleg så mykje?  Handla han ikkje desto meir?  Utførte han teiknhandlingar slik profetane gjorde?  Lot han handlingar fortelja og skapa noko heilt nytt, her og nå?

Det starta på Oljeberget med Jerusalem i sikte. Oljeberget av alle oliventrea som har vakse her.  Oljeberget oversådd med jødiske gravplassar, for her ventar jødisk tru at Messias skal koma og dømma verda. 

Inntoget i Jerusalem
Det er her Jesus «lanserer» sin siste påske i Jerusalem.  Ikkje med ord, men med handling.  Jesus regisserer eit inntog i byen.  Han skaffar seg ridedyr, og gjer det med ein autoritet som kan få folk til å assosiera mot keisaren sin sjølvinnlysande rett til å rekvirera ridedyr.  Men han vel det ridedyret som stemmer med dei gamle Messiasprofetiane, med forventningar som lever i folket, med slik han sjølv ønskjer å framstå som frelsar.  Ydmyk. Med fred.  Alt blir ordna i landsbyen før Oljeberget.  Når han kjem ridande over Oljeberget og ned mot Kedrondalen og byen, forstår folk umiddelbart at noko heilt særeigent skjer. Pilgrimar på veg til påsken strøymer til.   «Det er profeten Jesus frå Nasaret,» kan folk fortelja.  Dei syng den gamle kongesangen: «Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn!  Hosianna i det høgste!»  Og så føyer dei til orda «Davids son» for å sei at kongen dei jublar for, er den venta og etterlengta Messias som skal koma med fredsriket, alt dei håpar på og lengtar etter.

Jesus let alt dette skje, let seg hylla!  Ja, meir: han har regissert det sjølv.  Ei symboltung profetisk teiknhandling, der det han gjer og det som blir sagt om det, samsvarer.  Handlinga skapar ny verkeleghet.  Før hadde Jesus hysja på dei som ville ha Messias-snakk. Men nå framstår han som Messias og vert hylla som Messias, frelsarkongen, fredskongen.

Heilage handlingar som tel
Det er handling som tel.  Dette som Jesus gjer.  Dette som skjer i kyrkja sine heilage handlingar. Dåpshandlinga.  Korset teikna over panne og bryst.  Det symboltunge teiknet for Guds ufatteleg djupe kjærleik. Vatnet som reinsar og er fullt av Guds løfte om ny fødsel og status som Guds barn. Det er handling som tel.  Akkurat som det er når me reiser oss i sang før nattverd i kyrkja med same hyllesten som på palmesundag.  «Hosianna!  Velsigna vere han som kjem…» Symboltunge, heilage handlingar som tel!  For det er Gud som handlar.  Det er Gud som kjem med nåde!

I Jerusalem venta mange store ting av Gud då Jesus drog inn i byen og opp på det store tempelområdet som heile Jerusalem er prega av. 

Templet i Jerusalem
Kva er det med templet?  Og fekk folk det dei venta og håpa?
Templet er byen sin stolthet og hjarta.  Religiøst sentrum for eit heilt folk.  Økonomisk sentrum for ein by.  Jerusalem lever av det som skjer i templet.  Tempelplassen var bank og bønneplass, anleggsplass, arbeidsplass og religiøse ofringar, plassen for folkemengde og Gudsnærvær, undervisning og samtalar.  Kong Herodes hadde bygd templet, enormt i størrelse og skinande vakkert.  På Jesu tid var dette det største og mest praktfulle templet i heile det romerske imperiet, nest etter Karnaktemplet i Luxor meir usentralt langt nede i Nildalen.  I høgtidene kom fleire hundre tusen til templet – og særleg til tempelplassen, 420 x 180 meter – det nærmar seg vel 10 fotballbanar i flate.  Templet og tempelplassen utgjer ein tredjedel av heile byen!

Til venstre i sør, innanfor portane og trappeoppgangen, er den finaste av søylegangane som omkransar tempelplassen.  Den er kalt den kongelege søylegangen.  Sannsynlegvis var det her dyrehandlarane og pengevekslarane heldt til.  Her kunne pilgrimar frå alle deler av romerriket veksla inn mynt og kjøpa eit offerdyr.  Dette ville dei bera fram med bønn og til soning for synda si.  Så gjekk dei med dyret over heidningane sin forgård, bort til sjølve tempelbygget, der bare israelittar kunne gå inn.  Kvinner i kvinnene sin forgård, det første rommet, mennene innforbi Fagerporten i mennene sin forgård. Der vart dei vitne til slakteplassane, til levittane sin sang og til altaret der brennofferelden brant.  Om morgongen kunne dei skimta sollyset frå aust inn i forhallen, inn mot det hellige og det allerhelligste, plassen for Guds nærvær i Israel sitt tempel.

Provokasjon i templet
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen.  Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Det er handling som tel og fortel.  Han jagar pengevekslarar og dyrehandlarar vekk frå det dei held på med, veltar bord og benker.  Ei voldeleg handling me elles ikkje ser av Jesus.  Sannsynlegvis er det i liten skala.  Kjapt og effektivt kaos før tempelvaktene får tid til å gripa inn og ta han.  Men effekten er enorm.  Dette vert snakkis.  Dette vert den viktigaste enkelthandlinga som fører til arrestasjon seinare i veka.  Alt tyder på at Jesus regisserer dette like stramt som inntoget i Jerusalem.  Om det er i stor affekt får me ikkje fortalt, men det er i alle fall kalkulert.  Ordet med sitat frå profetane Jesaja og Jeremia viser det.  Få ord, men sterke nok.  Heile handlinga fortel.  «Mitt hus skal kallast eit bønnehus, men de har gjort det til ei røvarhole.»  Ei symboltung profetisk teiknhandling skjer.  Kva fortel ho?

Er det reinsing av templet Jesus er ute etter?  Skal noko verta betre enn det er?  Mindre kommers i helligdommen?  Mindre økonomi til nokre av øversteprestslektene som hadde skodd seg godt på virksomheten?  Mindre offerpraksis og meir bønn?  Orda frå profeten Jesaja om at templet skal bli eit bønnehus for alle folkeslag kan støtta ei slik tolkning.

Eller er det ikkje reinsing og fornying Jesus er ute etter?  Er det ord og handling om at templet si tid er ute og over, slik profeten Jeremia hadde provosert og fått rett 600 år tidlegare om det første tempelet, som han kalla ei røvarhole?  Er det teiknhandling for å antyda at Israel sin stolthet står for fall, templet skal leggjast i grus og offerpraksisen må avviklast?

Uforståeleg handling?
Viss det var det siste – og det trur eg det var – så må det ha vore komplett umuleg for folk å begripa og forstå.  Ei voldshandling på heilag stad som virka heilt meiningslaus og umotivert.  For folk flest hadde pengevekslarane og duehandlarane ei kjempeviktig oppgåve på tempelplassen.  Dei var nærbutikk med det dei trong akkuarat der og då.  Dei veksla inn myntar frå alle deler av Romerriket til gyldig mynt i templet.  Dei ga folk flest mulighet til å kjøpa det som gjorde den enkelte delaktig i det daglege fellesskapsofferet på brennofferaltaret, det som tente som soning for synder for alle israelittar.  Det var her dei kunne reparera det som gjekk galt i livet!  For folk flest som kom til tempelplassen ville det vera komplett umogleg å forstå at Jesus velta bord og jaga ut dei som kjøpte og selde dyr til ofringane.  Det betydde jo at Jesus tok frå vanlege folk det som kunne sona for synd, det som ga den enkelte israelitt del i sentrum av dei hellige, religiøse handlingane i Israel. 

Var det glede og hyllest då Jesus reid inn i Jerusalem, så vart det tilsvarande skuffelse og hovudristing nå.  Handling talte.  Hardt og vondt.  

I Jesu samtid sine auge må teiknhandlinga i templet ha kollidert kapitalt med det viktigaste dei hadde av skikkar og ordningar.   Å sjå Jesus angripa det som kan reparera det som har gått sund, var ganske uforståeleg.  Den einaste måten det kunne gå an å forstå det på, var om han sette noko anna i staden.

Gjorde han det?
Det er dette påske handlar om!
Sjølsagt reiv ikkje Jesus ned utan å setja noko anna i plassen! For nå er det verkeleg handling som tel!  Handlingar me må bruka heile livet til å skimta djupet i.  To av dei kjem den neste heilagdagen i påskefeiringa.  Begge er teiknhandlingar.  Begge skjer rundt bordet.  Nå skal i alle fall disiplar forstå at Jesus set eit nytt bord i plassen for dei velta borda i templet.

Fotvasking
Den første symboltunge teiknhandlinga skjer mens dei ligg til bords. Jesus gjer det som bare tenarar og slavar skal gjera: Finn vatn og vaskar disiplane sine føter.  Dei forstår mest like lite som pengevekslarane i templet.  Alt er snudd på hovudet.  Simon Peter protesterer.  Ord prøver å finna ut av dette, men det er handling som tel.  Mesteren er ein tenar.  Dei må sjå og kjenna han som ein som vil gjera dei reine, som heller vil reinsa dei enn templet.  Det er handling som tel og vert så sterk at disiplar aldri gløymer det: Jesus vil gjera oss reine med det som bare han kan gjera for oss.  Han gjev eit eksempel og forbilde: Slik skal me tena andre.  Det vert så umåteleg sterkt: For det er handling som tel.  Hans for oss på korset.  Vår for andre i kvardagen.

Det nye måltidet
Den andre symbolhandlinga skjer oppå bordet. Jesus omformar det jødiske påskemåltidet til eit nytt.  Minnet om utgangen frå Egypt vert minne om han som nå skal fria det nye gudsfolket ut.  Det skjer når brødet vert brote og vinen renn ut.  Ei profetisk teiknhandling som skapar ny verkeleghet. I staden for dei velta borda i templet, steller han til bord med nåde i det nye gudshuset.  I staden for sonofferet i templet set han sin kropp og sitt blod som soning i den nye pakta. Nå er det slik liv skal reparerast!  Slik skal det øydelagde rettast opp.

Viss eg løftar opp ein kalk og disk og seier: «Dette er min kropp» og «dette er mitt blod», kva vil me då tenkja at ordet dette peikar på.  Sjølsagt tenkjer me at dette er brødet, dette er vinen.  Slik har i alle fall eg tenkt i alle år.  Heilt til nærare studium viste at dette ikkje er så enkelt og opplagt.  Gramatikken stemmer ikkje.  På gresk er brød hankjønn og pronomenet dette er inkjekjønn.  Det skurrar altså, som om me skulle ha sagt denne brødet eller dette vinen.  Ganske interessant, for kyrkjene og kyrkjehistorien har krangla om korleis ein skulle forstå elementa i nattverden.  Er det symbolsk? Symboliserer brødet og vinen Jesu kropp og blod, slik reformert tradisjon tenkjer?  Vert dei forvandla til Jesu kropp og blod slik den katolske kyrkja tenkjer?  Er dei både brød og vin og Jesu kropp og blod, slik at Jesus heilt reellt er til stede i, med og under brød og vin, slik luthersk tru skildrar det?

Det er handling(a) som tel!
Kva peikar dette på, viss det ikkje er brødet og vinen?  Jau, det må vel vera handlinga, alt dette som nå skjer.  At brød vert brote sund slik Jesus sin kropp skal. At vin skal renna ut slik Jesu blod skal. «Gjer dette til minne om meg.» Dette - ei teiknhandling som skapar ein ny realitet.  Handling som tel.  Nå vert alt mitt!  Jesus si sonande handling for oss på korset kjem heilt inn i livet, vert ein del av min kropp og mitt blod.  Me kan ikkje og treng ikkje forstå mysteriet i nattverden.  Me skal leva i og av handlinga.  Det er handling som tel.  Å ta imot Jesus sin gave til oss.  Jesus sin gave er gratis, ikkje noko du må kjøpa på ein tempelplass. Han er nåde, ikkje noko me må skaffa oss med noko som skal ordna opp for oss. Han er reparasjon for det som går sund i livet.  Jesus hadde rett: Templet si tid er ute.  Nå er nåden si tid. 

Resten av påsken kan du fylgja Jesus på hans siste dagar.  Kanskje perspektivet dette året skal vera: Det er hans handling for oss som tel!

Og resten av livet kan me fylgja Jesus alle våre dagar.  Då også er det handling som tel.  Han får vår lengsel og lovsang. Medmenneske får glimt av den store kjærleiken som Jesus har gitt i gave og vist som eksempel.  Dei sterke symbolhandlingane er hans.  Dei gode kvardagshandlingane kan vera våre.  Det er handling som tel!  

Arkiv alle preiker
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
9.sundag i treeiningstida 2020 - Rom.8,31-39
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
Slik seier Paulus og heile den kristne kyrkja oss og vi, ikkje bare eg.  Og det vert betre liv av det.  Større rom for å erfara Guds grenselause kjærleik. Større fokus enn meg og mitt. 
LES MEIR Publisert: 03. August 2020
Skattar i himmelen eller på jorda
Time kyrkje 8.sundag i treeiningstida 2020. Matteus 6,19-24
Skattar i himmelen eller på jorda
Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk. ...
LES MEIR Publisert: 27. Juli 2020
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone