Kan ting bli som før igjen?Illustrasjon: Magne V. Kristiansen
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14

Kan ting bli som før igjen?

Publisert 17. April 2020
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som oppdagar nye måtar å vera kyrkje på. På grå morgonar der vanlege folk slit med korleis denne dagen skal gå rundt.

Eitt stort spørsmål rullar og rullar for tida:
Kan ting verta sånn som før igjen?  Kva tid kjem livet nokolunde tilbake til normalen? Er det på gang den vegen nå – når barnehagane opnar over helga – og snart småskulen?  Er det starten på vegen tilbake mot normalen?  Skal me snart kunna klemma og sjå kven som helst i augene, tett på? Ta High five og i handa, ikkje vifta forsiktig med albuane? Jubla og få innvollane rista på konsertar? Gå på kamp eller i alle fall sjå ein fersk på TV? Reisa fritt? Ha selskap der alle kan koma?  Ta meir anstendig avskjed med dei som døyr? Vera trygge økonomisk? 

Ombord i den gamle fiskebåten
Kan ting verta som før igjen? Snart? Me spør. Og håpar. Og me høpp lett rett inn i bibelteksten, over relinga og toftene om bord i båten på Genesaretsjøen, med Peter og Johannes og dei andre som lurer på om ting kan verta som før.  Den gongen for ikkje lenge sidan då dei gjekk og sat tett saman rundt Jesus.  Då livet og verda var på det beste.  Då Gud var så på ferde.  Då menneske vart friske og oppreiste, og dei fekk vera med på det.

Men nå var alt på spel.  Eit tomt kors, ei tom grav etter Jesus.  Teikn som tyda på at han levde.  Men kan ting verta som før igjen?  Dei visste ikkje. Me veit ikkje.

Men behovet er så stort at den gamle, gode fiskebåten legg frå land og dei prøver noko dei kunne godt, før alle desse omveltande tidene.  Å fiska.
Utan fiskelukke!  Tome garn.  Var det ingenting som kunne verta som før?  Ikkje eingong før Jesus var i livet?

Svaret er nei.  Det kan ikkje verta som før.  Det skal ikkje verta som før.  Slik er livet.  Slik varslar i alle fall den store omveltninga som Jesu oppstandelse er. Jesus er framfor oss, ikkje der bak. Livet vert aldri heilt som før igjen, verken i ein båt på Genesaretsjøen eller i andre dagar som kjem ein og ein.  Og trua og håpet er enig og legg til: Livet vert ikkje som før, det vert nytt!

Jesus på stranda
For Jesus står der på stranda.  Han som dei og mange trudde er borte.  Han er der.  Midt i nye kvardagar.  Det betyr Jesus sin oppstandelse.  Det er ikkje sikkert at det er så lett å fatta at han er der, eller at det er han som er i eit nærvær, ein stemme.  Men han er der.

Jesus er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. Han er der i kyrkjer som oppdagar nye måtar å vera kyrkje på.  Han er der på grå morgonar der vanlege folk ikkje veit korleis nå denne dagen skal gå rundt. Han er der på stormfulle dagar når styrerom må ta vanskelege valg, og arbeidsplassar og økonomi skjelv.  Han er der på slitne kveldar, når intensivsjukepleiarar køyar inn etter ein overfylt dag der det gjekk både godt og gale.

Kan noko bli meir enn før?
Eg likar å tenkja at det gjer ein forskjell at Jesus er der.  Då vert ikkje livet som før, det vert meir enn før.  Ein overraskande fangst. Eit fellesskap på ein ny måte rundt eit bål som varmar.  Ein himmel over krevjande liv.

Er det slik at evangelieforteljinga helga etter påske hjelper oss til å akseptera at ting ikkje vert heilt som før?  Og opnar tankane og hjartene om korleis det kan bli?  For i pandemien og gjennom pandemien og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile  verda er i same båt. Og får eg auga på han og lyttar til det han seier og gjer, så er eg meir opptatt av korleis ting kan bli enn korleis dei var før.  Og eg kan be og håpa at det nye både liknar mykje på det beste i det som var før, og ber i seg noko betre.

Kan ting bli som før igjen?

Må me få auga på det som gjev berekraft, det som forenklar levemåten vår, det som er godt for klima og fattige, det som gjer at trua og håpet og kjærleiken vår veks.  For Jesus lever og opnar blikket vårt, så me er i det som han ser og gjer.

Arkiv alle preiker
Ved døra til Guds rike
Bots- og bønedag 2020. Lukas 13,22-30, med Jer.18,1-10 og Rom.2,1-11
Ved døra til Guds rike
Døra som ein dag skal stengjast, er ikkje døra inn til landet med ein bitteliten smule rettferdighet. Det er døra til landet med rein nåde. Landet me aldri kan forstå. For nåden er amazing.
LES MEIR Publisert: 26. Oktober 2020
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
9.sundag i treeiningstida 2020 - Rom.8,31-39
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
Slik seier Paulus og heile den kristne kyrkja oss og vi, ikkje bare eg.  Og det vert betre liv av det.  Større rom for å erfara Guds grenselause kjærleik. Større fokus enn meg og mitt. 
LES MEIR Publisert: 03. August 2020
Skattar i himmelen eller på jorda
Time kyrkje 8.sundag i treeiningstida 2020. Matteus 6,19-24
Skattar i himmelen eller på jorda
Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk. ...
LES MEIR Publisert: 27. Juli 2020
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone