Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24

Kom, for nå er alt ferdig!

Av: Stein Ødegård
Publisert 21. Juni 2020
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja. Kom til Guds rike. Kom til dåp. Kom til nattverd. Kom til bønn, til kvilepuls, til fellesskapsglede. Kom til sundag mens kvardagane rullar og eltar oss.

Det er bare så utruleg fint at det er denne forteljinga som kjem i dag. Når me gjenopnar kyrkja og inviterer fritt og ope.  Slikt som me ikkje har kunna gjera sidan tidleg i mars.  Ei tid utan sidestykke i denne kyrkja og alle kyrkjer sin historie.  Me har avstått frå fellesskap og sundagsfest. I dugnad og solidaritet og i forsiktighet og kanskje noko redsel.

Men nå kan me samlast tilnærma normalt.  Me feirer dåp.  Me feirer nattverd.  Me ser og kjenner på kroppen kor mykje fellesskap betyr.  Og at det er betre å ha det fysisk og live enn å tenkja det og klikka seg inn på det på ein skjerm.

Det er utruleg gildt å innby og sei:  Kom, for nå er det klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under:  «Kom, for nå er alt ferdig!»  Kom til kyrkja.  Kom til Guds rike.  Kom til dåp. Kom til nattverd.  Kom til  bønn, til kvilepuls, til fellesskapsglede.  Kom til sundag mens kvardagane rullar og eltar oss.  Kom til den evige gleda når pust og tid og dette livet ikkje er meir.  «Kom, for nå er alt ferdig!»

Han som innbyr
Det er Gud si glede, dette.  Og det er mennesket sitt djupe behov.

Det er Skaparen sjølv som innbyd. Det er han som har gitt oss livet, kvar einaste ein av oss, og som veit kva han gjorde. Og nå innbyr han til det han aller helst ønskjer for skapningane sine, det han skapte oss til, det som er så viktig for han at han ikkje kan halda gleda internt, men må og vil dela henne med oss - utan å tvinga henne på oss.

Og det er Jesus, frelsaren, som formidlar innbydelsen.  I ei likning som gjer at noko liknar og får oss til å kjenna igjen og kan forstå kva godt han vil oss med innbydelsen.  Og noko liknar så lite at det er overraskande og får oss til å tenkja og kjenna at han utfordrar like kraftfullt som han innbyd.

Festen!
Jesus innbyd til fest!  Ikkje til noko livsfiendtleg og tyngjande.  Han vervar ikkje kundar som ein telefonselgar. Han inviterer til liv med innhold og meining, med tilgivelse og trygghet, med retning og mål, eit liv som har i seg noko me aldri kan skaffa sjølv. Ei glede som ber midt i alt som er vanskeleg. Eit stort mål i himmelfesten.

Dei fleste av oss har fotoalbum!  Eller fotofiler på mobil eller i skya.  Det hender me set oss til og blar i dei, på ein måte blar gjennom livet. Mange av merkedagane er festa på film. Album og arkiv har festbilete! Du vart 3 år og 10 år og 75, vart døypt, konfirmert og kanskje gift.  I dei viktigaste etappane og milepælane i livet var det fest!  Då samlast me. Og høgdepunktet var gjerne å sitja til bords og dela god mat og godt fellesskap.

Og så er det slik Jesus beskriv Guds rike! Som festen med stor F, fest uten like, festen uten ende. Det store gjestebudet der alle folk er eitt. Brudgommen og brura sitt bryllup. Det må malast med sterke og varme fargar. Det må fram at innbydelsen han sender ut, er underskriven med hans eige liv. Bare tenk på alle dei situsjonane me kan lesa om i evangelia der Jesus sit til bords og har måltidsfellesskap med både disiplar og farisearar og tollarar og syndarar og utstøtte og tvilsomme og plaga. Resultatet er alltid ny glans i augene for dei som tek imot det han seier og gjer.

For alle
Når Gud innbyr til Gudsrikefest, då innbyr han alle!  Det er faktisk veldig avgjerande for han at huset hans vert fullt. Kvar einaste ein er i tankane hans og velkommen. Ingen er sett utanfor, viss dei ikkje gjer det sjølv.

I likninga er det 3 rundar med innbydelser. Det reflekterer nok det reint historiske: At kallet først gjekk til Israelsfolket, så til dei bortkomne i folket som Jesus tok seg særleg av då ledarane forkasta han, og deretter ut på vegar og stiar til andre folkeslag.

Reint historisk går innbydelsen ut i 3 etappar, men det hindrar oss vel ikkje i å sjå at han går til alle. Og grunnen er like enkel som han er fantastisk: Alt er gjort i stand!  "Kom, for no er alt ferdig."

Alt er gjort i stand
Eg begynnar på ferie i dag.  Eg klarer ikkje la vera å tenkja på det.  For på hytta står det med usynleg skrift: Kom, for nå er alt ferdig.  Håndtverkarar har gjort større ting denne våren, og på fredag kom meldinga om at alt er ferdig.  Det er fiks ferdig!  Ordna og fiksa alt det som eg ikkje godt kunne få til og absolutt ikkje kan få til.  Så nå er det bare å gle seg.

Slik er det med Jesus si helsing:  Kom, for nå er alt ferdig. Romma i fars hus er gjort i stand. Bordkortet står alt og ventar med ditt navn på. Du treng ikkje levera navnelapp med telefonnummer for å vita at det er OK å vera der.  Gud innbyr fritt. Han ser ikkje etter om me passar i hans rike, for det er det ingen som gjer. Våre hjarte og liv er ikkje som hans.  Men Jesus sitt er.  Og han går god for oss.

"Me får ikkje noko gratis her i livet," seier me gjerne. Det kan visst så vera, men den setningen finst ikkje i Guds rike. Der heiter det: "Kom, for alt er gjort ferdig!" Jesus har ordna opp og gjort plass for oss då han døydde og stod opp. Det er ikkje noko meir som skal gjerast. Eg skal ikkje gjera meg fortent til innbydelsen. Det einaste det handlar om, det er å ta imot og takka. Slik dei minste som blir døypte, lærer oss.

Ein brodd, ei utfordring...
Og så er det ein brodd i dag, noko verkeleg utfordrande.  I å ta imot.  I å leva Jesus sin raushet ut i praksis.

«Men dei kom med årsakingar, alle som ein...»   Det er ikkje til å nekta for at unnskyldningane er irriterande nærgåande. Dei handlar ikkje om eit kontant nei i og for seg. For dei som takkar nei, er ikkje grunnen synd og snusk og lyster som stel frå andre. Nei, det er gode ting i kvardagen. Det nest beste som har fortrengt det beste. Det gode som har vorte det beste sin fiende.

Det må få lov å dirra litt i oss i dag. Dei gode formåla kan få slik makt at dei stengjer oss ute frå den evige gleda i Guds rike. Det gjeld å prioritera rett, å søkja Guds rike først. For Guds gode skaparverk, det som Gudsrikefesten ropar eit rungande ja til, det ber også i seg muligheten til å forføra. Skaparverket kan umerkeleg ta Skaparen sin plass.

Det ser ut for at dei som takkar nei i Jesu likning, til sjuande og sist ikkje vil i det store gjestebudet. Eigedom og yrke og ekteskap og familie har fått så stor betydning at gjestebudet vert uinteressant eller i alle fall nedprioritert. Det er visst ikkje eingong aktuelt for dei å koma seinare når oksar og ekteskap er innkjørt.

Og ufatteleg nok: Gud respekterer eit nei. Om det gjer han harm og såra i kjærligheten sin. Men aldri om dei mange nei-a skal få velta festplanane hans. Innbydelsen går bare vidare og vidare ut.

Det som ikkje liknar i likninga
Dette må vera det som ikkje liknar i dagens likning. Det som mannen gjer når så mange av dei innbudte høfleg seier nei og vender seg vekk. Då sender han tenarane sine ut for henta dei som ikkje venta seg nokon innbydelse, dei aller lågaste på den sosiale rangstigen, dei fattige, dei utstøtte, dei som for lengst var avskrivne som nyttige borgarar i samfunnet.

Det liknar veldig på slikt som Jesus gjer!  Orda og handlingane hans som fortel at Guds rike har ei grensesprengande kraft. Ingen kan halda det fast. Det kjem på ein måte som er annleis. Det einaste me kan vita er at dei fattige er privilegerte. Dei utstøtte er inkluderte. Dei som ikkje er verdsett, har stor verdi hos Jesus, i Guds rike.

Huset fullt av alle?
Det store spørsmålet i dag er:
Har me rom for dette grensesprengande?  I trua vår?  I handlingane våre?  I ei gjenopna kyrkje?  Ho treng kanskje ikkje bare å gjenopnast fysisk, men stadig opnast opp så fattige og uføre, blinde og lamme finn inn?  Ser me dei som er utanfor?  Heile samfunnet spør for tida: Er me små rasistar og altfor store forskjellsbehandlarar?  Kjem me med godt budskap til andre, eller held me det heile for oss sjølv?

Likninga om det som liknar og det som ikkje liknar, tvingar oss til å spørja.  Og svaret er ikkje ord.  Det er kvardag.  Spørsmåla må besvarast i trua sin praksis.

Det gjer me med å sei ja til kallet frå Jesus. Det skjer når me kjem.  Når me bed.  Når me går fram til nåden sitt bord der alt er gjort ferdig for alle oss som verkeleg treng nåde.  Det skjer når me trur, når me tener, når me løftar håpet sitt lys i verda. 

Så huset vert fullt!  For det vil Gud, og det er ein god lengsel og ei god rettesnor å leva i.

Arkiv alle preiker
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
Ein for alle - alle for ein
HelgeGodtNytt fredag før 4.sundag i faste - Johannes 11,45-53
Ein for alle - alle for ein
I desse dagane lever me i ei krise som er og som kjem. Me kan halda oss til den gode kollektive innsatsen: Alle for ein. Me kan gå inn i ei veldig annleis påsketid...
LES MEIR Publisert: 27. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone