Skattar i himmelen eller på jorda
Time kyrkje 8.sundag i treeiningstida 2020. Matteus 6,19-24

Skattar i himmelen eller på jorda

Publisert 27. Juli 2020
Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk.  Dei hadde skatten sin i kultur og det evige, og det spegla seg i måten dei hadde varme og gode auge på medmenneske – og raust med tid.

Bergpreika. Av dei mest berømte talane i historien. Midt i:
Der skatten din er, vil hjartet ditt vera”. 

Absolutt ikkje berre nøytral informasjon. Det er valg.  Det står om livet.  Det er anten – eller.
2 slags skattar. I himmelen eller på jorda. 
2 slags lys inni oss, og fokus vert deretter, for det som du gjev oppmerksomhet, gjev du kraft. 
2 slags herrar å tena, det går bare med den eine.  Mammon er lysta sin herre, men Gud er hjarta sin.

Lesa hjartet i blikket
Denne sundagen er det viktig å oppdaga at Jesus koplar hjarta vårt til auga vårt.  Det me fokuserer, påverkar det indre i oss.  Ja, det indre kjem fram i dagen gjennom auga.  Me kan lesa hjarta i blikket.  Auga er kroppen sin lampe.  Det gode og oppriktige skin ut gjennom augene.  Du kan sjå det, ikkje sant?  Skam får oss til å slå blikket ned eller visa bakhovudet i plassen. Det er ganske merkbart. Grådighet får blikket til å flakka mot alt me vil ha før naboen får for mykje før oss.  Me kan lesa av auga kva me likar å samla på:  Pengar eller venner. Sigrar eller omtanke.

Me ser når auge har vorte tome.  Når dei har mista glansen. Når håp forsvinn, når personen der inne ikkje er heime eller kjedsomhet har flytta inn.

Me ser når auge er sjuke. Når dei har sett for mykje eller for lite.  Når dei har sett for mykje innover i skam og nederlag. Når dei er grøne av misunning og svarte av bitterhet.  Når dei flakkar kvilelaust mot slikt som bare gjev eit øyeblikk(!) av tilfredsstillelse.  Auga har ikkje ro, slik hjarta ikkje har det.  Sjuke auge, triste auge som ikkje er fortrulege med det som møll og makk et opp og tjuvar forsyner seg med.  Sjuke auge som har leitt etter Mammon framføre Gud, og ikkje finn noko av den freden som kjem av å søkja Gud først.

Ei lita jente som skal døypast idag ser på far sin auge, at det lyser av dei og av heile blikket når han lærer henne å elska tran, med å vera eit godt forbilde og gå føre.  Slik skal auge på gode foreldre lysa. Slik oppfører gode leiarar seg. Resultatet er at veslejenta elskar tran.  Ho får del i meir enn det ho kjem på sjølv at ho har lyst på.  Ho får noko ho treng av dei ho er glad i.

Gullkalv og leiarskap
Denne sundagen har me også fått ei bibelforteljing om dårleg leiarskap. Det startar med flakkande blikk. «Folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet», står det.  Det ende med at lyset i kroppen sin lampe slokna, auga vart sjukt.  Dei begynte å spørja etter noko meir konkret enn Gud i historien og på Sinaifjellet og Moses og steintavler med bud om å ikkje ha andre gudar.  Dei fekk støypt seg ein gullkalv og dansa i ring rundt noko dei sjølv hadde investert i, ikkje noko dei måtte venta på, og få frå Gud, i si tid, i hans tid.  Dei ville ikkje venta på skattar frå himmelen, men ha dei på jorda.

Aron, som var deira øverste åndelege leiar, valde å gje folket det dei ba om, då dei meinte at Moses vart for lenge på fjellet.  Er det slik leiarar skal vera?  Ønskjer me leiarar og politikarar som orienterer seg mest ut frå det dei trur folk vil ha?  Ønskjer me å gå føre og prega kyrkjelivet framover med å tona ned det som folk spør minst etter?   Ønskjer me å vera gode forbilde og eksempel med å gje våre alt dei har lyst på – eller visa dei vegen til det som er godt for kroppen og heilt nødvendig for sjela, for hjarta som me skal ta vare på, for livet går ut frå det.

Aron valde minste motstands veg.  Var svak og ettergjevande. Ganske merkeleg, eigentleg. Gud hadde fria dei ut frå slaveriet i Egypt. For ikkje så mange dagar sidan hadde dei opplevd det sterke at Gud viste seg!  At Herren steig ned på Sinaifjellet i eld og flammar. Slik er det skildra: Røyken steig opp som røyken av ein smelteovn, og heile fjellet skalv. Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses snakka, og Gud svarte han med høg røyst.

Ikkje eingong denne mektige gudsåpenbaringa var god nok i lengda. Folket krevde meir, og Aron ga etter. Han støypte ein gullkalv av folket sine eigne gullringar.

Kan me få det klarare enn dette? 
Aron sitt gudsbilde, gullkalven, var ikkje forma av den faktiske måten som Gud åpenbarte seg sjølv på, men av folket sitt eige materiale, deira gull, deira skattar, deira brennande ønskje om å ha noko synleg å tilbe.  Skatten som hjarta søkte.

Ei veldig dårleg løysing. Aron svikta avgjerande som leiar.
Og me skal spørja: Er me like raske med å skapa oss ein Gud i vårt eige bilde?  Eller gje oss hen til dansen rundt våre eigne prosjekt og ønskje i plassen for å venta på Gud. 

Lyst og vilje
Ein god kamerat har lært meg at det er så mykje viktigare med det eg vil enn det eg har lyst til.  Eg kan ha lyst til mykje, men det er ikkje sikkert at eg vil.  For lysta er grådig og tek meg lett der eg ikkje vil.  Gode leiarar og kloke folk spør lite etter kva folk og eg vil ha.  Dei har fått med seg Gud si helsing til Moses etter at dette med gullkalven hadde spora heilt av. «Gå no og før folket dit eg har sagt deg».  Det er åndeleg leiarskap.  Det er eit forbilde å heisa opp i kyrkja.  Og det er eit motbilde mot dårleg leiarskap i samfunn og familie.  Etter å vera for rask med å gje folk det dei vil ha, eller trur dei vil ha.

Der skatten er, vil hjartet vera
Denne sundagen kan me tenkja at Jesus ser inn i augene våre og hjarta vårt og bed oss samla skattar i himmelen. Frå hans side er dette ein glitrande god nyhet: ”Der skatten din er, vil hjarta ditt vera”.  Dei friske augene samlar skattar i himmelen. Dei friske augene har møtt blikket frå han som set oss fri til å leva for han og for andre, meir enn oss sjølv.

Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk.  Dei hadde skatten sin i musikk og kunst og kultur.  Dei fulgde hjarta sitt og ga så mykje med det.  Dei hadde skatten i det evige og det spegla seg i måten dei hadde varme og gode auge på medmenneske – og raust med tid. Nokre av dei delte raust med pengane sine til nødhjelp, misjon og kyrkjelydsarbeid. Dei vart velsigna og løyste frå pengesnakk og bekymringar.

Hjartet varmt og blikket ope
I plassen for å samla oss skattar på jorda der alt vil eldast og gå sundt, seier Jesus at me skal samla oss skattar i himmelen. Her er ein av skattane:
Å kjenna at hjarta mitt er varmt og blikket ope fordi Jesus har sett på meg med varme auge.  Eg er elska av han.  Eg er elska betingelseslaust og ufortent.  Han tek meg inn i sitt vennskap utan at eg skal måtta nå opp til krevjande ideal om å vera perfekt og vellukka og flink.  Himmelens skatt:  Å vera elska av rein og uforfalska nåde.  Det vert mykje godt liv av å samla på sånne skattar.  Evig liv, rett og slett!

Eit godt forbilde er han som ga avkall på jorda sine skattar og via livet til dei himmelske.  Frans av Assisi.  Nå bed me hans bøn.  La ho vera vår:

Herre, gjør meg til et redskap for din fred.
Hjelp meg å spre kjærlighet der hatet hersker,
tro der tvilen rår, håp der det er angst og nød.
Hjelp meg å bringe tilgivelse der det er gjort urett,
å skape forsoning der det er strid,
å spre lys der det er mørke,
å bringe glede der sorgen tynger.

Å Mester, hjelp meg å søke
ikke så mye å bli trøstet som å trøste.
ikke så mye å bli forstått som å forstå.
Ikke så mye å bli elsket som å elske!

For det er ved å gi at vi får,
ved å tilgi at vi blir tilgitt,
ved å miste vårt liv at vi finner det.
Det er ved å dø at vi oppstår til evig liv!

Arkiv alle preiker
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
Kor er du, Gud?
Tekstmeditasjon på kveldsbøn i temaserie om tidebøn. Jesaja 57,14-16
Kor er du, Gud?
Eg trur ikkje at Gud er lenger og lenger vekke dess vondare me har det. Han er nærast i smerten. I natta. Gud bur i det knuste hjarta.
LES MEIR Publisert: 23. November 2020
Intet er vårt, alt er ditt
23.sundag i treeiningstida 2020 - Markus 10,28-31
Intet er vårt, alt er ditt
Det er mest uverdig å snu blikket mot oss sjølv og spørja med snev av angst i brystet «Kva med oss?» Det relevante spørsmålet nå er «Kva med alt vårt?»
LES MEIR Publisert: 09. November 2020
Det beste i vente
Time kyrkje - Allehelgen 2020 - Matteus 5,1-12
Det beste i vente
Himmelsalmar og folketonar høyrer i hop i Norge. Det var slik folketonen fekk kraft og vart bevart for ettertida. Sang om himmelen i Norge er ofte mollstemt. Inderleg....
LES MEIR Publisert: 02. November 2020
Ved døra til Guds rike
Bots- og bønedag 2020. Lukas 13,22-30, med Jer.18,1-10 og Rom.2,1-11
Ved døra til Guds rike
Døra som ein dag skal stengjast, er ikkje døra inn til landet med ein bitteliten smule rettferdighet. Det er døra til landet med rein nåde. Landet me aldri kan forstå. For nåden er amazing.
LES MEIR Publisert: 26. Oktober 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone