Guds kjærleik i det som var, er og kjem
9.sundag i treeiningstida 2020 - Rom.8,31-39

Guds kjærleik i det som var, er og kjem

Publisert 03. August 2020
Slik seier Paulus og heile den kristne kyrkja oss og vi, ikkje bare eg.  Og det vert betre liv av det.  Større rom for å erfara Guds grenselause kjærleik. Større fokus enn meg og mitt. 

Denne sundagen har kyrkja ein bibeltekst som seier veldig mykje om Guds grenselause kjærleik, midt inn i slikt som kan gjera det tøft å leva.

Det er apostelen Paulus som skriv.  Han sit i byen Korint i år 58 og skriv brev til den kristne forsamlinga i Rom, i keisaren sin hovudstad, 25 år etter at Jesus døydde på korset og sto opp av grava.  Paulus har mykje på hjarta.  Han presenterer hovudtrekka i kristen tru, slik han har fått trua, oppfatta ho, reflektert djupt over evangeliet og gjev det vidare.  Han håpar å koma til Rom. Det er strategisk.  Han veit nok at dei første kristne der har det vanskeleg.  Han anar kanskje at dei skal verta alvorleg forfulgde for trua si, men veit nok ikkje kor alvorleg, og at det er der Paulus sitt liv skal enda, som fange og martyr.

I dag skal me høyra slutten av det åttande kapitlet.  Det er eit meisterverk i talekunst.  Ein slags fanfare.  Eit høgdepunkt. sterkt er innhaldet i den trua som Paulus presenterer og forkynner!  Det er ord om trua.  Det er ord med håp.  Det er ord som er prega av den grenselause kjærligheten som det framfor alt er godt å kjenna og vera boren av.  Opp gjennom historien er det mange som har makta å leva gjennom kriser og motstand, med løfta hovud på grunn av desse orda…

    31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han?
    33 Kven vil koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? 36 Som det står skrive:
           For di skuld blir vi drepne dagen lang,
           vi blir rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Det er utruleg mykje som hender i livet vårt.  Me får oppleva så mykje gildt, vakkert, herleg, morsomt, meiningsfullt og skapande.  Og me får kjenna strevet, slitet, tårene, smerten og slikt som tappar krefter og mot.  Me får ikkje det søte og det sure i like og rettferdige blandingar heller.  Me tenkjer lett og fort på dei små som skal veksa til.  Korleis vert livet for dei?

Skilje og mur
I dag tek Paulus fram ei lang liste over ugreie lidingar og vanskelege omstendigheter.  Han spør om noko av dette kan skilja oss frå Gud, frå Jesu kjærleik.  For me veit, som han, at verda er full av det som set skilje.  Som set opp ein mur mellom oss, eller ein mur mot det som gjer at livet kjennest godt.  Dette året har me opplevd utenkelege ting som lagar avstand og skilje.  Smitteverntiltak, isolering, portforbud, karantene.  Navnelister for å koma i kyrkja. Noko klarer me å tilpassa oss, men det er ikkje lett å avstå frå fellesskap.  Å halda igjen på dei sterkaste tinga i gode fellesskap, som å klemma, ta i hånda, leika og kosa oss med mat utan å følgja nøye med på kva me og andre gjer.

Rundt om i verda er det mykje sorg og angst for dette.  Og me kan kjenna ein smak av det, også me som lever i ein fredeleg del av verda, der dei fleste basale behova er dekka.  Vår angst er gjerne ikkje forfølgjing, svolt og sverd, men sjukdom og ulukker og pandemi og skilsmisser og uvennskap.

Har Gud gløymt?
Når det vanskelege skjer, kan det henda at det treff oss så vondt at me lurer på om Gud har gløymt oss.  Noko kan pina så hardt at det er fort å spørja om me har fått Gud i mot oss, eller at Gud har gløymt oss og ikkje ser oss og ikkje bryr seg.

Paulus fortel i dag om masse sånne vanskelege og vonde ting som kan få oss til å tenkja at nå har visst Gud teke ein pause i omsorga si.  Men i plassen snur Paulus på flisa og nevner slike ting for å seia at det sikraste i verda er at Gud elskar oss. Midt i det som er vanskeleg, er me elska av Gud.  Ingenting vondt kan ta ifrå oss at Gud elskar oss.  Det er bare me som ikkje alltid merkar det.  Særleg når me går og tuslar for oss sjølv og er åleine med våre eigne tankar.

Eg eller vi
Eg har gjort oppteljing i bibelteksten. Kor mange gonger bruker Paulus orda vi og oss? 10 gonger.  Han seier eg bare ein gong! Han snakkar ikkje som eit einsleg individ, men som ein som høyrer til eit fellesskap.  Det er godt å høyra til i eit fellesskap.  Det er ein av tinga me har kunna læra i pandemitida.  Me følgjer kollektive reglar. Me lar oss leda av dei me har valgt til å styra oss. Me avstår frå ting me kan ha lyst til fordi me er eit land og folk som vil beskytta dei sårbare, stilla opp for kvarandre i dugnad og hjelpa kvarandre med felles innsats i ei krise.

Slik seier også Paulus og heile den kristne kyrkja oss og vi, ikkje bare eg.  Og det vert betre liv av det.  Større fokus enn meg og mitt. 

Så nå skal me syngja oss gjennom siste del av denne sundagspreika.  Ein fellesskapssalme.  Han lar oss høyra til i noko mykje større, me som kan lura på så mykje for oss sjølv, i våre eigne hovud.  Ein salme om kyrkja sitt store kollektiv, over heile verda, til alle tider.

Salme om kyrkjefellesskapet
Salmen passar veldig godt til å setja ein stor, tjukk strek under det einaste som Paulus seier eg om. «Eg,» seier han - er heilt sikker på at Guds kjærleik er i det som var, i det som er, og i det som skal koma – for alle som høyrer til Jesus – i kyrkja sitt store fellesskap.  Nå skal me syngja eitt og eitt vers med nokre korte tankar imellom.

Det første verset fortel om Guds kjærleik i det som var, i det som ligg bak oss, om ein historie å vera forankra i.

1 Guds kirkes grunnvoll ene
er Herren Jesus Krist.
Ved ord og vann alene
hun er hans verk for visst.
I kjærlighet han døde
og vant en hellig brud,
med fryd får hun ham møte
i rettferds rene skrud.

Det er absolutt ingenting som skjer i verda eller i livet mitt som kan endra dette.  Jesus ga sitt liv i kjærleik.  Gud sparte ikkje sin eigen Son, men ga han for oss alle.  Jesu kors og korset som står i denne og alle kyrkjer, det som vert teikna over alle døypte, vitnar og fortel:  Gud er for oss.  Gud elskar oss.  Gud frikjenner.  Gud gir seier.  Dette byggjer på ein grunnvoll som verken krig eller forfølgjing eller pandemi eller angst i brystet kan rokka på.  Dette er trua sin skatt. Forankra i det Jesus har gjort ein gong for alle.

Det andre verset fortel om Guds kjærleik i det som er og møter oss.

2 Valgt ut fra hver en stamme
forent i felles håp,
hun roper ut det samme:
«Én Herre, tro og dåp!»
Et hellig navn hun nevner,
hun bryter samme brød,
og mot et mål hun stevner,
tent av den samme glød.

Kvar sundag i kyrkja vert Guds kjærleik delt ut.  Nå. I dag.  Ord til trøst.  Ord å reflektera over og justera etter.  Våre ord i bønn.  Gud sine ord i løfter.  Dåpen sitt store løfte.  Me høyrer til hos Gud.  Me får eiga det som Jesus har vunne for oss.  Me er aldri forlatt.  Jesus er med alle dagar, uansett korleis dei ser ut og er. Han bed for oss. Nå.  Ja, me får samlast i ein ring, eit kollektiv, som får ta imot Jesus og den kjærleiken som er sterkare enn døden, i brød og vin.  Eit kollektiv, eit fellesskap her og nå som forener oss i felles tru, felles håp, felles kjærleik.  Heile tida, akkurat nå og her, kjem Jesus sine ord: «Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile.»  Dette er kjærleiken sin skatt. I det som til eikvar tid er.

Så syng me det fjerde verset, om Guds kjærleik også i det som skal koma.

4 Midt i sin nød og trengsel,
i fare og i strid,
hun skuer i sin lengsel:
Guds fred til evig tid,
når hun med jubel eier
det som hun håpet her,
når kirken vinner seier
og får sin hvile der.

Guds kjærleik skal aldri ta slutt.  Den skal ikkje rokkast av noko som kan henda oss.  Me veit godt at saker og ting kan smerta oss frykteleg.  Men i kyrkja sitt fellesskap høyrer me til Jesus.  Han som veit godt om alt vondt og vil vera med oss i alt.  Ingenting skal kunna skilja oss frå hans kjærleik.  Og den sterkaste erfaringa av dette ligg og ventar.  Det er håpet sin skatt.  Håp me får kjenna på og halda motet oppe i.  Håp som varslar det aller siste i tilværelsen, etter alt det som kan smerta kroppen og jaga angsten inn i sinnet.  Guds fred til evig tid.  Håpet sin skatt.

Det siste verset i salmen til slutt, til vår vesle fanfare oppå Paulus sin:

5 Så er hun alt her nede
forent med Gud og dem
som står for ham med glede
og alt er kommet frem.
Hør deres jubel tone!
Å Herre, hjelp at vi
får synge for din trone
med dem til evig tid!

 

Arkiv alle preiker
Skattar i himmelen eller på jorda
Time kyrkje 8.sundag i treeiningstida 2020. Matteus 6,19-24
Skattar i himmelen eller på jorda
Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk. ...
LES MEIR Publisert: 27. Juli 2020
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone