Ved døra til Guds rike
Bots- og bønedag 2020. Lukas 13,22-30, med Jer.18,1-10 og Rom.2,1-11

Ved døra til Guds rike

Publisert 26. Oktober 2020
Døra som ein dag skal stengjast, er ikkje døra inn til landet med ein bitteliten smule rettferdighet. Det er døra til landet med rein nåde. Landet me aldri kan forstå. For nåden er amazing.

For ein fest!  For ei glede! 5 små er døypte. Dei er løfta opp og presenterte som Guds barn. Fødde på ny, inn i Guds rike.  Døypte inn i vår kyrkjelyd og Jesus si verdensvide kyrkje.  Stor glede for familiar og kyrkjelyd!

For ein fest og for ei glede!  I det evige Guds rike når Abraham og Isak og Jakob og profetar og apostlar, Jeremia og Paulus og ganske vanlege truande og døypte frå aust og vest og sør og nord, samla frå alle årstal, skal sitja til bords til himmelfest. Med Jesus! For eit håp!  For eit mål!

Festglede med ein link imellom
Og me sit nå midt i linken mellom desse to festgledene.  Kyrkja som er eit allereie nå - av Gudsriket, det som også er i vente og ennå ikkje.  Og linken mellom festen her i dag og festen der framme?  Det er dåpen som tek imot gaven frå Gud. Og det er trua som er tillit til Jesus i dagar som går og kjem.  Me har sunge om linken mellom desse to gledene:  «Dåpens lys forblir når livet slukner».  Me er døypte til evig liv med Jesus og hos Gud. Dette er det første eg skal sei i dag. 

Alvor til å hoppa i stolen av
For fleire har sikkert småhoppa i stolen av alvoret i bibeltekstane.  Og gudstenestegruppa og presten har knødd dei om att og på nytt og tilbake igjen, akkurat som ein pottemakar som har fått eit vanskeleg oppdrag, og må prøva og feila og starta på nytt igjen, for å forma noko som kan vera til bruk og glede.

Me er heilt sikre på kva me vil: at kvar enkelt i kyrkja skal gå heim med håp og tru!  Me treng det. For til alle tider vil det vera noko som får oss til å sjå mørkt på framtida.  Det kan vera personlege kriser som rammar og lammar og snur opp ned på livet, eller det kan vera kultur- og samfunnskriser.  Mange syns nok at det er vel mykje av det siste slaget for jorda anno 2020.  Og då er det ekstra viktig å halda fast på kyrkja sitt oppdrag og kyrkja si tru, slik ho artar seg som håp.  Det går ikkje mot undergangen, men mot Guds rike.  Det går ikkje mot kaos, men mot fest. Det er noko djupt sant i uttrykket:  «Det skal gå bra!»

Men altså også like sant det som ein i gruppa sette ord på:  «Det er ikkje sjølvsagt at alt skal bli bra!»  Det er eit djupt alvor også.  Eit budskap som går til kvar enkelt av oss.  Kva med meg?

På bots- og bønnedag er det oppgava vår som døypte kyrkjemedlemmar å lytta til det.  Til bibeltekstane i dag.  Dei er spissa budskap.  I evangelieteksten går spørsmål og svar rett inn til kjernen: Om å bli frelst. 

Til det kan me kjapt sei ja og med glede:  Det er eg i dåpen!  Det er eg av nåde. I trua på Jesus sin død og oppstandelse for meg!

Men me skal også høyra at spørsmålet går om frelse til sist. Om å koma inn i Guds evige rike eller ikkje. Jesus malar opp eit bilde om det som skjer på den siste dagen, når døra inn til Guds rike skal lukkast for godt.  Kva er det han beskriv der ved den siste døra, den som han kallar trong? Kva står det om ved døra til Guds rike?  Når me lyttar til orda hans, kan det virka som det er 3 ting det gjeld:  

1) DET GJELD IKKJE DEI ANDRE, DET GJELD DEG SJØLV!

Blikket skal rettast mot deg sjølv og ikkje mot andre. Han som kom og spurde Jesus, hadde det viktigaste spørsmålet mynta på alle dei andre: "Er det få som vert frelste?"

Han er ikkje åleine.  Nokon kvar kan lura på om det verkeleg kan vera slik at det er ein minoritet av menneskeheten som vert frelste til slutt. Er ikkje Guds kjærleik større?  Er ikkje Gud sin frelsesplan og Jesus sitt frelsesverk sterkare?  Kva med dei som aldri fekk høyra?  Eller fekk trua vrangt presentert, eller fekk motgangar i livet så store at trusgnist vart kvelt og sløkt.  Å, me kan spørja!

Men me får ei viktig helsing frå Jesus først.  Nysgjerrighet om andre er ikkje viktig i hans auge.  Viss interessa for dei andre skulle føra til noko som liknar på det å vurdera og dømma andre, så er det direkte feil og avvist.  Jesus avvisar dømmande holdning mange gonger. I dag har me høyrt korleis Paulus tek dette vidare og viser at dom over andre bare rammar oss sjølv, og at Gud ikkje gjer forskjell.

"Er det få som vert frelste?"
Evangeliet for i dag lærer oss det viktige at det ikkje fins noko lettvint svar. Ikkje noko me tydeleg skal kunna sjå. Døra er trong, festen stor, og Dommen høyrer Herren til.  Dette er Guds sak. Vår sak er å leggja både oss sjølv og andre i hans hender. 

Jesus avskjærer spørsmåla våre om alle dei andre, om ein type krystallkuleblikk inn i framtida.  Han seier eit enkelt og tydeleg ord  om nåtida: "Kjemp du for å gå inn gjennom den tronge døra."  Ved døra til Guds rike gjeld det først deg sjølv.

Krystallkule eller dreieskive?
Så det er ikkje dagen for krystallkula og kalkulatoren.  Me skal heller til dreiebenken og dreieskiva.  Skaparen vår driv med fortsatt skapelse.  Me kan tru at me er undervegs, i ein formingsprosess. Som ei leirkrukke i hendene på han som har den høgaste visjonen for livet vårt. Gud som meir enn gjerne startar på nytt når noko ikkje vil seg.  Han held fast på visjonen at det er i Gud sitt eige bilde eg er skapt.  Og at det er dette bildet som Jesus si frelsande gjerning framkallar og driv og formar.

Paulus har eit glitrande uttrykk for dette i dag.  Han bed gamle romarar og moderne oss å kjenna og forstå at det er Guds godhet som driv oss til å venda om og la oss forma til Gud og det evige. Dette bør me absolutt ikkje gløyma, for det er kanskje den gløyminga me held på med for tida.  Var det ikkje Harald Eia som nettopp hevda at færre trur fordi me har fått det så godt?  La Paulus snu den flisa for oss.  5 små under sit nå på fang og vitnar om Guds storhet og godhet.  Ein haug av liv her inne har kapasitet til å fundera så mykje over det store og gode og sanne og vakre i livet. At det er større enn alt som er vanskeleg, vondt, sårt og angstprega.  Det er ikkje redselen for den tronge døra som driv til å venda seg til Gud, det er gleda over Guds godhet, over Jesus!

Dette handlar om deg, seier Jesus, ikkje dei andre. Opna di eiga hjartedør, la deg forma. For ved døra til Guds rike gjeld også ein annan regel:

2)  DET GJELD Å KJENNA OG VERA KJENT!

Å tru at ein kjenner, er fint. Å be: "Herre, lukk opp for oss!"  Men det mest avgjerande er å vera kjent:  "Eg veit ikkje kvar de er ifrå." Litt av eit slag i ansiktet, å tru at eg kjende Herren, utan å vera kjent av han. Å møta ei stengd dør.

Kva er det Jesus set fingen på i teksten for idag?  Jau: "Gå bort frå meg de som gjer urett!"  Uretten var det som stengde døra. Noko i livet var ikkje gjort opp. Synd mot Gud og svik mot medmenneske var med som bagasje fram til himmelporten. Den uretten fortel rett og slett at trua var eit skall, ikkje ein kjerne i livet.  Den uretten var det motsette av gudsbildet eg var skapt i og forma til. 

Nokre syns det er vanskeleg å tenkja at ein kjærleg Gud held dom. Men det er nettopp det ein kjærleg Gud gjer. Gud elskar den som lid urett, som vert sett utanfor, som vert marginalisert, som vert ofra for noko som har egoet i sentrum, ikkje Gud og den andre.

Uretten skal møta Guds dom, for Gud elskar og bryr seg.  I det lyset aksepterer eg at Jesus fortel om 2 utgangar av livet.  Eg må tåla, og eg vil takka for at orda hans rammar og viser urett i livet.  Det er ikkje ein endeleg dom, men det er ei hjelp til å gjera opp i kvardagen min, og be om tilgivelse kvar sundag, at eg har såra Gud og svikta min neste, med det eg har gjort - og forsømt.

Det er livet som gjeld, ikkje ein teori om dei andre eller om mi eiga tru.  Ved døra til Guds rike gjeld det meg meir enn andre, å vera kjent meir enn å tru at eg kjenner, å handla rett meir enn å tenkja rett.  For der – seier Jesus for det tredje:

3) DER SKAL NOKRE AV DEI SISTE GJELDA SOM DEI FØRSTE

Ved døra til Guds rike vil visst Jesus stå og snu om på køen. Nokre av dei fyrste skal verta dei siste. Andre enn dei som sjølv reknar med det, får plass på festen. 

For døra som ein dag skal stengjast, er ikkje døra inn til landet med ein bitteliten smule rettferdighet. Det er døra til landet med rein nåde. Landet me aldri kan forstå. For nåden er amazing.

Aldri får me gløyma det: Guds rike er nådens rike. Der er det plass til ein tollar i templet, men ikkje til ein sjølvrettferdig farisear. Der er det plass til fattige og vanføre og blinde og lamme, men ikkje til dei innbudte som takka nei til gjestebudet. Der er det plass til arbeidarane som kom til vingarden i 11.time og fekk full lønn. Til eit sundbrote og knust hjarta. Til ein bortkomen son på veg heim.  Til dei som opplever at livet revnar i saumane og ber Jesus bøta.  I Guds rike er det plass til alle som angrar og gjer opp for Gud og menneske.

Nå er døra open. For dei siste som skal verta dei første. For dei minste små som kjem til dåp. For oss som ikkje stiller med fanget fullt av skikkeleg, godt levd liv, men med anger og tru. For dei som ikkje finn ein einaste liten god grunn i seg sjølv, men alle grunnar i Jesus.  I korset og oppstandelsen.

Det kan me få syngja om nå.  For målet for meg og for gudstenestegruppa med preika i dag, er at me nå kan sitja og syngja oss til takk og glede over det me får vera ein del av og vera med på.  NoS 264 – I tro under himmelens skyer.

Arkiv alle preiker
Kor er du, Gud?
Tekstmeditasjon på kveldsbøn i temaserie om tidebøn. Jesaja 57,14-16
Kor er du, Gud?
Eg trur ikkje at Gud er lenger og lenger vekke dess vondare me har det. Han er nærast i smerten. I natta. Gud bur i det knuste hjarta.
LES MEIR Publisert: 23. November 2020
Intet er vårt, alt er ditt
23.sundag i treeiningstida 2020 - Markus 10,28-31
Intet er vårt, alt er ditt
Det er mest uverdig å snu blikket mot oss sjølv og spørja med snev av angst i brystet «Kva med oss?» Det relevante spørsmålet nå er «Kva med alt vårt?»
LES MEIR Publisert: 09. November 2020
Det beste i vente
Time kyrkje - Allehelgen 2020 - Matteus 5,1-12
Det beste i vente
Himmelsalmar og folketonar høyrer i hop i Norge. Det var slik folketonen fekk kraft og vart bevart for ettertida. Sang om himmelen i Norge er ofte mollstemt. Inderleg....
LES MEIR Publisert: 02. November 2020
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
9.sundag i treeiningstida 2020 - Rom.8,31-39
Guds kjærleik i det som var, er og kjem
Slik seier Paulus og heile den kristne kyrkja oss og vi, ikkje bare eg.  Og det vert betre liv av det.  Større rom for å erfara Guds grenselause kjærleik. Større fokus enn meg og mitt. 
LES MEIR Publisert: 03. August 2020
Skattar i himmelen eller på jorda
Time kyrkje 8.sundag i treeiningstida 2020. Matteus 6,19-24
Skattar i himmelen eller på jorda
Eg har levd i hop med atskillege menneske som ikkje hadde skatten sin i det materielle.  Nokre har eg fulgt til grava, og veit at det er menneske som gjorde djupt inntrykk. ...
LES MEIR Publisert: 27. Juli 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone