Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52

Kven er han?

Publisert 04. Januar 2021
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet vart det bare så mykje meir enn elles, i denne 12-åringen!

Eitt spørsmål står øverst. Alt heng på det:  Kven er Jesus?
Ei krubbe i Betlehem har eit svar me har sunge i jula.  Eit kors på Golgata har eit svar me er på veg mot til påske.  Og i dag gjev Lukas oss den einaste bibelforteljinga me har om Jesus sitt liv mellom krybba og korset, mellom baby og mann, mellom 0 og 30. Han er 12 år.   

Undring
Forteljinga er proppfull av undring.  Kven er Jesus?  Forteljinga er full av følelsar.  For spørsmålet om kven Jesus er, kan ikkje bare vera i tanke og intellekt.  Det gjeld ikkje bare hovudet vårt, men hjarta.  Og mage.  Og får følgjer for kva hender og føter og munn vil gjera og seia.

Forteljinga kjem på Kristi openberringsdag.  Til tanke og følelse opnar ho opp og avdekker litt meir om kven Betlehemsbabyen og Nasaretgutten er.  Og me får vera med i foreldre si undring, dei næraste, så me kjenner spørsmålet brenna: Kven er du, Jesus?

Skrekk og glede
Hendinga med 12-åringen i Jerusalem er alle foreldre sin skrekk: Ungen min har forsvunne! Ho er gode foreldre si glede: Ungen min veks og modnast til å stå på eigne bein, går fram i alder og visdom og er til glede for Gud og menneske. 
Foreldre midt mellom skrekk og glede når ungar vert sjølstendige og tek ut sine eigne veger.  Slik er det i denne bibelforteljinga. Slik er det i livet.  Slik er det med oss.  Slik var det i Jesus sin familie.

Bortsett frå enkelte ganske uvanlege ting. Når foreldre i dag fortviler over 12-åringar som går sine eigne vegar, så er det neppe fordi dei finn dei i gudshuset og i ferd med å imponera lærarane sine med modne spørsmål og svar!  Eller kva?

Maria
Men Maria, altså.  Mor. Ennå ung mor. Då ho må leggja seg ved sida av Josef og prøva å slå seg til ro med at Jesus sikkert var hos ein slektning eller nabo i det store reisefølgjet heim frå høgtida.  Kvelden kom med uro, morgonen med skrekk:  Jesus sin soveplass var tom.  Heimreisa vart avbroten.  Leitinga starta.

Me kan veldig godt forstå Maria si uro og kjenna klumpen i magen.  Me som denne veka har fått nyhetssendingane frå det ufattelege jordskredet i Gjerdrum tett på livet.  Alle vonde, urolege spørsmål etter dei som er sakna. Krevande leiteaksjon. Vonde svar. Svart sorg.  Eit skred av medfølelse frå ein heil nasjon. Leiting med klump i magen skjer akkurat nå.

For Maria: Kva kan skje med ein 12-åring midt i storbyen, midt i eit mylder av ukjende og tilreisande, med politisk okkupasjon og uro som ramme?  Kanskje overspente romerske vakter?  Kva kjenner ikkje ei mor av angst og sjølvbebreidelsar?  Korleis undrar ho seg ikkje når ho finn han i templet, i dialog med dei lærde, i ein underleg atmosfære der folk lurer på kven som nå lærer av kven.

Josef
Og Josef då? Far i andre sine auge. Det er mor som snakkar mildt bebreidande til sonen på 12, men det er far som får det verkeleg vanskelege i fleisen. Frå Maria sin son som han har teke så trufast til seg.  «Eg har ein annan far.  Eg må vera i hans hus.  Er det så vanskeleg å forstå?»

Ja, det er vanskeleg å forstå.  Kva skal Josef gjera med såra følelsar? Han visste at han ikkje var far. Nå får han høyra det også, og må vita at gutten har ein annan identitet enn å vera hans og Maria sin. «Visste de ikkje at eg må vera i huset åt far min?» Nei, dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

Å forstå?
Korleis kunne dei? Korleis kan me?
Maria og Josef forsto ikkje alltid kva Jesus meinte og kva det var med han. Det gjer strengt tatt ikkje me heller.  At han er heilt som oss og så heilt annleis og mykje meir enn oss.  At han er sann Gud og sant menneske i same person. Det sannaste me kan sjå og vita om Gud.  Det beste me kan kjenna til av mennesket slik det er på det finaste.  Eg kan ikkje sei at eg forstår det.

Med alt det gode vitet i gudstenestegruppa, kom me ikkje så veldig mykje lenger enn til å stilla spørsmåla då me samtalte om teksten:

Hadde Jesus det bare i seg, eller måtte han skaffa seg lærdommen sin slik som andre, med å lesa og lytta og spørja?

Kva tid forsto han kva som var hans unike kall?  Det er jo noko hos 12-åringen som gjev eit glimt av den enorme sjølvbevisst-heten til han som seinare sa han var lyset og vegen og sanninga og livet.

Spor i eit liv
Me kan tenkja oss noko langs vegen hans.  Han fekk trusopplæring heime.  Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor.  Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring.  Men i dette tilfellet vart det bare så mykje meir enn elles, i denne 12-åringen!

Og profetiane då? Lengsel i eit heilt folk etter ein lova frelsar.  Jesus må ha fått del i dei. Kjent dei.  Flytta dei inn i han?  Også det me har høyrt i dag om å vera forma frå mors liv til å vera Guds tenar, ikkje bare for folket han tilhøyrde, men eit lys for folkeslaga, like til jorda sine endar.

Det utrulege
Det er lov å undra seg og tenkja, men det er mykje me ikkje forstår og veit.  Det beste av det er heilt utruleg:  At Jesus er sann Gud og sant menneske.  Heilt som oss og heilt eitt med vår skapar og Far.  Dette har eg studert, forkynt og trudd gjennom mange år.  Eg har tenkt å fortsetja med det. I fjor på denne tida arbeidde eg mykje med kor truverdig det er, for å vera med i ein samtale om Jesus og Paulus på Garborgsenteret. For meg vart det bekrefta på nytt at Matteus og Markus og Lukas og Johannes og Peter og Paulus er samstemte nok, og vitnesbyrda deira er truverdige når dei skildrar kven Jesus var og er.  Det skulle bare mangla at ikkje dette også vart kyrkja sin veg og kyrkja si tru.

Men eg kan ikkje sei at eg forstår at Jesus heilt og fullt har Guds natur og heilt og fullt har vår.  Det er umuleg å forstå.  Og like umuleg å oversjå i det som er fortalt om Jesus.

For det er heilt umissande for livet!  For ei tru med berekraft. For å leva med himmel på jord og ha ein ekstra heim i Fars hus.
For denne trua fortel om Gud som identifiserer seg med oss.  Gud som kjenner menneskelivet frå innsida.  Gud som gjer seg til eitt med det fattige, allminnelege, sårbare livet. Det som gjer foreldre bekymra, forundra og stolte i ein salig, uforståeleg blanding. 

Frå gutt til mann
Heilt allminneleg og aldeles ualminneleg er Jesus.  Han som sugde til seg lærdom, som sette dei lærde i forundring og på plass, som løfta fram barna og viste at ungdom høyrer til i Guds hus, som elska fiendane sine, hang med dei utstøytte, talte makta midt imot, helbreda og dreiv ut vonde ånder, malte himmelriket med likningar og brakte Guds rike nær med gjerningar. Til slutt gjorde han opp for alle si skuld og beseira døden. Umuleg er det jo!  Og det beste er det jo!

I adventstida før jul delte eg sundagstankar og kveldstankar på nett.  I dei vart det fornya for meg kor stort og breitt Jesus sitt engasjement er, i alle deler av menneskelivet, og særleg hos dei som er midt i den fattigdommen han vart fødd inn i. Det fins ikkje noko som Jesus står framande for.  Det er ikkje noko han ikkje vil vera lys i mørke for.  Kven han er?  Han er frelsaren for deg!

Sendt med Guds kjærleik
Snart får me misjonsvindu om det.  Me som kyrkje er sendt, slik Jesus var.  Me som kyrkje krysser nye grenser, slik Jesus gjorde i heile livet og allereie då han var 12.  Me som veit at spørsmålet om kven Jesus er, er forpliktande.  Trua på Guds son og Maria sin son forpliktar til å gå med Guds kjærleik inn i alt som gjer sant menneskeliv vanskeleg.  Me som veit kva trusopplæring kan skapa, deler trua vidare.  For i kjernen står eit svar på det spørsmålet som står øverst.  Kven Jesus er.  Me veit kven me trur på!  Me gjev det vidare.

Arkiv alle preiker
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
Kor er du, Gud?
Tekstmeditasjon på kveldsbøn i temaserie om tidebøn. Jesaja 57,14-16
Kor er du, Gud?
Eg trur ikkje at Gud er lenger og lenger vekke dess vondare me har det. Han er nærast i smerten. I natta. Gud bur i det knuste hjarta.
LES MEIR Publisert: 23. November 2020
Intet er vårt, alt er ditt
23.sundag i treeiningstida 2020 - Markus 10,28-31
Intet er vårt, alt er ditt
Det er mest uverdig å snu blikket mot oss sjølv og spørja med snev av angst i brystet «Kva med oss?» Det relevante spørsmålet nå er «Kva med alt vårt?»
LES MEIR Publisert: 09. November 2020
Det beste i vente
Time kyrkje - Allehelgen 2020 - Matteus 5,1-12
Det beste i vente
Himmelsalmar og folketonar høyrer i hop i Norge. Det var slik folketonen fekk kraft og vart bevart for ettertida. Sang om himmelen i Norge er ofte mollstemt. Inderleg....
LES MEIR Publisert: 02. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone