Å leva er håp
Kveldsgudstenesteserie om håp 24.01.2021 - Johannes 9,1-7 + 35-38

Å leva er håp

Publisert 25. Januar 2021
Eit mønster i evangeliet. Håpet sitt mønster. Jesus sitt. Medmenneske sitt. Kva nå? Kva vil du gjera, Gud? Kva vil du eg skal gjera? Å leva er håp. Og Jesus og håpet er venner.

Å leva er håp.  Men nokre gonger kjennest det bare ikkje slik ut.  Me kan vera fødde til vilkår som virkar heilt umulege å endra på.  For ein som er fødd blind, er håpet om å sjå ikkje det første du har realistisk håp for.  Andre av oss har andre typar lukka dører i livet.

Men kanskje eit ope vindu? For å leva er håp.  Håpet er ei livsholdning.  Å venta noko nytt og betre.

I evangeliet er det Jesus som kjem med håp der håpet ser ut til å vera ute.  Og lite realistisk.

Mental bør
Først løftar han ei mental bør av han som er funksjonshemma.  Det er ikkje slik at han har gjort noko galt.  Eller foreldra hans.  Det er ikkje slik Gud er.  At han gjer forskjell på folk og belønner og straffar.  Det er godt for eit menneske å få eit sånt tankekjør fjerna.  Å sleppa å gå rundt og tenkja kva galt eg har gjort. 

Det neste Jesus gjer, er å sjå han inn i ansiktet og møta han personleg der han er. Så tek han spytt og leire og lagar ein deig som mannen fekk på augene sine.

Eit språk for håp
Kva var det?  Jau, var det ikkje eit språk mannen fekk håp av? Eit håp som var større enn det han våga å håpa.  Jesus tok på det aller vondaste og vanskelegaste i livet hans og smurde noko på auge som ikkje kunne sjå.  Han ga den blinde tru på at noko kunne skje.  Og så sende han mannen til ein plass der han kunne vaska seg rein. Eit håp å gå imot.

Evangeliet fortel at det nye håpet ikkje skuffa.  Det fødde til og med ei tru. Ei ny meining.

Denne forteljinga er gitt til alle som leitar etter håp i noko som er grådig vanskeleg å leva med.  Jesus og håp er gode venner!

Å vera medmenneske 
Forteljinga er også gitt til alle som er medmenneske når livet er tøft å leva.  Og nå kan me tenkja på oss sjølv som eit slikt medmenneske. Me får ei klar utfordring.

Ikkje gjer eit menneske og utfordringane hans eller hennar til eit diskusjonspunkt.  Ikkje lag omtale av det som skulle vera tiltale.  Slik som læresveinane til Jesus gjorde. Dei ga den blinde mannen noko han absolutt hadde lite bruk for.  Å havna midt i ein diskusjon om kvifor det vonde fins og kven som hadde gjort noko galt. Det er ikkje slik me skal følgja etter Jesus.

Å sjå framover
Jesus seier at det vonde treng ikkje koma frå ei synd. Det treng ikkje ha ein spesiell grunn eller årsak. Nokre treng ikkje ha gjort noko galt.  Han løftar av den børa. Og så fortel han at noko er rettare og betre å spørja om enn kvifor, og kva som ligg bak.  Me skal spørja etter kva som ligg framføre.  Kva kan skje nå?  Kva vil Gud gjera nå?  «No kan Guds gjerningar bli synlege på han», seier Jesus!  Å vera sjåande er å sjå framover.

Dette er eit mønster i evangeliet.  Det er håpet sitt mønster.  Jesus sitt mønster.  Medmenneske sitt.  Kva nå?  Kva vil du gjera, Gud?  Kva vil du eg skal gjera?  For å leva er håp.  Og Jesus og håpet er venner.

Arkiv alle preiker
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
Kven er han?
Kristi openberringsdag 2021 - Lukas 2,40-52
Kven er han?
Foreldre tok han med til religiøse høgtider. Slikt kan setja djupe spor. Foreldre som tek ungar med der det kan skje. Tommel opp for trusopplæring. Men i dette tilfellet...
LES MEIR Publisert: 04. Januar 2021
Lyset i mørkret
Juledag 2020 - Johannes 1,1-14
Lyset i mørkret
Spør me: Kvifor Gud? Kvifor grip du ikkje inn og ryddar opp i alt elendig og vondt? Jesu føderom svarar: Det er bare kjærleiken som kan gje varig endring og fred. Bare lyset som overvinn mørkret.
LES MEIR Publisert: 26. Desember 2020
Er det nå det skjer?
1.sundag i adventstida 2020 - Lukas 4,16-22
Er det nå det skjer?
Wow! Ein profeti realisert. Lengsler oppfylt. Nådeår frå Herren. Er det nå det skjer? Det me drøymer om og lengtar etter. Her? Med oss?
LES MEIR Publisert: 30. November 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone