Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19

Ny nåde, nytt kall, nytt liv

Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Publisert 12. April 2021
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av sitt gode skinn begge to.  Høpp i sjøen og endar som biskop i Rom.  Traskar Norge rundt og får eit land til å vakna for gudsordet si kraft og vanlege folk sine frigjorte ressursar. Verda har ikkje ramla saman, ho vaknar.

«Han er oppstanden!  Gå og fortel!»

Det må vera ei personleg forteljing om kva det betyr at Jesus lever og er midt i mine kvardagar.  I dag har eg tenkt å henta inspirasjon til denne personlege forteljinga frå 2 andre slike.  Frå disippelen og apostelen Peter i år 33.  Frå Hans Nielsen Hauge 25 år etter at han vart fødd i april 1771, for 250 år sidan.
3 forteljingar som kan få gje lys til kvarandre.  I 5 korte kapittel som startar med eit utsagn frå evangeliet, sagt av Peter eller til Peter.

Kapittel 1: «Eg vil ut og fiska»!

Ein noko forvirra og rådlaus Peter.  Verda har ramla saman. Ting er ikkje som før.  Noko av det kjente som ga meining og fotfeste, er vekke. Mesteren manglar.  Men Peter sitt fornektande svik då Jesus sto til doms er høyst til stede. Noko har gått i knas innvendig. Håp og visjonar er mangelvare. Verda har ramla saman for han og dei som er med han.
Men noko er intakt.  Personlegheten.  Leiaren som tek initiativet. «Eg vil ut og fiska!»  Det kan eg.  Det duger eg vel til. 

I åra før 1796 kjende også Hans Nielsen Hauge seg mislukka. Mobba. Engsteleg for helvete.  Rastlaust aktiv prøver han seg som lensmannsdreng, birøkter, hestehandlar og møbelsvenn.  Det siste året har han vore slaktarsvenn i Fredrikstad, havna blant dårlege venner, i drukkenskap og pengesløsing.  Han vert henta av foreldra, vekk frå livet som held på å ramla saman.  Heim til garden i Tune.  «Eg går og pløyer til våronna».  Det kan eg. Det duger eg i alle fall til.

Er mi forteljing også der? I å halda meg til det eg kan og får til.  Eit holdepunkt når ting raser i hop innvendig eller verda rundt meg ikkje er til å kjenna igjen i dette krevande pandemiåret. Det aktive, jordnære livet får koma før alt det eg ikkje kan og rår med i livet og verda. Heller muligheter med meining enn det som ikkje gjev.  Evangeliet denne dagen fortel at det er der Jesus møter oss. Og det me faktisk kan, kan han gjera større.  Han kan gje nytt innhald og bruka oss slik at det gjev håp og framtid for mange.

Kapittel 2:  «Det er Herren»

Peter kan mest ikkje tru det er sant.  Det liknar første gongen Jesus kom gåande langs stranda.  Orda hans hadde truffe hjarta og gitt fulle garn!  Kan det vera at Jesus på nytt grip tak i livet hans? Han slit med å fatta det, mens blikket flakkar frå garn stappfulle av fisk til ein ukjent sitt ansikt på stranda.  Peter får hjelp av ein god venn med dette.  Johannes ser og bekreftar det som Peter innerst inne ønskjer å tru.  «Det er Herren»!

Slik den oppkalte Johannes – Hans på Hauge – går og syng bak plogen 5.april 1796:  «Mig og hvad mitt er, jeg gjerne vil miste, Naar du alene i Sjælen maa bo».  Den gode vennen er ein salme.  Og naturen og arbeidet. April. Og eit overveldande møte med den oppstandne:  «Nu blev mitt Sind saa opløftet til Gud, at jeg ikke sansede mig, eller kan udsige hvad der foregik i nin Sjæl, thi jeg var udenfor mig selv…»  Hans Nielsen Hauge møter Gud og kallet sitt.  Livet vart ganske annleis.  Verda hadde ikkje ramla i hop.  Med Guds hjelp skulle han i høgaste grad få ho til å henga saman. Og verta ny og større.  For mange.

Eg likar å tenkja at det gjer ein forskjell å oppdaga at Jesus er der. At han kjem i ein ukjent.  I ein venn sine ord.  I ein salme. I eit fellesskap.  I eit dirrande øyeblikk med ånd og liv over kvardagen sine gjeremål.  Eg vil det skal vera mi forteljing.  Om livet som ikkje bare er som før, men meir enn før.  Ein overraskande fangst. Ein himmel over krevjande liv. Eit fellesskap på ein ny måte rundt eit bål som varmar.  For:

Kapittel 3: «Kom hit med fisken, og kom og få mat»

Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i trygge omgivelsar mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av sitt gode skinn begge to.  Høpp i sjøen og endar som biskop i Rom.  Traskar Norge rundt og får eit land til å vakna for gudsordet si kraft og vanlege folk sine frigjorte ressursar. Verda har ikkje ramla saman, ho vaknar. Den oppstandne innbyr: «Kom og få mat!»  Han har mat og bål som varmar for dei som kjem til han med arbeid og kvardag, liv og ressursar, og ei gryande oppdaging av at livet byd på så mykje meir når det er utført på Jesus sitt ord og lagt i hans hender.

Ja, eg vil gjerne det skal vera mi forteljing at det daglege brødet og arbeidet og plutselege under vert lagt i Jesus sine hender.  Og slik får alt dette vera til velsigning for verda og samfunnet.  Og eit vitnesbyrd om han som er livsens brød.

Simon Peter var på heimebane og var i det ein truverdig leder. Vekkelsen i Norge som fulgde Hauge sine fotspor har same grunn.  Ein av folket sine eigne forkynte trua og kallet sitt.  Dette var ikkje ein embetsmann som skodde seg på andre sin fattigdom og kunnskapsløyse.  Her var ein som såg folk, bygde relasjonar, delte raust av visjonar og kunnskap, og sette andre i stand både til å dela gudsordet og skapa arbeid som ga brød til folket.

Hans Nielsen Hauge var Norges første store folkevekkar.  På dei 8 åra frå 1796 til 1804, der han tråla landet rundt, vekte han ein interesse for liv med Gud og kristent fellesskap og eit framsynt engasjement for betre sosiale kår for vanlege småkårsfolk. Dette ga støtet til å forandra det norske samfunnet på mange måtar. Så mange at det i dag er mange og ulike miljø som mest kjempar om å vera dei som ber arven frå Hauge best vidare. Kven i Norge har som Hauge har klart å forena brennande engasjement for liv med Gud med eit like sterkt driv til å skapa eit betre daglegliv for folk flest? Han må ha lytta mykje, og det kan alle gjera: «Kom hit med det du har fått, og kom og få mat»

Kapittel 4: «Elskar du meg?»

Plutseleg er Jesus sin stemme der, ved bålet på stranda: ”Simon, son av Johannes, elskar du meg meir enn desse?” 

Peter hadde prøvd å finna litt varme rundt eit anna bål nokre dagar før, den mørke og kalde natta etter at føtene var vaska og han sto utanfor øverstepresten sitt hus mens Jesus vart forhøyrd.  Han fekk svidd seg skikkeleg.  Mesteren vart fornekta!  Forsøket på å berga sitt eige skinn etterlot eit sviande brannsår innvendig.  Svik.  Sviktande tru og mot.  På eit blunk fekk han det verste i seg sjølv rett i fleisen.  Eit nederlag så grusomt at det famnar i seg det meste av andre forteljingar som er våre: det gode me ville, men ikkje gjorde, dei dårlege valga, feige unnvikelsane og situasjonar der me bar stort ansvar for at relasjonar rauk og vennskap brast.

Simon, elskar du meg meir enn desse andre.”  3 gonger kjem spørsmålet, like mange gonger som Peter hadde fornekta.  Ja, Peter tykkjer det er leit!  Ja, Peter merkar at det gjer godt!  3 gonger får han sei eit ganske ydmykt ja i plassen for 3 gonger med nei.  Han forstår at han er elska på tross av sviket sitt.  Ut av sviket sitt. Han skal ikkje måtta bera det som ein vond klump i ei indre verd som har ramla i hop.  Der inne skal nåden bu!  Der inne i det innerste rommet har Jesus sin kjærleik funne plassen.

Me er mange i denne kyrkja som har det slik.  Det djupaste i vår forteljing er nåden.  At Jesus reiser opp til ny framtid, fri frå det som var.  Ja, at han reknar med oss og har tru på oss. Ny nåde, nytt kall, nytt liv. Det er godt å ha det slik!

Og nå kjem 5.kapittel.  Og då skal eg ikkje sei noko om Peter si store forteljing om det nye livet på veg ut med evangeliet i verda.  Men eg skal gjera det med eit glimt frå Hans Nielsen Hauge. Til inspirasjon og lyst til å bidra med vår forteljing. Frå han som sa og skreiv då han som bondeson og omflakkande vandrar vart nekta kjøpmannskap i Bergen:  ”Mitt kaldsbrev er at elske Gud og min Næste.”

Kapittel 5: «Fø lamma mine. Gjet sauene mine. Følg meg»

Å, ja han gjette sauer som ikkje ville ha slik ein gjetar.  Ein refsande stemme mot å sortera andre ut frå kva stand ein høyrde til.  Mot embetsveldet i kyrkje og samfunn som gjorde at folk flest ikkje fekk nok bibelopplæring og åndeleg fellesskap, eller kunnskap, opplæring og tilrettelegging for å koma ut av fattige bondekår.  Men for Hauge var ikkje refsen noko poeng i seg sjølv. Poenget var at lamma skulle få føde. Sauer som ikkje forsto seg på det, trong å gjetast. Hyrdingar som ikkje tillot det, skulle ikkje ha einerett på flokken.

Hauge ga føde til sauer og lam ved å utgje skrifter i 200.000 eksemplar til ei befolkning på 800.000.  Folk skulle få føde, anten dei var sveltefora på bibel og fellesskap, eller dei var fanga i tradisjonelle måtar å driva jordbruk på, eller var kua av embetsveldet, eller av mannsdominans.  Han slepte kvinner til som forkynnarar, og funksjonshemma i store og nye industritiltak.

Hans varige betydning i norsk kyrkjeliv er at han bana vegen for at det var alle kristne sitt ansvar å bringa trua vidare til andre, og gjera samfunnet til ein betre plass å leva. 

Omsorg for andre er Jesus sitt kall til oss alle.  Krafta i det er å følgja han. For han har ny nåde, nye kall og nye liv å gjera gjerninga si gjennom.  Fordi han elskar meg, og har gitt meg sjansen til å respondera.  Med det me kan, og med det me får.

Arkiv alle preiker
Verdien av å gje
8.sundag i treeiningstida 2021 - 2.Kor.8,9-15
Verdien av å gje
Den gode viljen ønskjer å vera prega av han som har vist oss kva det er å gje, og har auga for den minste som betrur seg sjølv og sitt til Gud.  Godviljen veit seg...
LES MEIR Publisert: 19. Juli 2021
Saman som kyrkje i heile verda
Pinsedag 2021 - Joh.14, 15-21
Saman som kyrkje i heile verda
Ting tok visst heilt av på pinsedag.  Men like rett er det å sei at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg...
LES MEIR Publisert: 25. Mai 2021
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone