Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35

Nytt bud

Publisert 26. April 2021
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.

Så veit me det, av det me nå har høyrt frå Mesteren:  Me skal elska kvarandre.  Ha kjærleik til kvarandre.  Det er meir enn eit kjekt lite tips om noko som kan lønna seg:  Det er eit bud.

Budet har ein målestokk, ei kraft:  Slik som Jesus har elska oss.  Og det å halda budet, å elska kvarandre, har eit resultat: Alle skal forstå at her er Jesus sine læresveinar og etterfølgjarar i sving. Seier Jesus…

Er kjærleik lett?
Kva seier me?  Eller rettare sagt: Kva praktiserer me? 

Er det gildt å elska?  Er det lett å ha kjærleik til den andre?  Når sjefen er urimeleg, kollegar sluntrar unna, ektefellen er lite heime, eller fortel meir om livet i heimen enn det som kjennest godt, ensomheten er utåleleg, smittevern gjer meg møkklei og vrien, lysten set egoet først og pengar og varer altfor høgt. Når graset virkar så grønt på den andre sida av gjerdet, og det varige må vika for det flyktige. Me har vorte så vande med å byta ut det me ikkje er heilt fornøgde med, så då ryk kan henda forholdet og truskapen også.  Kor vart det av det å elska kvarandre, utan å setja egoet først?  Å elska som Jesus?

Eit nytt bud, kallar Jesus det.  Dagen før han døyr.  Kvelden der bare det viktigaste kan seiast og gjerast.  Kvifor kallar han budet nytt? Gjev det meining?  Er ikkje budet om å elska kvarandre eigentleg eit svært gammalt bud?  Eit som fins i dei fleste kulturar til alle tider?

Det nye, eldgamle budet
Jau, slik er det.  ”De skal elska kvarandre” er eit gammalt bud.  Like gammalt som mennesket.  Ei uskreven lov.  Eit krav livet sjølv møter oss med.  I Bibelen møter me det på første side:  Mennesket er skapt i Guds bilde, til mann og kvinne, til å leva i fellesskap, ta vare på kvarandre, jorda og menneskeslekta si framtid.  På Bibelen sitt andre blad er det sagt at dei to skal danna ein ny ubryteleg enhet, dei to skal vera eitt.  Eit uttrykk for det eldgamle budet om å elska kvarandre.

Slik er budet, anten me skal praktisera det i ekteskap, heim, arbeid, organisasjonsliv eller kyrkjefellesskap.  Budet som Jesus gjev, er ikkje eit  anna krav enn det som me allerede kjenner så godt.  Det kravet  livet sjølv møter oss med.  Det som kjem til oss på vegen frå senga til badet til kjøkkenbordet til arbeid og fritid.  Budet er eldgammalt.  Det høyrer livet til.  Det har alltid vore der for dei som skal leva i relasjon til andre, slik relasjonar er meint å vera og best å vera i:  ”De skal elska kvarandre.”

Livet og skaparen sitt eldgamle bud. Og nå kom det i evangeliet for i dag.  Det gamle og kjente som vert nytt og forpliktande. For orda er knytta til han som seier dei.  Det er ord av Jesus.  Mesteren i det å elska.  Han som set det gamle budet inn i ein ny og avgjerande setting:  «Som eg har elska dykk, skal de …»

Forbilde i Jesus
Det gjer budet nytt.  Annleis.  Meir inspirerande.  Ein kjærleik som har større muligheter for å opna nye dører i oss.  Der Jesus er forbilde, eksempel og motivator.  For måten som han elska på, var veldig praktisk, konkret, på premissane til dei han møtte, heilt utan eigennytte og mat for egoet, utan betingelsar. Hjartelaget og handlingane talte same språk. 

Tenk på kvelden der han ga budet.  Han hadde akkurat teke møkkajobben.  Han hadde vaska 12 par sveitte og skitne mannebein.  Etterpå takka ein av dei 12 med å svika han. Judas går ut i natta, mens resten vil leva i det nye lyset Jesus nå har vist dei.

Kva tenkte disiplane då?  Dei forsto nok lite av det som snart skulle henda, dei såg slett ikkje den herlegdomen Jesus såg i at han skulle li og døy.  Dei forsto ennå ikkje den største og djupaste kjærleiken, at Jesus ga livet sitt til soning og berging for oss som er utruleg ustadige og smålege i vår kjærleik.

Dette forsto dei ikkje ennå.  Men dei hadde likevel sett nok til å ana at budet om å elska var nytt, fordi dei hadde sett korleis Jesus elska.  Fleire av dei var fiskarar.  Jesus hadde hjulpe dei med fangsten ein dag dei elles var utan livsgrunnlag til å koma heim til familien med.  Ein var tollar og forakta.  Han hadde Jesus sett og kalt til å fylgja han.  Ein av dei hadde ei sjuk svigermor.  Ho hadde Jesus teke seg av.  Alle hadde dei fått leva tett på Jesus i 3 år og sett at det ikkje fans grenser for kjærleiken hans.  Han ga av si tid og sin godhet til utstøtte og fornedra, men også til ensomme samfunnstoppar, til og med om dei høyrde til okkupasjonsmakta og heldt på med noko som ikkje var bra.  Det var eit slags kraftfelt av kjærleik rundt Jesus.  Alle slags folk var tiltrekte. Påverka. Sett i stand til å spreia vidare den kjærleiken dei var møtt med.  Plutseleg kunne dette sjås og erfarast.

Tru spreidd i kjærleik
Det er slik kristen tru vert spreidd vidare.  Fordi nokre bryr seg. Jesus sin kjærleik vert praktisert.  Det skal vera godt å veksa opp i min familie.  Det skal vera noko anna enn ensomt å verta gammal i min familie.  Det skal vera trygge nettverk i byen.  Det skal vera raushet for det som er uferdig hos ungdommar som veks til.  Det skal vera gjestfritt for framande og trufaste holdningar til venner. Orda om Jesus sin kjærleik skal plantast inn i nye generasjonar, og praktisert kjærleik skal vitna om han som elska oss først og høgast.

Ferskvare
Er det muleg?  Kan det faktisk skje?  Kanskje bare viss me kvar dag finn budet nytt.  At me lyttar til profeten om å snu blikket frå det som har vore, til det som er og som er i ferd med å koma.  «Sjå, eg skapar noko nytt.  No spirer det fram. Merker de det ikkje?»  Det er slik Gud er.  Han gjer noko nytt.  Han held oss ikkje fast i gamle sår og vonde hjulspor og mot som svikta ein gong.  Gud er Gud for dagen i dag.  Det nye skjer og spirer.  Det kjem tider etter korona.  Det kjem framtid og håp.  Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.

Alltid nytt bud.  Og nyast av det nye er å alltid vera elska.  «Som eg har elska dykk».  Heilt til korset gjekk Jesus for oss som alltid vil vera veike og halve i kjærleiken, og rett som det trør ut i ei natt me ikkje skulle gått ut i.
Elska likevel!

Det som merkast, er kjærleiken
Så: Han kan gje oss eit nytt bud, for han har gitt oss ein ny fred. 
Han kan sei at folk skal skjønna av kjærleiken at me er hans læresveinar. For folk veit jo kven me er, at vår eigen kapasitet til å elska er mildt sagt ustadig.  Men viss det er noko der som minner om at dette må me ha fått, dette må vera ein skatt i skrøpelege leirkar, dette må vera nokre som veit dei er høgt elska, dette må vera kjærleik inspirert av eit eineståande forbilde, å elska som han har elska?  Ja, då kan underet skje at Gud vert herleggjort gjennom han som fyller heilt vanlege, allminnelege folk, med noko som er av Jesus. «Vi rekker våre hender frem som tomme skåler. Kom til oss Gud og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv.»

«På kjærleiken skal alle skjøna at de er mine læresveinar.»  Så då skal ikkje kjærleiken kolna, då skal han ikkje sortera andre, då skal han ikkje drukna i noko gammalt som var eller drøyma seg langt vekk til noko som kan koma.  «Sjå, eg skapar noko nytt.  No spirer det fram. Merker de det ikkje?»  Og det som merkast, er kjærleiken.

Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone