Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35

Påsketid og opne auge

Publisert 03. Mai 2021
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna make. Byggja reir. Ein ny runde med liv og håp etter vinteren.

Eg kan vera håplaust lite oppmerksom.  Augene er opne, men dei ser liksom ikkje.  Ein haug med folk har helsa frå ein bil eller vinka frå andre sida av gata.  Null respons.  Mykje glir rett forbi.  Eg har ikkje opne auge.  Legg ikkje merke til.  Går glipp av fine og gilde ting, og får heilt sikkert andre til å kjenna seg lite sett.

Eg må på ein måte vera i posisjon for å sjå. På kanal. Noko med timing og rett tid kan opna auge.  Så då må eg laga meg timing og rett tid. Andre kan sikkert gå ut døra om morgonen og kjenna med heile seg at nå er det vår. «Eg ser, luktar, kjenner og er like lys og varm på innsida som det er ute i naturen når alt sprett.»

Vårdag på Jæren
Det kan skje med meg også. Men det kan like så mykje vera at eg må laga meg ein augeopnar.  Så kvar vår velger eg ut ein fin vårdag og set meg på sykkelen til ein lang tur over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Livet som skal i gang etter vinteren.  Spor av bonden si glede. Kjenna lukta.  Høyra lydane.  Intenst og sterkt møte med våren.  Hevdakjøring.  Lortalukt langs bakken og lerkesong i sky.  Pløying til måkaskrik. Horving til vipevarsling. Langs sjøen er det sådd, og tjelden spankulerar og kvitrar.  Eller forene er frest opp og klare til grønsaker og duk. Kassar med settepotet står på brun mold og storspojen trillar lyden sin i bleikgrøn myr rett ved.  Det er vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna make. Byggja reir. Ein ny runde med liv og håp etter vinteren.

Påsketid og opne auge
«No livnar det i lundar» og naturen og påsken sitt budskap bekreftar kvarandre. Auge opnar seg.  Det som såg dødt ut, begynnar å få liv.  Det som ingen kunne tru det var liv i, begynnar å livna til.  Slik Jesus sto opp av døde, står livet opp.  Og alt varslar at me ein dag skal stå opp. Og det treff i hjarta og skrotten.  Opne auge.  Både vår og påsketid og håp på innsida.

Me er sikkert mange som kan lura på kvifor augene våre ikkje er meir opne.  For det som Gud gjer.  I skaparverket han held oppe. I årstider si veksling. I livsfasar sin rikdom.  I teikn på Guds rike som breier seg. I å merka Guds Ånd sin stemme.  I å sjå Jesus.  Kjenna nærværet hans.

Det hjelper nok med det også når me set oss i posisjon.  Når me kjem i kyrkja.  Når me er med og planlegg og utfører.  Når musikken og salmen får treffa.  Når ikkje bare augene er opne, men hjarta er.

På vegen mot Emmaus
I dag har me høyrt ei eineståande forteljing om at Jesus kjem nettopp i kvardagen vår, og kva det er som gjer at augene våre vert opna, for det han gjer og seier, for den han er.  Påske inn i liv og kvardagar. Erfaring av at Jesus lever og er tett på.

Og nå kan du setja deg i ein posisjon der du snakkar med Jesus om dette, mens eg går inn i rollen til ein av dei me nettopp har høyrt om.  Ein meditasjon.  Ein bønnesamtale. Å setja seg i posisjon til å få opna augene.  Sjå Jesus.  Sjå meg sjølv klarare...

... Jesus, eg er ein av dei namnlause i Bibelen.  Ingen andre kjenner namnet mitt, bare du.  Der er nok mange som meg.  Ein som folk flest ikkje kjenner og veit namnet på, men som likevel har eit namn som er felles for mange: Disippel, elev, læresvein, lærling, ein som vil læra av deg og følgja deg.

Aldri kjem eg til å gløyma det som gjorde at det vart alvor av å følgja deg. Og glede!  Du veit jo godt kva som hende for lenge sidan, då eg og Kleopas gjekk frå Jerusalem ut mot Emmaus.  Me var så forvirra.  Visste ikkje kva me skulle tru, kva me skulle finna på.  Eg for min del var sjokka og sår inni meg for alt det fryktelege som hadde hendt.  Det var godt å snakka med Kleopas, for han hadde lettare for å finna ord å sei.  Du veit, eg er litt meir treg og lukka. Og då er det betre å vera to enn ein, når alt har stoppa og me ikkje veit kor vegen går.

Då du kom
Men best vart det då du kom. Det vart så mykje meir opne auge over det me snakka om då.  Eg har lurt mange gonger på kvifor du kom så stilt og bare gjekk der i hop med oss uten å seia kven du var.  Eg ser jo at det vart godt sånn.  Me fekk tid til å tøma oss for alt det me lurte på.  Me måtte fortelja på nytt og sei med ord kva som faktisk hadde hendt.  Ville du det skulle vera slik? At me måtte vera ærlege om sorg og spørsmål?  At det skulle vera eit stort, ope rom for å setja ord på erfaringane våre?  Og eit lyttande øyre?  Du sa jo ikkje så mykje.  Du var så lite synleg.  Eg måtte finna mine eigne ord. Var det derfor du spurde og lytta så lenge mens me gjekk?  Du gjorde deg mest litt treg og uforståande for å få meg på banen.

Eg lærte utruleg mykje om meg sjøl den dagen.  Og om deg.  Nokre gonger seinare har eg prøvd å vera som deg.  Du veit at der er mange som har lurt på om du lever og korleis det var å møta deg.  Då har eg ikkje bust på, overivrig, sånn som eg gjorde med apostlane den dagen.  I alle fall ikkje først. Eg har prøvt å vera venn og få dei sjøl til å fortelja om det som dei kjenner på.  For eg trur jo at me må tolka livet og trua kvar einaste ein av oss.

Å prøva ut ei tolking
Det var jo det du sette oss i gang med den dagen.  Når me fortalde – ja, det var jo Kleopas som snakka mest, då – men altså, når me måtte fortelja alt det som det virka som du ikkje hadde peiling på, då kunne me ikkje bare gjenfortelja.  Me måtte dela korleis me tolka det.  At du var profeten me hadde venta på.  At du skulle fria oss ut, slik Moses ein gong gjorde.  At det var umuleg for oss å forstå at du vart dømt og korsfesta.  At alt rasa i hop då.  På vegen til Emmaus gjekk du bare der med sida vår og fekk oss til å fortelja og prøva ut ei tolkning på det me hadde erfart.

Det stoppa jo opp for meg og Kleopas.  Men ikkje for deg. Det vart så nytt og overbevisande då du gjekk gjennom det som Moses og profetane skriv om Messias.  At Messias kom nettopp for å li og døy før han skulle verta herleggjort.  Det vart så innlysande at det var sånn Gud hadde planlagt det i lange tider.  Spes

ielt det som står i Jesaja 53 vart ein aha-oppdagelse.  Du bombarderte oss ikkje med ord, men du ga tankane våre eit sterkt møte med skriftene og med det som skjedde med deg.

Nytt lys over skriftene
Den dagen fekk eg ein ny respekt for dei hellige skriftene. Kor viktig det er når nokon kan leggja dei ut, forklara dei, setja dei inn i nye situasjonar og tider.  Eg har aldri møtt nokon som kan gjera det som deg.  Men eg har også kjent kor sant det er det som apostlane fortalde at du sa om Den Hellige Ånd:  At Han skal ta av ditt og forkynna for oss og visa oss heile sannheten.

Det har eg opplevd mange gonger.  Nokre gonger var det gode forkynnarar som gjorde deg og evangeliet levande.  Pinsedag var heilt spesiell, då Peter viste folk i Jerusalem akkurat det same som eg og Kleopas fekk opne auge for.  At korset og oppstandelsen er Gud si avgjerande frelseshandling. 

Og nå for ikkje lenge sidan fekk eg høyra Paulus og Barnabas som kom til Jerusalem etter misjonsreisa si til Lilleasia.  Det opna augene mine om det som Skrifta seier om evangeliet til alle andre folk enn oss jødar.  Eg har tenkt at det sikkert kjem til å vera sånn alltid:  At Den Hellige Ånd legg nytt lys over skriftene og brukar folk til å oppdaga nye sider av det som Gud vil sei oss etter kvart som tidene skiftar og nye ting hender. Guds ord er så rikt. Og du, Jesus, fortalde og la ut skriftene så inspirerande at eg veit nå kva alt byggjer på:  Din død og oppstandelse.

Når eg tenkjer tilbake til den gongen i hop med Kleopas, så brant jo hjertene i oss.  Me fekk tent eit nytt håp og ei ny tru.  Eg begynte i alle fall å ana og tenkja at du, Jesus, var Messias likevel. Ikkje på tross av korset, men faktisk på grunn av det.

Å få opne auge
Men ennå kjente eg deg ikkje.  Eg trudde du var frelsar, men kjende deg ikkje som levande Herre. Men heller ikkje der trengde du deg på. Eg trur ikkje eg huskar feil når eg seier at me måtte nøya deg til å vera med oss heim. Du var sikkert kjempeglad for å verta spurd med inn, men du ville at initiativet skulle vera vårt.  Så stor respekt du har for meg og sikkert for alle, Jesus.  Du vil at det er me som opnar augene.

Nokre lurer sikkert på kvifor du forsvant så fort me kjende deg, men det trur eg at eg forstår.   Du viste deg jo då me sat rundt bordet og du tok brødet og ba takkebønna.  Då vart augene mine opna.  Det var nok for meg. Det er jo det normale for alle. Me ser ikkje deg, men får tru at du er der når me deler brød og vin.  Det er nattverden som er gaven din.  Opne auge for deg. Det du har gjort. At du er hos oss og i oss. At me ein dag skal få sjå deg som du er.

Det normale for ein læresvein
Så takk, Jesus.  For det som du viste meg på vegen den dagen.  Det som er den normale måten å verta kjent med deg for alle?  At du kjem som ein medvandrar som møter oss akkurat der me er.  At ein samtale med deg og eit medmenneske ber i seg store muligheter.  At skriftutlegging og forkynning får hjarta til å brenna.  At du vert med inn når bønna ber deg inn.  Og at nattverdmåltidet gjer deg meir levande for oss enn noko anna. 

Eg får sjå deg nok, Jesus.  Nå er i grunnen det viktigaste å gjera deg kjent for andre.  Og då har det faktisk vorte mest om å gjera å læra av deg, å møta andre med same respekt og kjærlighet som du gjorde.  Og så har eg jo noko å visa til:  Kva Ordet seier og kva nattverden gjev del i!

Arkiv alle preiker
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
Eit bål for framtid
Bålpannegudsteneste Kristi forklaringsdag 2021 - 2.Mos.3,1-6
Eit bål for framtid
Plutseleg ein dag brenn det eit bål. I det triste livet. Ikkje i ei bålpanne, men i ein busk.  Og busken brenn ikkje opp slik som ved elles gjer.  Kva er dette?
LES MEIR Publisert: 08. Februar 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone