Verdien av å gje
8.sundag i treeiningstida 2021 - 2.Kor.8,9-15

Verdien av å gje

Publisert 19. Juli 2021
Den gode viljen ønskjer å vera prega av han som har vist oss kva det er å gje, og har auga for den minste som betrur seg sjølv og sitt til Gud.  Godviljen veit seg sett, elska og forfordelt av ein nåde som gjer det til ei glede å vera raus sjølv.

Ein frigjeringshelt
Det står ein frigjeringshelt i ørkensand i første halvdelen av 1200-talet før Kristus.  Han har motivert folket til å koma med frivillige gavar. Prosjektet er å få bygd ein transportabel helligdom på vegen til det lova landet.  Responsen er overveldande.  Folket vil gje meir enn nok. Han må heva røysta og ropa stopp.  Nok nå! (2.Mos.36,2-7)

Ein apostel
Det sit ein apostel i Makedonia, kanskje i Filippi, i år 56 etter Kristus.  Han skriv brev til kyrkjelyden i storbyen Korint lenger sør. Han har ikkje tenkt å heva røysta og ropa stopp.  Innsamlinga til den fattige morkyrkja i Jerusalem treng å fullførast.  Verdien av å gje skal ikkje stoppa opp. 

Heller ikkje i dag.  I vår kyrkjelyd. I vår verdensvide kyrkje er mange fattige og hjelpetrengande.  Men før me lyttar oss inn mot det Paulus har på hjarta om slikt, må me følgja han der han startar.  Med å minna om nåden.  Jesus sin nåde.  Den som gjer alle oss fattige rike, fordi han som var rik, gav avkall. Han vart fattig for å gjera oss rike.  Apostelen får oss til å sjå mot frelsaren.  Han som me fekk eit lite glimt av i evangeliet. (Mark.12,38-44)

Ein frelsar og ei fattig enke
For det er altså ein frelsar som sit i den store tempelhelligdommen i Jerusalem i det lova landet i år 33.  Han sit og ser ei fattig enke koma lutande med seine steg til kista der gavane til templet vert lagd. Han ser henne famla med hånda innforbi den svarte og slitne drakta. Ho finn fram to småmyntar, slike som ungar kan få til å leika med og som dei rike ikkje gidd å bøya seg ned for å plukka opp, om dei skulle missa dei i støvet. Kvinna tviheld desse to småmyntane i hånda sin, som om det er sitt eige liv ho held. Så stikk ho hånda inn i åpningen og let dei to småmyntane ramla ned i tempelkista sitt mørke rom.

Jesus ser alt dette skje. Men han ser også denne kvinna sitt indre. Han ser at det ho gjer, er noko meir enn å gje vekk to småmyntar.
Ho gjev seg sjølv!
Ho betrur heile sitt fattige liv, med heile sorga og alle bekymringar, med alle tårer og ensomhet til himmelen sin høge Gud.

Det er då Jesus vender seg mot disiplane sine.  Han ropar eit stopp opp.  Ein time-out. Han vil dela noko som andre overser. Noko som ikkje får smyga seg forbi hans kjærlege blikk.  Ei holdning til det å gje.  Verdien av ein gave.  Ein måte å leva på:

«Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho ga av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»
Slik ser han henne.
Ho kan nok vera fattig og er det.
Men i hans verd er ho rik.
Ho er eit menneske som har betrudd seg sjølv til nådens Gud.

Å gje seg sjølv
Skal me tru at Jesus der og då gjenkjenner noko som berører han sterkt? For når han sit ved tempelkista og får auga på ho som gjev frå seg alt, då er han i Jerusalem for siste gong. Timen hans er komen. 3 år der han brakte Guds rike nær, er snart forbi. Han visste kva som venta. Han skulle sjølv verta uendeleg fattig. Folket hans skulle forkasta han. Vennene skulle flykta, svika og fornekta. Kleda skulle rivast av. Huda skulle rivast opp av pisk og tornekrone. Hender og føter skulle naglast til eit kors. Ingen kunne berga han. Ingen ville forstå. 

Bare han visste at ofringane i templet frå nå av skal erstattast av det han nå gjer når han gjev seg sjølv til soning og forsoning.  Og alle me andre er sett frie til å gje i takk, ikkje for å oppnå.

3 bibeltekstar i dag.  Om verdien i ein gave.  Den største verdien som heiter nåde, og er Gud sin frie gave, gitt i kjærleik.  Og så den gode verdien som heiter takk.  Å betru seg sjølv til nådens Gud.  Å ha auga for ein gave til noko som er større enn oss sjølv.

Godvilje
Då vil eg dela det som trefte meg spesielt i dette året sin preiketekst. Måten Paulus løftar fram den gode viljen.  Ros til korintarane for at dei la godviljen til. Villige til arbeid.  Villige til å gå i gang. Formaning til å vera villige til å fullføra.  Visjon av kva som skjer når den gode viljen er til stades.

Sant å sei vart eg glad og varm av å tenkja på den kyrkjelyden eg er så heldig å få ha tenesten min i.  Så mykje god vilje her i kyrkja.  Så mykje glede i å gje og tena.  Så mykje verdisett som er prega av bibelordet, av denne sundagen sine tekstar.

Her er ei lita liste om den gode viljen, om verdien av ein gave som ber den gode viljen i seg.  Me får tenkja: eit Paulusbrev til Bryne!

Første punkt:  Den gode viljen er raus og nådig.
Han kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde. Er prega av det som Jesus var villig til å gje. Han er godt innforbi rausheten og nåden sin sirkel.  Ikkje på utsida. Godviljen ønskjer å vera prega av han som har vist oss kva det er å gje, og har auga for den minste som betrur seg sjølv og sitt til Gud.  Den gode viljen veit seg sett og elska og forfordelt av ein nåde som gjer det til ei glede å vera raus sjølv.

Andre punkt:  Den gode viljen er realistisk
Han gjev etter evne. Han har auga for det ein har, og ser ikkje etter det ein ikkje har.  Seier Paulus.  Og legg til at den gode viljen skal verdsetjast deretter.  For realismen som held seg til å gje etter evne.

Tredje punkt:  Den gode viljen er idealistisk
Han ser fellesskapet sine behov.  Han er prega av verdien om at alle skal få dekka sine grunnleggjande behov. Ja, Paulus held fram noko som utfordrar oss til å tenkja at likhet er eit kristent ideal.  Det er faktisk ikkje meininga at nokon skal ha det trongt og andre halda på overfloda si. Orda «mangel» og «overflod» om det materielle har ein negativ klang i Paulus sin etikk.  Han seier det rett ut. «Det skal vera likt.»  Så stor er verdien av å gje.  Godviljen sin idealisme veg opp det som arvesynda sin grådighet vil halda igjen på.

Fjerde punkt:  Den gode viljen er uthaldande
Han fullfører det påbegynte.  Han er seigare enn raske nyttårsløfte og uforpliktande ønskje.  Kanskje me skal sei i dag at han orkar å gå i gang etter ein pandemi.  I eit samfunn som har beskytta og gitt store verdiar til borgarane sine og ei kyrkje som har avstått frå det livsviktige fellesskapet, opnar det seg noko nytt nå.  Den gode viljen vil i gang igjen.  Gje til fellesskapet.  Byggja fellesskapet.  Fullføra og bera visjonen om den opne famns kyrkje.  Vera gjevarar i dette.  Uthaldande slik godviljen er.

Femte punkt:  Den gode viljen er glad
For det er Gud som gjev, og me som deler.  Den gode viljen har ei glede i å gje og tena.  Full av takk for alt me har fått.  Opne auge for det som trengs her i kyrkje og by, og i det store fellesskapet som Gud si kyrkje utgjer på jord.  Det er heilt sant det Paulus seier i brynebrevet sitt:  «Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som er i naud.»  I godvilje er det ei glede.  Eit privilegium å få gje.  Ein verdighet.

Det vart 5 punkt om godviljen, frå Paulus til oss.  Godviljen som aukar verdien av å gje.  For han er raus, realistisk, idealistisk, uthaldande og glad.  Å betru seg til Gud med den me er og det me har av evner og krefter, innsats, tid og pengar.  Glade gjevarar som kjenner Guds nåde og syng seg inn i dette livet mange gonger denne sundagen.  Syng det ut, syng det inn, etter at me nå har reist oss og vedkjent vår heilage tru.

Arkiv alle preiker
Saman som kyrkje i heile verda
Pinsedag 2021 - Joh.14, 15-21
Saman som kyrkje i heile verda
Ting tok visst heilt av på pinsedag.  Men like rett er det å sei at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg...
LES MEIR Publisert: 25. Mai 2021
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone