Eg gjorde ei veldig fascinerande oppdaging ein laurdag med gudstenesteseminar og ein sundag om Lukasevangeliet. Det blei ein elektrisk måndag på heimekontoret!
Eg vart ganske overraska då eg fann ut at Lukasevangeliet sitt særstoff har mykje som eg kan kjenna igjen frå vanleg gudstenestefeiring i kristne kyrkjer. At gudstenesteliv og evangeliet dirrar med same nerve.
Eg hadde ikkje tenkt det. Eg hadde tenkt at Lukas var karismatikaren som var ganske enkel på liturgi og fortalde om dei første kristne som braut brødet, delte ordet og ba fritt så hus rista. Eg hadde tenkt at Lukas helst fortalde om diakoni og hjelp til utstøtte i kvardagen og mindre om innhald i gudsteneste.
Og så er det faktisk slik at den gudstenesta den kristne kyrkja held seg med, er Lukasinspirert. Det kan jo bety at Lukas har tenkt at det i stor grad er gudstenestefeiring som står for evangeliet si kraft idag! Og plutseleg er gapet mellom helg og kvardag, gudsteneste og diakoni lite. Gudsteneste er ikkje bare ein liturgi, men ein måte å leva på kvar dag.
De er visst slik at både gudstenesta og Lukasevangeliet si meining kjem klarare i dagen ved å lesa dei synkront! Vil du lesa meir om dette, finn du heile preika i lenka under...
|
|
|
|
|
Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.
Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.
- Stein Ødegård
- DEN OPNE FAMNS KYRKJE
© Brynekyrkja