Guds forundringspakkar lag på lagEnglekapellet i Betlehem
Kva med jul i Brynekyrkja?

Guds forundringspakkar lag på lag

Publisert 04. Desember 2013
Ære vere den som tek imot Guds forundringspakke og gjev sine barn den beste gaven dei kan få: ubetinga kjærleik. Guds veg til fred på jord! La oss gå like til Betlehem og få og læra...

Er det ikkje rart at dei har slik drag på oss, desse forundringspakkane?
Nå ligg dei på lur i adventskalender, gøymt i kott og skap – eller ennå på ei handle- eller gjereliste. 
Til den store dagen under juletreet. Forundringspakkane triggar.

Jula er full av forundringspakkar! I Brynekyrkja vert dei opna lag for lag.  Konsertar før jul. Folkevandring til kyrkja på julafta. Lovsang og mysterium med musikk og song på høgt nivå første juledag.  Og særleg i år: Asbjørn Arntsen sin store julemusikal som eg og mange gler oss veldig til den tredje adventshelga: «La oss gå like til Betlehem…»  Kor, musikarar, sangarar og aktørar i felleskyrkjeleg løft.  Det skal  verta litt av ein forundringspakke for mange på Bryne.

Og i alt dette kan forundringspakkane frå Gud sjølv bli opna, lag for lag…  


Forundringspakke nr.1:
Himmelens Gud grip inn i verda sin gang ved å koma til oss som eit lite barn.

I den grad me menneske ropar på Gud, vil me nå helst ha mektige inngrep som ryddar i rot og skaffar fred på jord.  Det ligg utanfor vår fatteevne å ønskja oss ein Gud som stig ned og vedkjenner seg det sårbare livet me lever. Men det klaraste bildet me får sjå av Gud, er som det sårbare barnet som lever opp på andres kjærleik og som til slutt let seg såra til døde for oss på eit kors.  Så nær er Gud!  Så viktig var det å gjera heilt det me har slite sund!  Så høgt er me elska!  ”I dag er det fødd dykk ein frelsar…”  Forundringspakke nr.1.
 

Forundringspakke nr.2:
Verda og livet har vorte litt annleis enn elles.  Ein Gud nær livet set spor. 

Slik har det vore frå dei første som fekk del i dette.  Josef for eksempel.  Mann med såra stolthet og knuste forhåpningar.  Kva skal han gjera medan Maria sin mage på uforklarleg vis veks?  Skal han styrast av skam og sinne?  Skal han lytta til draumen om at dette er Guds forundringspakke?  Ja, det skal han – og det gjer han!  Med tillit og trufast ansvar vekker han Maria sin kjærleik og beskyttar barnet som sitt eige.  På tvers av folkemeining, mannsideal og religiøse forskrifter. Han er ikkje den einaste.  Ære vere den som tek imot Guds forundringspakke og gjev sine barn den beste gaven dei kan få:  ubetinga kjærleik.  Guds veg til fred på jord!


Forundringspakke nr.3:
Den som leitar, han skal finna”. 

Anten ein er gjetar på jobb nær ved, eller vismenn på reise frå det fjerne, eller slike som har alt og det er alt dei har.  ”Lat oss gå til Betlehem og sjå dette som har hendt…!” 

Kva med kyrkjebesøk i jula?  Om kyrkja er skrøpeleg og mangellappane nokså åpenbare, så er velkomstvarmen likevel stor frå oss som ønskjer at konsertar og gudstenester skal opna vegen inn til det store underet og mysteriet.  Velkommen!  Det var vel ikkje så storveis i stallen heller, men det var der det heile var å finna.  ”Alt var så som det var sagt dei!

Gje Gud di bønn og kom og sjå.  Ingen kan garantera opplevingar, me er så forskjellige.  Men det står noko om at Gud er rik nok for alle.  Den som leitar, han skal finna.  La oss gå like til Betlehem!

 

 

Arkiv alle preiker
Saman som kyrkje i heile verda
Pinsedag 2021 - Joh.14, 15-21
Saman som kyrkje i heile verda
Ting tok visst heilt av på pinsedag.  Men like rett er det å sei at det tok av i ein retning som utan forskjell er god og meiningsfull også for dei som kan spara seg...
LES MEIR Publisert: 25. Mai 2021
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone