Døypt til liv på lang sikt
Matteus 3,13-17 Jesu dåp og vår dåp...

Døypt til liv på lang sikt

Av: Stein Ødegård
Publisert 12. Januar 2014
For me sit alle med det store ansvaret i livet å unngå å betala kortsiktig suksess med langsiktig trøbbel. Dei beste valga me gjer, er ofte dei langsiktige. Slik ser eg Jesus ved Jordanelva. Han går for langsiktig seier og betalar med kortsiktig fornedring.

Matteus 3,13- 17: Jesus blir døypt
Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» 

2 ansikt møter kvarandre.  Det eine er forskrekka, det andre er fast og bestemt.  Johannes og Jesus står overfor kvarandre ved Jordanelva.

Johannes døyper folk som vil venda om og starta eit nytt liv.  Han døyper syndarar som vil gjera retningsforandring og venda seg til Gud.  Mange vil.  Dei kjem. Dei vert døypte, dukka under i Jordanelva og stig opp for å leva eit nytt liv. Men så kjem Jesus. Då får Johannes sjokk.  Han nektar.  Dåpen hans er for syndarar, ikkje for syndfrie.  Jesus passar ikkje inn.

Ansikta fortset å sjå inn i kvarandre.  Johannes forskrekka.  Jesus fast og bestemt. Johannes ser ein kortsiktig katastrofe og nektar å døypa feil mann.  Jesus ser langsiktig seier.  Han er rett mann til å gjera noko som bare han kan, for alle mann.  2 blikk står og bryt mot kvarandre.  Kven bøyer av?  Kva skjer nå?  Vert det katastrofe eller seier av dette?  Kven ser konsekvensane på kort sikt?  Kven ser dei på lang?

Slik har me alle stått ansikt til ansikt med eit valg i livet?  Kva inneber valget på kort sikt og på lang?  Dei som har levd ei stund har vel funne ut dette:
Dei beste valga me gjer, er ofte dei langsiktige.
Dei dårlegaste valga me gjer, er ofte dei kortsiktige.

Satsar me på noko som varer, får me gjerne noko som varer.
Satsar me helst på øyeblikket og det som er gildt akkurat nå, så kan det som er godt på lang sikt, gli ut av hendene våre. Kortvarig suksess kan lett verta langsiktig trøbbel.

Heile preika kan lesast i lenka under.  Ho blir avslutta slik...

Kvar gong de er i kyrkja, og særleg når det er dåp, må de gjerne fylla synet med den eine delen av glasmaleriet i Brynekyrkja. Kanskje ser og anar me samanhengen mellom Jesu dåp og vår dåp.  Vatnet som strøymer som ei elv frå barnet sitt hovud heilt ned.  Dua som dalar heilt oppe.  Barnet som har funne eit fang å høyra til i.  Elska av Far i himmelen – og foreldra sine!

Og dette er ikkje kortvarige greier!  Dette gjev ikkje langsiktig trøbbel!  Å vera døypt er å vera døypt til livet!  Det som er evig.

Slik gjer foreldre langsiktig gode valg for dei som dei er så glad i.  Slik får me alle hjelp til å unngå for mykje kortsiktig trøbbel.  For me er døypte til eit liv med langsiktig mål.  Eit liv med seier.  Eit liv med Jesus.

Relaterte dokumenter
Arkiv alle preiker
Påsketid og opne auge
Bryne kyrkje 02.05.2021 - Lukas 24, 13-35
Påsketid og opne auge
Vårdag på sykkel over Jæren. Så eg får sjå på nært hold.  Opna augene for det som føregår. Spor av bonden si glede. Vår. Lam vaklar ut på gras. Det skal sås.  Finna...
LES MEIR Publisert: 03. Mai 2021
Nytt bud
4.sundag i påsketida 2021 - Joh.13,30-35
Nytt bud
Det nyttar å elska, for det vil alltid vera nytt å elska.  Ferskvare.  Gitt av Gud og delt med andre. I eit nytt nå.
LES MEIR Publisert: 26. April 2021
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
2.sundag i påsketida 2021 - Johannes 21, 1-19
Ny nåde, nytt kall, nytt liv
Til inspirasjon 250 år etter Hans Nielsen Hauge
Fiskaren Peter og bondesonen Hans erfarer begge at Jesus viser seg for dei i slitne dagar og trygge rammar, mens dei gjer det arbeidet dei kan.  Derifrå går dei ut av...
LES MEIR Publisert: 12. April 2021
Eit hjarta som flyt over
Maria bodskapsdag 2021 - Lukas 1,46-55
Eit hjarta som flyt over
Det flyt over for Maria. Ho takkar. Syng. Lovsyng Gud. Korleis kunne ho vita at sangen blei den mest berømte og brukte av alle sangar i verda?
LES MEIR Publisert: 22. Mars 2021
Mykje tilgitt - stor kjærleik
2.sundag i fastetida 2021. Tekstar: 1.Mos.3,8-15 og Luk.7,36-50
Mykje tilgitt - stor kjærleik
Då festen var over, hadde farisearen Simon fått noko å tenkja på. Om alle laga han var kledd i, hadde begynt å nærma seg ein rustning? Om det var for lang veg inn til hjarta?
LES MEIR Publisert: 01. Mars 2021
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone